Pikkolofløyte
| Pikkolofløyte | |
Ei pikkolofløyta |
|
| Treblåseinstrument | |
|---|---|
| Hornbostel-Sachs klassifisering | 421.121.12-71 (Fløyteliknande aerofon med lydhol) |
| Speleregister | |
| Liknande instrument | |
Pikkolofløyte (frå det italienske flauto piccolo, 'lita fløyte') er ei lita tverrfløyta i treblåsfamilien. Ho er halvparten så stor som ei tverrfløyte, og har sitt normale toneregister ein oktav over denne. Pikkolofløyta har det høgaste toneomfanget i symfoniorkesteret, frå tostroken d og heilt opp til femstroken c. I det høge registeret er fløyta vanskeleg å overdøyva. I tillegg til i symfoniorkesteret blir ho ofte brukt i janitsjarkorps og i militærmusikk.
Pikkolofløyta blei konstruert på slutten av 1700-talet, og tok over som diskantfløyta etter flageoletten. Klaffane er sidan 1800-talet ordna på same måte som den moderne tverrfløyta, og grepet er likt på begge fløytetypane. Ein person som kan spela tverrfløyta kan derfor forholdsvis enkelt læra seg å spela pikkolofløyta. Blåseteknikken er like på dei begge, men luftstraumen må konsentrerast meir på pikkolofløyta. Små endringar i blåsinga gir svært stor variasjon i lyden, noko som gjer pikkolofløyta til eit fleksibelt instrument.
Verk med viktige pikkolofløytepassasjar [endre]
- Bartók: Konsert for orkester; sats III, Elegia
- Beethoven: Symfoni nr. 9 i D-moll
- Carlisle Floyd: The Sojourner and Mollie Sinclair
- Puccini: Suor Angelica (opningsscenen)
- Rossini: Overturane til Semiramide, La gazza ladra, La scala di seta
- Sousa: "Stars and Stripes Forever" (Grandioso)
- Shostakovich: Symfoniane 5, 6, 7, 8, 9 ,10
- Tchaikovsky: Symfoni nr. 4 i F-moll
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pikkolofløyte» frå Wikipedia på svensk, den 23. juni 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Pikkolofløyte» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juni 2009.
|
|
|
|---|---|
| Strengeinstrument: | Fiolin • Bratsj • Cello • Kontrabass • Harpe |
| Treblåseinstrument: | Fløyte • Pikkolofløyte • Klarinett • Bassklarinett • Obo • Engelsk horn • Fagott • Kontrafagott |
| Messinginstrument: | Valthorn • Trompet • Trombone • Tuba |
| Perkusjon: | Pauke • Trommer • Triangel • Cymbal |