Organisasjonen av Ukrainske Nasjonalistar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Organisasjonen av Ukrainske Nasjonalistar OUN (Організація Українських Націоналістів) var ei ukrainsk politisk rørsle skipa i Polen i mellomkrigstida. OUN godtok vald som politisk reiskap mot utanlandske og innanlandske motstandarar. I 1942 vart det òg skipa ei militær grein av rørsla, kalla UPA.

OUN sitt erklærte mål var å skipe ein nasjonalstat på etnisk ukrainsk område. Dette skulle skje ved ein nasjonal revolusjon leidd av eit diktatur. Dei gjekk imot demokrati, mangel på disiplin og mjuk linje overfor fiendar, og bygde på tankane til Dmytro Dontsov, som gjekk inn for ein “nasjonalisme med handling”, det vil seie vald. Idéane var mykje godt dei same som i andre fascistiske rørsler i Aust-Europa, som til dømes Ustasja i Kroatia. Jødane vart sedde som “dei mest trufaste støttespelarane til bolsjevikregimet og fortroppen for moskovittisk imperialisme i Ukraina”. Dei gjekk òg til massedrap på den polske befolkninga i dei områda OUN såg som ukrainske.

Etter krigen heldt OUN fram blant ukrainarar i utlandet. Sidan 1991, da kommunismen fall og Ukraina vart sjølvstendig, starta dei aktivitetane sine i Ukraina att, no som Kongressen av Ukrainske Nasjonalistar (KUN). KUN er med i Vårt Ukraina-blokka, leidd av president Viktor Jusjtsjenko.

Kjelde: Den engelskspråklege wikipediaen.