Paulus’ fyrste brev til korintarane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Paulus’ fyrste brev til korintarane, også kalla fyrste korintarbrev, er eit av breva som ber apostelen Paulus’ namn, og er i den kanoniske rekkefølgja den sjuande boka i Det nye testamentet. Brevet blir rekna til de breva som med sikkerheit kan seiast å vere skrive av Paulus. I norske bibeltilvisingar etter bibelselskapet sin standard blir namnet forkorta «1Kor».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Brevet er skrive som eit svar på eit brev korintarane har skrive til Paulus [1]. Paulus har òg skrive eit tidlegare brev til korintarane [2], dette brevet er gått tapt. Brevet står dermed som ein del av ei brevveksling mellom Paulus og kyrkjelyden i Korint. Utanom brevvekslinga har Paulus også fått munnlege rapportar frå medlemmer av kyrkjelyden i Korint [3] [4] Nyheitene frå Korint er på mange måtar lite oppløftande, kyrkjelyden er delt og full av strid. Brevet formanar derfor om eining og samhald. 1Kor 1,10 blir av mange sett på som hovudtesen i brevet: Eg formanar dykk, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vere einige. La det ikkje vere splitting blant dykk, men stå saman i syn og tanke.(NT05)

Et anna særpreg for innhaldet er de mange «Når det gjeld» (peri de) avsnitta, der Paulus svarer på ulike problemstillingar. Tema som offerkjøtt, ekteskapet og nådegåvene vert diskutert i desse avsnitta. Nokre forskarar peiker her på ein mogleg samanheng mellom desse avsnitta og brevet Paulus mottok frå Korint.

Ein av de mest siterte delane av Bibelen er 1Kor 13. I Bibelselskapets omsetting av 1978 har det fått overskrifta «Kjærleikens veg », det er også kjent som «Kjærleikens evangelium». Det er her Paulus framheld at ingen nådegåver eller offer har verdi eller betydning om de ikkje er av kjærleik. Det er svært poetisk språk, og her frå stammar kjente sitat som «Kjærleiken utheld alt, trur alt, håpar alt, toler alt» (v.7) og «Så vert dei ståande desse tre: Tru, håp og kjærleik. Men størst av dei er kjærleiken» (v.13).

Forfattar, datering og stad[endre | endre wikiteksten]

Bibelforskarane er samde om at dette brevet er skrive av apostelen Paulus. Det er truleg skrive år 55 eller 56 [5] i Efesus jfr. 1Kor 16.8

Referanse[endre | endre wikiteksten]

  • Gerhardson, Birger: En bok om nya testamentet. Kristianstad 1993
  1. Når det gjeld det de skreiv om... 1Kor 7,1a
  2. Eg skreiv i brevet til dykk..., 1Kor 5,9
  3. For nokre av Kloes sine folk har fortalt meg 1Kor 1,11
  4. Eg er glad for at Stefanus, Fortunatus og Akaikos er komne 1Kor 16,17.
  5. Gerhardson, s. 61

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]