Prättigau/Davos
| Prättigau/Davos | |
| Bezirk Prättigau/Davos | |
| distrikt | |
| Land | |
|---|---|
| Kanton | Graubünden |
| Hovudstad | Davos |
| Areal | 853,40 km² |
| Folketal | 26 198 (2010) |
| Kommunar | 15 |
Prättigau (retoromansk Partenz eller Purtenza) er eit landskap i den sveitsiske kantonen Graubünden. Det består av den 40 km lange dalen til elva Landquart mellom fjellkjeda Rätikon i nord og Plessur-Alpane i sør. Dalen strekkjer seg frå søraust til nordvest. Kryssar ein Wolfgangpasset (1631 moh) øvst i Prättigau, kjem ein sørover til Davos. Flüelapasset (2383 moh) i aust dannar sambandet til Engadin. Via fotstiar, t.d. over Schlappinpasset (2203 moh), er det òg kontakt til den austerrikske dalen Montafon i nord.
Saman med kommunen Davos utgjer Prättigau (under namnet Bezirk Prättigau/Davos på tysk og Il district dal Partenz/Tavau på retoromansk ) eit forvaltningsdistrikt i Graubünden. Distriktet dekker eit areal på 853 km² og har litt over 26 000 innbyggjarar. Området er nestan reint tysktalende (90 %). I dei to høgastliggjande kommunane (Davos og Klosters) talast walsertyske dialektar.
Prättigau/Davos sine nabodistrikt er Landquart og Plessur i vest, Albula og Maloja i sør, og Inn i aust. Dessutan grensar det til Vorarlberg (Austerrike) i nord. Det finst ingen direkte vegsamband til distriktet Maloja eller til Austerrike.
Distrikta i Graubünden er reint administrative einingar. Prättigau/Davos består av sju krinsar (Kreise) og 15 kommunar (Gemeinden), som har stor grad av politisk sjølvstyre. Desse er:
| Kreis Davos / Circul da Tavau | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Kommune | Areal (km²) |
Folketal | Språk | ||
| tysk | ret. | ital. | |||
| Davos | 254 | 10 817 | 86 % | 1 % | 3 % |
| Kreis Jenaz / Circul da Jenaz | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Kommune | Areal (km²) |
Folketal | Språk | ||
| tysk | ret. | ital. | |||
| Fideris | 25 | 592 | 96 % | 1 % | 1 % |
| Furna | 33 | 226 | 100 % | 0 % | 0 % |
| Jenaz | 26 | 1148 | 95 % | 1 % | |
| Heile krinsen | 84 | 1966 | 96 % | 1 % | 1 % |
| Kreis Klosters / Circul da Claustra | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Kommune | Areal (km²) |
Folketal | Språk | ||
| tysk | ret. | ital. | |||
| Klosters-Serneus | 193 | 3889 | 89 % | 1 % | 1 % |
| Kreis Küblis / Circul da Küblis | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Kommune | Areal (km²) |
Folketal | Språk | ||
| tysk | ret. | ital. | |||
| Conters im Prättigau | 18 | 225 | 97 % | 1 % | 1 % |
| Küblis | 8 | 797 | 93 % | 1 % | |
| Saas im Prättigau | 27 | 757 | 97 % | 0 % | 0 % |
| Heile krinsen | 53 | 1779 | 95 % | 1 % | 1 % |
| Kreis Luzein / Circul da Luzein | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Kommune | Areal (km²) |
Folketal | Språk | ||
| tysk | ret. | ital. | |||
| Luzein | 32 | 1164 | 98 % | 0 % | 0 % |
| St. Antönien | 52 | 360 | 98 % | 0 % | 0 % |
| Heile krinsen | 84 | 1524 | 98 % | 0 % | 0 % |
| Kreis Schiers / Circul d'Aschera | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Kommune | Areal (km²) |
Folketal | Språk | ||
| tysk | ret. | ital. | |||
| Grüsch | 43,30 | 1323 | 94 % | 1 % | 0 % |
| Schiers | 62 | 2418 | 90 % | 2 % | |
| Heile krinsen | 72 | 3660 | 91 % | 1 % | 1 % |
| Kreis Seewis / Circul da Seewis | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Kommune | Areal (km²) |
Folketal | Språk | ||
| tysk | ret. | ital. | |||
| Seewis im Prättigau | 50 | 1390 | 93 % | ||
Alle folketal og språkandeler byggjer på folketelkjinga frå 2005.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Prättigau» frå Wikipedia på bokmål, den 11. mars 2012.