Poale Sion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Poale Sion («Sion sine arbeidarar») var ein marxistisk og sionistisk jødisk organisasjon. Han vart grunnlagd i Russland i 1901 etter at organisasjonen Bund hadde teke avstand frå sionismen.

Grupper av Poale Sion vart òg skipa i USA, Palestina, Polen, Austerrike, Canada, Storbritannia, Argentina, Romania og Bulgaria.

Ideologien til Poale Sion vart formulert av Ber Borochov. I Palestina vart dei første kibbutzane danna av Poale Sion. Av medlemene i organisasjonen kan utanom Borochov nemnast David Ben Gurion, Yitzak Ben Zvi og Shlomo Kaplansky.

I Russland vart Poale Sion forboden av bolsjevikane i 1920, til liks med andre «mensjevikiske» organisasjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]