Pascal Dusapin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pascal Dusapin (fødd 29. mai 1955) er ein komponist fødd i Nancy i Frankrike. Han er ein av dei best kjende nålevande komponistane frå Frankrike, og verka hans blir oppførte verda over.[1]

Etter forslag frå Franco Donatoni deltok Dusapin på seminar med Iannis Xenakis frå 1974 til 1978.[1] Begge desse komponistane var tydelege inspirasjonskjelder for dei tidlege verka, men snart utvikla han ein eigen stil basert på mikrotonalitet og overlapping av fleire atonale linjer. Dusapin gjer i somme verk òg bruk av arkaisk-klingande skalaer basert på fire tonar innanfor ein perfekt kvint, for eksempel A - B - D- E eller C - D - F - G.[2] I desse skalaene unngår han dur- eller mollkjensle ved å ikkje bruka tersen (derimot oppstår det ofte eit terssprang mellom tonane ovanfor og nedanfor). Melodiane til Dusapin hentar sjølv i instrumentale verk inspirasjon frå menneskestemma[2], og derfor finst det (spesielt i den tidlege perioden) fleire verk for blåseinstrument og strykeinstrument enn for til dømes piano.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Verk for soloinstrument
    • Inside, for bratsj (1980)
    • Incisa, for cello (1982)
    • If, for klarinett (1984)
    • Item, for cello (1985)
    • Itou, for bassklarinett (1985)
    • Ici, for fløyte (1986)
    • Iti, for fiolin (1987)
    • Indeed, for trombone (1987)
    • I Pesci, for fløyte (1989)
    • In et Out, for kontrabass (1989)
    • Invece, for cello (1991)
    • Ipso, for klarinett (1994)
    • Immer, for cello (1996)
    • In nomine, for bratsj (2000)
    • Sept études for piano (1999–2001)
  • Kammermusikk
    • Musique fugitive, for stryketrio (1980)
    • Trois Instantanés, for to klarinettar og tre celli (1980)
    • Poco a poco (1986)
    • Sly, for trombonekvartett (1987)
    • Laps, for klarinett og kontrabass (1988)
    • Neuf Musiques pour «Le Fusil de chasse», for klarinett, trombone og cello (1989)
    • Strykekvartett n°2 Time Zones (1989)
    • Attacca, for to trompetar og paukar (1991)
    • Stanze, for brasskvintett (1991)
    • Ohimé, for fiolin og bratsj, hommage for Besty Jolas (1992)
    • Strykekvartett n°1 (1982–1996)
    • Strykekvartett n°3 (1993)
    • Ohé, for klarinett and cello (1996)
    • Strykekvartett n°4 (1997)
    • Trio Rombach, for piano, fiolin eller klarinett, og cello (1997)
    • Strykekvartett n°5 (2004–2005)
  • Ensemblemusikk
    • Souvenir du silence (1976)
    • Le Bal (1978)
    • Timée (1978)
    • La Rivière, for orkester (1979)
    • Musique captive, for ni treblåseinstrument (1980)
    • Tre Scalini, for orkester (1981–1982)
    • Fist (1982)
    • Hop' (1983–1984)
    • La Conversation (1984)
    • Treize Pièces pour Flaubert (1985)
    • Assaï, for orkester (1985)
    • Haro (1987)
    • Coda (1992)
    • Go, solo n°1 for orkester (1992)
    • Khôra, for strykeorkester (1993)
    • Extenso, solo n°2 for orkester (1993–1994)
    • Apex, solo n° 3 for orkester (1995)
    • Loop, for to cellokvartettar (1996)
    • Cascando (1997)
    • Clam, solo n° 4 for orkester (1997–1998)
    • Exeo, solo n° 5 for orkester (2002)
    • Perelà Suite, for orkester (2004)
    • Reverso, solo n°6 for orkester (2005–2006)
    • Uncut, solo n°7 for orkester (2009)
  • Konsertar
    • L'Aven, fløytekonsert (1980–1981)
    • Aria, klarinettkonsert (1991)
    • Watt, trombonekonsert (1994)
    • Celo, cellokonsert (1996)
    • Quad, 'In memoriam Gilles Deleuze', for fiolin og 15 musikarar (1996)
    • Galim, 'Requies plena oblectationis', for fløyte og strykeorkester (1998)
    • A Quia, pianokonsert (2002)
  • Vokalstykke
    • Igitur (1977)
    • Lumen (1977)
    • L'Homme aux liens, for to sopranar og tre fiolinar (1978)
    • Shin'gyo, for sopran og pikkolofløyte (1981)
    • Niobé ou le rocher de Sypile (1982)
    • To God, for sopran og klarinett (eller sopransaksofon) (1985)
    • Mimi for to kvinnestemmer og ensemble (1986–1987)
    • Aks (1987)
    • Red Rock, frå «Roméo et Juliette» (1987)
    • Anacoluthe (1987)
    • Roméo et Juliette, opera (1985–1988)
    • For O., for to kvinnestemmer og to klarinettar (1988)
    • So Full of Shapes is Fancy, for sopran og bassklarinett (1990)
    • Medeamaterial, opera (1990–1991)
    • La Melancholia, operatorio (1991)
    • To Be Sung, kammeropera (1992–1993)
    • Comoedia (1993)
    • Canto, for sopran, klarinett og cello (1994)
    • Dona Eis (1998)
    • Perelà, uomo di fumo, opera (2001)
    • Momo (2002)
    • Faustus, The Last Night, opera (2003–2004)
    • Ô Berio, for sopran og 13 instrument (2006)
  • A capella-verk
    • Semino (1985)
    • Il-Li-Ko (1987)
    • Two walking (1994)
    • Granum sinapis (1992–1997)
    • Umbrae mortis, for blanda kor (1997)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]