Pottemakarfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pottemakarfuglar


Pottemakarfugl, Corcorax melanorhamphosFoto: Lip Kee Yap
Pottemakarfugl, Corcorax melanorhamphos
Foto: Lip Kee Yap

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Corcoracidae
Artar

Pottemakarfuglar er sporvefuglar i den biologiske familien Corcoracidae. Det er to artar i denne familien i kvar si slekt, pottemakarfugl, Corcorax melanorhamphos, og apostelfugl, Struthidea cinerea. Begge er endemiske til Australia. [1]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Begge artane i familien finst i opne habitat i austlege Australia, for det meste i eukalyptusskog, men òg anna open skog. Apostelfugl er meir tolerant ovanfor tørre habitat og lever i tørre skogsområde og buskskog. Begge artane er tolerante for menneskepåverka habitat og vil ta i bruk landbruksområde og tettbygde strøk, til og med parkar og hagar. [1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dei to pottemakarfuglar er mellomstore sporvefuglar, med apostelfugl som den minste på rundt 31 centimeter i lengd. Arten pottemakarfugl er gjennomsnittleg 47 cm i lengd. Morfologien deira er typisk for sporvefuglar som beitar på bakken; lange fjørkledde bein og korte, runde venger. Dei mest merkbare skilnadene mellom dei to artane finn ein i fjørdrakta og i nebbet. [1] Nebbet på apostelfugl er kort og djupt, ikkje ulikt det hos finkar, medan nebbet hos pottemakarfugl er lengre og bua, ikkje ulikt nebbet til alpekråke. Skilnadene i nebba reflekterer skilnadene i ernæringsøkologi, apostelfuglar plukkar føda som sporvar medan arten pottemakarfugl brukar nebbet sitt for å snu om på tørt lauv på bakken. [2]

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Likskapen mellom dei to artane er lett synlege i levevis: begge artane er særs sosiale, tilbringer mykje av tida på beite gjennom nedfallen lauvverk med eit mykje karakteristisk ganglag, gjer kallerop til kvarandre nesten heile tida, og begge artane responderer på forstyrring frå menneske ved å flyge tungt opp i eit tre, ofte sit dei tett saman to til tre på ei grein, og pleier fjørdrakta. Fuglane kan bli vant til menneske og kan bli mykje tamme i parkområde. [1]

Ei sosial gruppe av pottemakarfuglar blir danna rundt eit par dominerande individ, ei ho og ein hannfugl. Mengda av fuglar i gruppa kan variere frå 2 til 20 fuglar, med seks som typisk hos arten pottemakarfugl og sju til ni fuglar hos apostelfugl. Begge artane er standfuglar og forsvarer eit territorium i løpet av hekkesesongen. Storleiken på territoriet i hekketida er rundt 20 hektar, etter hekkesesongen når ungane er flygedyktige kan gruppa breie seg ut over eit større område. Om ein av dei dominerande hekkefuglane døyr vil gruppa bryte opp, og det attverande dominerande individet vil ta umodne fuglar frå gruppa si og finne ein einsleg fugl å danne ei ny gruppe. [1] Dei fleste av rekruttane i ei ny gruppe er ungfuglar frå tidlegare hekkesesongar. [3] Desse hjelparane er viktige for hekkesuksessen, så mykje at arten pottemakarfugl er rapportert å kidnappe nesten-flygedyktige ungar frå andre grupper for å auke storleiken på eige gruppe. [4]

Som familienamnet ymtar om, byggjer desse fuglane reir av gjørme. Reira er skålforma og tar fleire dagar å konstruere, jamvel lengre om tilkomsten på gjørme er avgrensa. Dei utnyttar høve til reirbygging ved regnvêr som lagar gjørmete pyttar, og reir kan gjenbrukast om mogleg. Dei legg rundt tre til fem ovale egg i kvart kull. Alle medlemmer i gruppa deler på å ruge i rundt tjue dagar, dei deler òg andre oppgåver innanfor gruppa så som ungefôring . [1] Ungane i denne familien treng ein lang periode med omsut, det kan ta opptil 200 dagar før ungfuglar oppnår fullt sjølvstende frå foreldre og hjelparar. [5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Rowley, Ian; Russell, Eleanor (2009). «Family Struthideidae (Australian mudnesters)». I del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew; Christie, David. Handbook of the Birds of the World. Volume 14: Bush-shrikes to Old World Sparrows. Barcelona: Lynx Edicions. ss. 272–285. ISBN 978-84-96553-50-7. 
  2. Chapman, Graeme (1998). «The Social Life of the Apostlebird Struthidea cinerea». Emu 98 (3): 178–183. doi:10.1071/MU98025. 
  3. Woxvold, Iain A. (2004). «Breeding ecology and group dynamics of the apostlebird». Australian Journal of Zoology 52 (6): 561–581. doi:10.1071/ZO04031. 
  4. Heinsohn, RG (1991). «Kidnapping and reciprocity in cooperatively breeding white-winged choughs.». Animal Behaviour 41 (6): 1097–1100. 
  5. Heinsohn, Robert G (1991). «Slow Learning of Foraging Skills and Extended Parental Care in Cooperatively Breeding White-Winged Choughs». The American Naturalist 137 (6): 864–881. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]