Petter Stordalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Petter Stordalen (2009)
Foto: Kjetil Ree

Petter Anker Stordalen (fødd 29. november 1962 i Porsgrunn) er ein norsk hotelleigar, eigedomsutviklar og investor. Stordalen har eitt års utdanning frå Norsk Kjøpmannsinstitutt, eitt år på Varehandelens høyskole og eitt år på Norges Markedsføringshøyskole.

Han kontrollerer hundre prosent av hotellkjeden Choice Hotels Scandinavia, som omfattar 160 hotell i Norden, samt Baltikum, under merkenamna Comfort, Clarion, Clarion Collection, Quality og Quality Resort. Han er også kjend som som tidlegare deleigar i Steen & Strøm og andre kjøpesenter, som sporadisk miljøaktivist og for forsøket sitt på å overta papirfabrikken Union i Skien i august 2005.

Stordalen fungerte som viseadministrerande direktør i kjøpesenterselskapet Steen & Strøm i perioden 19911995, samt administrerende direktør i perioden 19951996. Stordalen var styreleiar i Choice Hotels Scandinavia frå 1996 til 1999, konsernsjef frå 1999 til 2006, og igjen styreleiar sidan 2006.

I april 2006 vart det kjent at Stordalen og Øystein Stray Spetalen vurderte å kjøpe heile eller delar av den engelske fotballklubben Liverpool FC.

Stordalen er mellom dei rikaste personane i Noreg, og vart i 2008 lista med ein formue på 9,3 milliardar kroner av Kapital[1] Han er son av tidlegare noregsmeister i bryting, Knut Anker Stordalen.

Miljøfokus[endre | endre wikiteksten]

Stordalen har erklært seg som miljøinvestor. Han har også vist stor interesse for å stoppe dumpinga av slam utanfor Malmøykalven. Sommaren 2007 trassa han og politikar Rune Gerhardsen eit ikkje tilgang-skilt, og gjekk i protest om bord i lekteren der dumpinga skjedde. Dette vart dei seinare politimelde for.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Petter Stordalen