Poverty Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Poverty Bay

Poverty Bay er den største av fleire mindre havbukter på austkysten til NordøyaNew Zealand, nord for Hawke Bay. Ho strekkjer seg to km frå Young Nick's Head i sørvest til Tuaheni Point i nordaust. Byen Gisborne ligg i nordenden av bukta. Dette namnet vert ofte brukt på heile området som ligg kring byen Gisborne og på regionen Gisborne (East Coast).

Den første europearen ein veit om som sette foten sin på New Zealand, kaptein James Cook, kom hit 7. oktober 1769. Det første møtet med dei innfødde førte til at seks lokale māoriar vart drepne, ved at engelskmennene misforstod den tradisjonelle maorihelsinga. Cook var ikkje i stand til å få tak i nokon av dei forsyningane han og mannskapet hans trong her, og kalla derfor denne bukta for «armodsbukta» (Poverty Bay). Somme māoriar har teke til orde for å gje bukta māorinamnet Tūranganui-a-Kiwa til ære for māorioppdagaren Kiwi[1].

Poverty Bay er eit av dei mest grøderike områda på New Zealand, kjend for drueslaget Chardonnay, frukt, grønsaker og avocado som veks i dette området med rikeleg solskin og den grøderike avsetjingsjorda[2].

Nedslagsfelt og tilførsel av sediment[endre | endre wikiteksten]

Bukta tek mot elva Waipaoa River, som har ein nedslagsfelt på 2205 km² – stort nok til at einskildstormar og andre større miljøhendingar ikkje har stor verknad på dei sedimentære tilførslene. Utsleppa frå elva er små, 95% av sedimenta vert fanga opp langs strandlinja til bukta. Dette har ført til at Poverty Bay har vorte eit eigna område for sedimentære studiar[3]. Sedimenta i bukta gir opplysingar om forandringar som har kome i stand ved verknadane av El Niño, koloniseringa av New Zealand av polynesiarar (med påfølgjande avskoging), deretter avskoging av vestlege innvandrarar og Hatepeutbrotet[3].

Massakren i Poverty Bay[endre | endre wikiteksten]

I 1868 landa «opprørsleiaren» Te Kooti ved Whareongaonga Bay, nær Young Nick's Head i Poverty Bay, med vel 300 menneske, for det meste krigarar frå Hauhau-rørsla med kvinner og born, i skonnerten «Rifleman». Dei hadde overmanna mannskapet utan blodspille, og rømt frå Chatham Islands der han og desse Hauhau-maoriane hadde vorte internerte utan rettargang. Derifrå drog han inn i landet for å føre geriljakrig mot væpna politistyrkar saman med maorisympatisørar i fleire år, såvel som overfall på nybyggjarar og maorilandsbyar som ikkje støtta han. Den 10. november 1868 gjekk Te Kooti og styrkane hans til åtak på busetnaden Matawhero i utkanten av Gisborne. Om lag 54 menneske vart slakta ned, medrekna kvinner og born. Talet på døde omfattar òg 22 lokale māoriar så vel som europeiske nybyggjarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. L. Harper, T. Mudd, P. Whitfield, D. Hall (september 2006) The Rough Guide to New Zealand, 5. utg., s. 464 – New York, London, Delhi. ISBN 1-84353-679-X.
  2. Vinar i Poverty Bay
  3. 3,0 3,1 Jonathan D. Phillips (2007) «Controls on sediment export from the Waipaoa River basin, New Zealand» – Basin Research, bind 19, s. 241.

Koordinatar: 38°42′S 177°58′E