Plácido Domingo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plácido Domingo i 2008.

Plácido Domingo (fødd 21. januar 1941) er ein spansk operatenor. Domingo har eit breitt repertoar og blir rekna som ein av verdas leiande tenorar. Han utgjorde «dei tre tenorane» saman med Pavarotti og Carreras.

Domingo blei fødd i Madrid men flytta åtte år gammal til Mexico. Familien hans dreiv med zarzuelamusikk, og sjølv valde han òg dette yrket då han tok til å studera pianospel og dirigering ved det nasjonale konservatoriet i Mexico by.

Medan han først fekk arbeid som bakgrunnssongar for Los Black Jeans, ei rockegruppe leia av César Costa i 1958, gjorde han den eigentlege debuten sin som tenor på scenen i 1959. då han spelte Alfredo i La Traviata i Monterrey. I 1962 blei han tilsett ved den israelske nasjonaloperaen. Han hadde sin første opptreden ved Metropolitan Opera i New York i 1968. Året etter song han ved La Scala og i 1971 i Covent Garden.

Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]