Pengeurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pengeurt


Pengeurt
Pengeurt

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Slekt: Thlaspi

Linné

Art: T. arvense
Vitskapleg namn
Thlaspi arvense

Pengeurt ( Thlaspi arvense ) er ein eittårig plante i krossblomfamilien.

Planten vert 10-50 cm høg, og har oftast ugreina, snau stengel utan bladrosett. Kronblada er kvite. Blada er tanna, grøngule med spisse bladøyro som sluttar seg om stengelen, og som visnar nedanfrå etterkvart som planten veks. Frøa mognast i talrike, 10-15 mm breie skulper, kvar med om lag ti frø.

Han veks som åkerugras og i vegkantar og sandstrender, i Noreg frå laglåndet opp opp til 1050 m.o.h. Han er sjeldnare lengst nord, men er funnen på Svalbard. Elles er han spreidd over store delar av verda.

Planten har sterk, laukaktig lukt som kan gje usmak på mjølka om kyrne et for mykje av han.

Pengeurt er ein kulturplante som har følgd jordbrukskulturen. Han kom til Noreg frå Europa for eit par tusen år sida. Opphavleg kom han truleg frå sentral-Asia.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]