Palermo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Palermo
Palermo panorama.JPG
Plassering
Palermo is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sicilia
Palermo
Grunnlagd 700-talet fvt.
Borgarmeister Diego Cammarata
Geografi
Flatevidd
 - By

158 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

675 501
  4275/km²
Koordinatar 38°7′″N 13°22′″EKoordinatar: 38°7′″N 13°22′″E
Høgd over havet 1 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 90100
Telefon-retningsnummer 0 91
Nettstad: www.comune.palermo.it

Palermo er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Palermo og på heile Sicilia og har om lag 675 000 innbyggjarar.

Palermo vert generelt rekna for å vere ein av dei mest erobra byane i verda.

Palermo har eit fotballag, US Città di Palermo, som spelar i Serie A.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd av fønikarane700-talet fvt. rundt ei naturleg hamn på nordvestkysten av Sicilia. Det fønikiske namnet på byen kan ha vore Zîz, men grekarane kalla han Panormus. Byen var derimot aldri ein del av dei greske bystatane, men seinare ein del av det gresktalande Austromarriket.

Palermo var fønikisk heilt til den første punarkrigen i (264-241 f.Kr.), då Sicilia vart erobra av romarane. Perioden under romarane var forholdsvis roleg for byen, som då låg i provinsen som hadde Siracusa som hovudsete. Då Romarriket vart delt kom Sicilia og Palermo under Austromarriket.

Domkyrkja i Palermo

800-talet vart Sicilia delt inn i to prefektur av austromarane. Dei to prefektane gjekk i krig mot kvarandre, og Euphimius, vinnaren, drøymde om å samle Romarriket att. Han mangla derimot ein hær og bad dei arabiske aghlabidane frå Nord-Afrika om hjelp. Ei veke etter arabarane kom til Palermo i 827 døydde Euphimius på mystisk vis og og arabarane ville ikkje forlate øya. I 878 var heile Sicilia, bortsett frå eit par austromerske enklavar nær Taormina, kontrollert av sarasenarane (maurarar). I 905 erobra dei desse òg. Dei arabiske herskarane flytta hovudstaden på Sicilia til Palermo der han har vore sidan.

I den muslimske tida var Palermo ein viktig handelsby og eit kulturelt senter. Det skal ha vore meir enn 300 moskear der, og byen var kjend i hele den arabiske verda. Det var ei blømande og tolerant tid, og kristne og jødar vart ikkje forfylgde.

I 1060 erobra normannarane det muslimske emiratet Sicilia og tok Palermo den 10. januar 1072, og heile øya i 1091. Resultatet vart ei blanding av normannisk og arabisk kultur som skapte ei unik arkitekturblanding ein enno kan sjå spor etter, som til dømes Pfalzkapellet, kyrkja San Giovanni degli Eremiti og Zisa.

I 1194 kom Sicila under Det tysk-romerske riket. Palermo vart den faste byen til keisar Fredrik II. Etter ein periode under Angevin sitt styre (1266-1282) kom Sicilia inn under huset Aragon og seinare, i 1479, kongedømet Spania.

Samanslåinga av Sicilia (1734) med det Bourbon-styrte kongedømet Napoli til kongedømet Begge Siciliar var eit stort slag for eliten i Palermo, sidan byen vart redusert til ein provinsby då kongen residerte i Napoli. Palermo gjorde opprør i 1848 og haldt ut mot den napolitanske krona til mai 1849.

Den italienske Risorgimento og annekteringa til kongedømet Italia i 1860 gav Palermo ein ny sjanse. Han vart igjen det admimistrative senteret på Sicilia og det oppstod ein viss økonomisk og industriell utvikling. I løpet av den andre halvdelen av 1800-talet voks Palermo utanfor dei historiske bygrensene, særleg mot Via della Libertá. Monumentale offentlege bygg vart reist og ei ny hovudgate kalla Via Roma, vart lagt gjennom den tettbygde gamlebyen. Byen var eit senter for Art Nouveau-stilen i Italia.

Palermo kom nesten frå fascistperioden utan skadar, men under dei allierte sin invasjon av Sicilia i juli 1943 vart han kraftig øydelagd.

Palermo vart enno meir viktig etter krigen då Sicilia i 1947 vart ein autonom region med utvida sjølvstyre. Alle utbetringar vart derimot hindra av den aukande makta til mafiaen , som er ein del av byen og heile Sør-Italia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Palermo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]