Parafin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tankbil med parafin.

Parafin er ei fargelaus brennbar væske som vert utgjort av hydrokarbon. Parafin kan utvinnast frå råolje. Parafin har kokepunkt frå om lag 150 °C til om lag 250 °C. Parafin har ein tettleik (eigenvekt) på kring 0,80 kg/l. Kjemisk vert parafin utgjort av hydrokarbon med mellom 12 og 15 karbonatom.

Parafin vart fyrst funne fram til av den tyske forskaren Carl Reichenbach.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1950 var parafin viktig som drivstof for parafinmotorar. Parafin vert òg nytta som drivstoff for jetmotorar, då under namn som "Jet A1", «JP-4», «JP-8», «F34», «F35», osv. Raffinert parafin har òg vorte nytta som rakettdrivstoff, under namnet RP-1.

I tida før ein fekk elektrisitet var parafinlamper i bruk over heile verda. Desse gjev eit skarpt klårt ljos, som er mykje kraftigare enn frå talgljos og er difor mykje betre enn talgljos, både som leseljos og til anna arbeid. Innføringa av parafinlampa vart sett på som eit stort framsteg.

Parafin er òg mykje nytta til oppvarming, særleg av bustadhus. På grunn av forureininga frå oljefyrar vert oppvarming med parafin sett på som eit miljøproblem. Parafin vert òg i nokon grad nytta til koking innan matlaging. I mange utviklingsland vert det nytta parafin som ikkje er så mykje raffinert, som kan innehalda stoff som elles vert fjerna.

Parafin kan nyttast til å fjerna lus frå hår, men ein bør ikkje få parafin på huda.

Ulike namn i ulike land og språk[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]