Per Aabel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Per Aabel 1939.

Per Pavels Aabel (25. april 190222. desember 1999) var ein norsk skodespelar, teiknar, dansar, koreograf og instruktør.

Liv og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Per Aabel var son av skodespelaren Hauk Aabel, og fekk utdanning innan teikning i Paris og ballett i London. Hans første kunstneriske oppdrag var å illustrere ei barnebok, men han ofra raskt teiknekarrieren til fordel for dansen. Som ballettdansar debuterte han i 1921Mayol i balletten Carneval. Etter å ha vore danselærar i Oslo i fleire år, fekk han i 1926 sitt første instruktøroppdrag ved Nationaltheatret. Først i 1931 debuterte han som skodespelar på Det Nye Teater.

Aabel var direktør for Carl Johan-Teatret i perioden 1933 til 1938. Saman med mellom andre Thorolf Reiss og Wenche Foss stod han bak ei rekkje førestillingar i den lystigaste og mest groteske sjangaren. Aabel og Foss utvikla ein timing og eit samspel som skulle verte vidareført i andre samanhengar i tiår framover. Han var tilsett ved Centralteatret frå 1938 til 1940 og ved Nationaltheatret frå 1940 til 1972. Som pensjonist arbeida han frilans, og gjesta Nationaltheatret jamleg. Han deltok under 100-årsjubileumet til teateret i 1999, berre veker før han døydde. Aabel var då 97 år gamal.

Som teatermann med brei fagbakgrunn vart Per Aabel ein sentral kulturpersonlegdom innan norsk scenekunst og underhaldning i størstedelen av førre hundreår. Han spelte ei rekke roller, særleg i komediar, på teater og i film, mellom anna i fleire Holberg-stykke og som populær opplesar av H. C. Andersen sine eventyr.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Alene på scenen : Per Aabel og tekstene hans. Ole Lillo-Stenberg (red.). Andresen & Butenschøn, 2001. ISBN 82-7694-071-4
  • Hansen, Jan Erik. Kjære Per Aabel. Cappelen, 1993. ISBN 82-02-13805-1
  • Lunde, Reidar. Per Aabel. Nasjonalforlaget, 1943. (I serien Små filmbiografier)
  • Aabel, Per. Den stundesløse Per Aabel. Gyldendal, 1980 ISBN 82-05-12409-4
  • Aabel, Per. Du verden. Oslo: Prent, 1950
  • Munthe, Margrethe. Askepot og den nysgjerrige kone : Barnekomedier. Illustrert av Per Aabel. Steenske forlag, 1917

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]