Philadelphus coronarius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Duftskjærsmin/Luktskjærsmin


Philadelphus coronarius
Philadelphus coronarius

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Cornales
Familie: Hydrangeaceae
Slekt: Philadelphus
Art: P. coronarius
Vitskapleg namn
Philadelphus coronarius

Duftskjærsmin eller luktskjærsmin (Philadelphus coronarius) er ein lauvfellandebusk i skjærsminslekta i hortensiafamilien. Planten er naturleg å finne i Sør-Europa. Ho går òg under namnet uekte sjasmin.

Philadelphus coronarius må ikkje forvekslast med Philadelphus lewisii som er meir hardfør og luktar mindre. Denne går ofte under namnet nordlandsskjærsmin.

Duftskjærsmin er ein stor opprett busk med stive greiner. Borken]er først strågul og glatt. Seinare blir den lysebrun og litt fura. Gamle greiner får bork som skallar av i strimlar. Knoppane er motsette, men ellesså små at dei sit skjult i bladarret til slutten på våren. Blada er eggforma med få, grove tenner langs randa. Over- og undersida er omtrent einsarta friskt grøne. Blomstrane kjem i juni-juli, og dei sit i korte klasar frå bladhjørna. Dei er kvite med gule støvberarar. Dufta er søt og kraftig. Fruktene er krukkeforma, tørre kapslar. Berre i einskilde år blir det danna modne frø i hagar så langt nord som Danmark og Noreg.

Rotnettet er kraftig, og hovudrøtene er fordelt både langt ned og vidt ut. Dei fine siderøtene ligg like under jordoverflata. Greinene har kvit marg. Busken kan bli 4 x 3 m (30 x 30 cm/år).

Kultivarar[endre | endre wikiteksten]

Philadelphus coronarius er ein populær prydplante for hagar i tempererte regionar. Han er verdsett for sine kvite, søte, luktaktande blomstrar tidleg om sommaren som opptrer i store mengder. Det finst ei rekkje namngjevne kultivarar. Dei følgande kultivarane har fått Royal Horticultural Society sin Award of Garden Merit:-

  • P. coronarius «Aureus»[1]
  • P. coronarius «Variegatus»[2]

Hydridar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]