Prinia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prinia


Bandvengprinia, Prinia familiarisFoto: Lip Kee Yap
Bandvengprinia, Prinia familiaris
Foto: Lip Kee Yap

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Cisticolidae
Slekt: Prinia
Artar
  • Sjå teksten
Orientprinia, Prinia inornata, i Kolkata, Vest-Bengal, India.
Foto: J.M.Garg
Gråbrystprinia, Prinia hodgsonii, i Shamirpet, Rangareddy, Andhra Pradesh, India.
Foto: J.M.Garg

Prinia er ei biologisk slekt av små insektetande fuglar klassifisert i familien grassongarar, Cisticolidae. Dei er ofte òg alternativt klassifisert i songarfamilien, Sylviidae. Namnet på slekta kjem frå javanesisk 'prinya', det lokale namnet på bandvengprinia.[1]

Oskeprinia, Prinia socialis, i Hyderabad, India.
Foto: J.M.Garg

Prinia er nokre gonger referert til som smettsongarar. Dei er ei lite kjend gruppe av fuglar i tropiske og subtropiske delar av «den gamle verda», dei rundt 25 artane er fordelte nokså likt mellom Afrika og Asia.

Desse er fuglane lever i hovudsak i opne habitat med høgt gras eller kratt, der dei ikkje er lett synlege. Dei er mest standfuglar, migrasjon er avgrensa til lokale flyttingar på grunn av kaldt vêr. Ikkje-hekkande fuglar kan danne små flokkar.

Prinia har korte venger, og lange avsmalnande halar. Dei er nokså grå fuglar, brun eller grå over, nokre gonger med mørke striper og gråaktig underside. Nokre artar har hekkedrakt som skil seg frå vanleg fjørdrakt. Nebbet er typisk for insektetarar, tynnt og lett bua.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Alle artar i slekta Prinia med namn på norsk språk:[2]

Andre grassongarar med fellesnamnet 'prinia', men som er skilt ut i eigne slekter:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jobling, James A. (1991). A Dictionary of Scientific Bird Names. Oxford: Oxford University Press. s. 189. ISBN 0-19-854634-3. 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)