Pierre de la Rue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pierre de la Rue
Fødd 1452, Tournai i Frankrike
Død 20. november 1518, Kortrijk i Belgia
Sjanger Renessansemusikk, vokalmusikk
Yrke Komponist

Pierre de La Rue (kring 145220. november 1518), kalla Piersson, var ein fransk-flamsk komponist og songar frå den flamske skulen i renessansen. Han høyrte til same generasjonen som Josquin des Prez og var lenge tilknytt det habsburg-burgundisk musikkapellet, og står i lag med Agricola, Brumel, Compère, Isaac, Obrecht og Weerbeke som ein av dei mest kjende og viktige flamske komponistane av polyfon stil rundt år 1500.

Pierre de La Rue følgde ikkje straumen av komponistar frå Nord-Europa til Italia og vart verande i Nord-Europa, der han sakte arbeidde seg oppover. Han skreiv store mengder musikk, over 30 messer og om lag 25 motettar og like mange chansonar, samstundes som han tok seg av dei fattige.[1]

La Rue song som tenor ved St. Goedele i Brussel frå 1469 til 1470, før han året etter gjekk vidare til St. Jacob i Gent og Onze Lieve Vrouw i Niewpoort. Han skal så ha arbeidd i ei ukjend kyrkje i Köln, og ein periode mellom 1482 og 1485 kan han ha vore i domkyrkja i Siena i Italia. Dette er derimot tvilsamt, sidan ein ikkje finn noko teikn på italiensk påverknad i musikken hans, og det finst heller ingen italienske manuskript frå denne tida som inneheld musikken hans. I 1489 vart La Rue munk i 's-Hertogenbosch, og frå her gjekk han i 1492 til teneste i det habsburgske-burgundiske kapellet.

Keisar Maximilian I tok La Rue til kapellet han bygde opp att for sonen sin hertug Filip av Burgund. Han tente for Filip, så lenge han sat med makte, og song så for enka til Filip, Juana, i Spania fram til 1508. Etter dette vart La Rue verande i teneste for habsburgarane som hoffsongar for Marguerite av Austerrike i Mechlin frå 1508 til 1514 og så ei kort stund for den framtidige keisar Karl V. I denne perioden har han truleg reist ein del og ser ut til å ha møtt Isaac, Févin og truleg Josquin på reiser til Spania. Alexander Agricola song i lag med han i kapellet til Filip frå 1500-1506. Etter mange år i habsburgsk teneste, trekte La Rue seg attende til Courtrai i 1516 og døydde her to år seinare.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Messer[endre | endre wikiteksten]

  1. Missa Alleluia (5vv);
  2. Missa Almana (4vv);
  3. Missa Assumpta est Maria;
  4. Missa Ave Maria;
  5. Missa Ave sanctissima Maria (6vv);
  6. Missa Conceptio tua (5vv);
  7. Missa Cum jucunditate(4 and 5vv);
  8. Missa de Beata Virgine (4vv);
  9. Missa de Feria (5vv);
  10. Missa de Sancta Anna (4vv);
  11. Missa de santa cruce (5vv);
  12. Missa de Sancto Antonio (4vv);
  13. Missa de Sancto Job (4vv);
  14. Missa de Septem Doloribus (5vv);
  15. Missa de Virginibus (4vv);
  16. Missa Incessament (5vv);
  17. Missa Inviolata (4vv);
  18. Missa Iste est Speciosa;
  19. Missa Jesum Liate;
  20. Missa L'homme armé I (4vv);
  21. Missa Nunqua fué pena major;
  22. Missa O gloriosa Margaretha;
  23. Missa O Salutaris Hostia (4vv);
  24. Missa Paschale;
  25. Missa Pro fidelibus defunctis;
  26. Missa Puer natus est;
  27. Missa Sancta Dei Genetrix (4vv);
  28. Missa Sine Nomine I (4vv);
  29. Missa Sub tuum praesidium (4vv);
  30. Missa Tandernaken (4vv);
  31. Missa Tous les regretz (4vv).

Messer med ukjend opphav[endre | endre wikiteksten]

  1. Missa Iste Confessor;
  2. Missa L'homme armé II (4vv);
  3. Missa Sine nomine II (4vv).

Messeutdrag[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrie in festo Paschale;
  2. Kyrie Paschale;
  3. Credo Angeli Archangeli;
  4. Credo de villagiis;
  5. Credo l'amour de moy;
  6. Credo;
  7. Credo.

Motettar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ave Regina coelorum;
  2. Ave sanctissima Maria;
  3. Considera Israel;
  4. Da pacem, Domine;
  5. Delicta juventutis;
  6. Gaude virgo mater;
  7. Lauda anima mea Dominum;
  8. Laudate Dominum omnes gentes;
  9. O Domine Jesu Christi;
  10. O salutaris hostia;
  11. Pater de caelis Deus;
  12. Quis dabit pacem;
  13. Regina coeli;
  14. Salve mater salvatoris;
  15. Salve regina I;
  16. Salve regina II;
  17. Salve regina III;
  18. Salve regina IV;
  19. Salve regina V;
  20. Salve regina VI;
  21. Santa Maria virgo;
  22. Si dormiero;
  23. Te decet laus;
  24. Vexilla Regis-Passio Domini.

Motettar med ukjend opphav[endre | endre wikiteksten]

  1. Absalom, fili mi (opphavleg tilskriven Josquin; men forskarar i dag er stort sett samde opp at denne kan vere av La Rue);
  2. Domini est terra;
  3. Lamentationes Hieremiae (von Mahu);
  4. Virga tua.

Magnificatar[endre | endre wikiteksten]

  1. 8 magnificatar for seks stemmer

Chansonar[endre | endre wikiteksten]

  1. A vous non autre;
  2. Au fen d’amour;
  3. Autant en emporte;
  4. Carmen in re;
  5. Ce n’est pas jeu;
  6. Cent mille regretz;
  7. De l’oeil de le fille;
  8. Dedans bouton;
  9. Dicte moy bergere;
  10. D’ung altre aymer;
  11. D’ung desplaisier;
  12. En espoir vis;
  13. En l’amour d’un dame;
  14. Forseulement;
  15. Forseulement;
  16. Iam sauche;
  17. Il fault morir;
  18. Il viendra le jour;
  19. Incessament mon povre cueur;
  20. Las que plains tu;
  21. Ma bouche rit;
  22. Myn hert heeft altyt verlanghen;
  23. Plorés, genicés, criés -Requiem;
  24. Pour ceque je sius;
  25. Pourquoy non;
  26. Pourquoy tant me fault; Pour ung jamais;
  27. Si le changer;
  28. Tant que nostre argent;
  29. Tous les regretz;
  30. Tous nobles cueurs;
  31. Trop plus secret.

Chansonar med ukjend opphav[endre | endre wikiteksten]

  1. Adieu comment
  2. Dueil et ennuy
  3. Je n’ay regretz
  4. Sailliés avant

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Timothy Dickey. Pierre de la Rue - Biography. Allmusic. Vitja 6. april 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]