Peder Furubotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peder Furubotn

Peder Furubotn (29. august 189028. november 1975)) var ein norsk kommunistisk politikar frå Brekke i Sogn, og leiar for den aktive kommunistiske motstandskampen mot den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen.

Alt i 1920-åra var vestlendingen Furubotn ein av leiarane i Norges Kommunistiske Parti. Han var medlem i leiinga i den Tredje Internasjonalen (Komintern) 1930-1938, og oppheldt seg tidvis i Sovjetunionen. På denne tida verkar det som Furubotn følgde Josef Stalin sine skiftande politiske linjer.

Under okkupasjonen blei Furubotn den reelle leiaren av NKP. Han og krigsleiinga til partiet oppheldt seg i fjella i Valdres, og sjølv om tyskarane sette inn store styrkar for å få tak i han, greidde dei det ikkje. Det var da han fekk heidersnamnet «Noregs Tito».

Men i 1949 var Tito og Stalin bitre fiendar, og Furubotn og hans folk blei utestengde frå NKP som «titoistar». Det er framleis strid blant historikarane om i kor stor grad dette oppgjeret bygde på reelle politiske motsetningar eller om det mest var tale om personlege motsetningar. Furubotn var utan tvil ein stri personlegdom. Det kan likevel vere grunn til å tru at nettopp denne striheita gjorde at leiinga i Moskva meinte dei ikkje kunne lite på at Furubotn heldt seg til den «rette» linja i denne tida med sterk konflikt med ein annan stridbar kommunistisk motstandsmann, Josip Tito. Blant tilhengarane av Furubotn var det mange unge motstandsfolk som hadde komme til NKP frå Arbeidarpartiet eller AUF under krigen, og dette bidrog også truleg til ein otte blant førkrigskommunistane i partiet med omsyn til lojaliteten til «furubotnikane».

Ei rekkje av desse ekskluderte «furubotnikane» spelte viktige roller i norsk politikk sidan. Det gjeld mellom andre faglege tillitsvalde som Ragnar Kalheim og Roald Halvorsen, som var aktive i motstanden mot norsk EF(EU)-medlemskap i 1960-åra og 1970-åra, og var sentrale i danninga av Sosialistisk Valforbund i 1973, som blei til Sosialistisk Venstreparti i 1975.

Furubotn sjølv spelte derimot ikkje noka betydeleg politisk rolle etter 1950.