Prærievåk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prærievåk

Status i verda: LC Livskraftig

Eksemplar av ein lys morf.Foto: Wikimedia-brukar Pharaoh Hound
Eksemplar av ein lys morf.
Foto: Wikimedia-brukar Pharaoh Hound

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Accipitriformes
Familie: Accipitridae
Slekt: Buteo
Art: B. swainsoni
Vitskapleg namn
Buteo swainsoni

Prærievåk (Buteo swainsoni), er ein stor buteo-våk i ordenen Accipitriformes, haukefuglar.

Denne våken har hekkehabitat på prærien og tørre grassletter i det vestlege Nord-Amerika. Han byggjer reir av trepinnar i eit tre eller ein busk eller på ein klippekant. Arten er ein langdistanseflyttfugl, og overvintrar i Argentina.

Prærievåk er ein slank rovfugl, litt mindre enn raudhalevåk (B. jamaicensis). Likevel har prærievåk ein litt lengre vengespenn og tynnare venger enn andre våkar som kretsflyg. Det er hovudsakleg to fargevariantar. Over 90 prosent av individa er av lys morf, den mørke morfen er vanlegast lengst vest i leveområdet:[1]

  • Lys morf av vaksne er kvite på undersida med ein mørk, raudleg flekk på brystet og ein påviseleg kvit hals og flekk i andlet. Undersida av vengene, observert når fuglen kretsflyg, har lys forkant og mørke bakkant, eit mønster unik blant nordamerikanske rovfuglar. Halen er gråbrun med rundt seks smale mørke striper og ein breiare endeband. Oversida er brun. Ungane liknar, men dei mørke partia har bleike flekker, og dei lyse områda, særleg flankane, har mørke flekker. Brystet er bleikt med nokre mørkare flekker. Endebandet på halen er mindre markert. Den første våren kan dei ha bleik hovud på grunn av fjørslitasje.
  • Fuglar av den mørke morfen er mørke brune med unntak av ein ljos flekk under halen. Det er ein raudleg variant som er lysare på undersida med raudlege striper. Begge desse formene har halar som liknar dei på lys morf.

Denne arten eller den umiddelbare forgjengaren er stamfar til galapagosvåk, i følgje nyare forsking. Sistnemnde art skilte seg frå fastlandsfuglane kanskje for berre 300 000 år sidan, ein svært kort tid i evolusjonen.[2] I USA er prærievåk òg kalla 'Grasshopper Hawk' fordi han gjerne beitar på Acrididae-grashopper, og vil grådig ete desse insekta når dei er tilgjengelege.

Ein prærievåk vart observert på Røst i mai 1986, truleg rømt frå fangenskap.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bollmer, Jennifer L.; Kimball, Rebecca T.; Whiteman, Noah Kerness; Sarasola, José Hernán & Parker, Patricia G. (2005): Phylogeography of the Galápagos hawk (Buteo galapagoensis): A recent arrival to the Galápagos Islands. Molecular Phylogenetics and Evolution 39(1): 237–247. doi:10.1016/j.ympev.2005.11.014 PDF fulltext
  • Sibley, David Allen (2000): The Sibley Guide to Birds. Alfred A. Knopf, New York. ISBN 0-679-45122-6

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sibley (2000): p.120
  2. Bollmer et al. (2005)
  3. Rapport frå NSKF, 2002

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]