Polartorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Polartorsk


Boreogadus saida.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Gadiformes
Familie: Gadidae
Slekt: Boreogadus
Art: B. saida
Vitskapleg namn
Boreogadus saida
Lepechin, 1774

Polartorsk (Boreogadus saida) er ein fisk i torskefamilien.

Fiska polartorsk.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Polartorsken er tydeleg slankare enn andre torskefiskar. Han er raud- eller gråbrun oppå med lysare sider og kvit eller sølvfarga buk. Finnane kan spela blåraudt. Lengda er vanlegvis 20-25 centimeter, men ein har funne fisk oppe i 40 centimeter.[1] Han har eit lite «skjegg» under haka.[2]

Polartorsken kan bli minst 7 år gammal.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Fisken finst sirkumpolart i arktiske vatn, sør for Island, utanfor Noreg og i Kvitehavet.[1] Polartorsken er pelagisk og føretrekk kaldt vatn (vanlegvis med ein overflatetemperatur under 5 °C).[2]

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Polartorsken finst vanlegvis i vatn nær iskanten, men ein kan også finna han lengre ute og på djupare vatn. Han kan symja inn i brakkvatn i elvemunningar og fjordar.[1] Fisken et mellom anna zooplankton, som pungreker, og småfisk.[3]

Polartorsken gyter i kystnære område med ein sjøtemperatur like over 0 °C.[2]

Økonomisk tyding[endre | endre wikiteksten]

Fisken blir fanga i stor skala, hovudsakleg som industrifisk til framstilling av fiskemjøl og olje.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]