Provinsen Frosinone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen Frosinone
Nasjon Italia
Region Lazio
Hovudstad Frosinone
Areal 3 244 km²
Folketal (2005) 489 042
Folketettleik 151/km²
Kommunar 91
Bilnummer FR
Postnummer 3100
Retningsnummer (tlf) 0775
President Francesco Scalia
Plasseringa til Frosinone i Italia


Provinsen Frosinone (italiensk Provincia di Frosinone) er ein provins i regionen Lazio i Italia. Hovudstaden er byen Frosinone. Han har eit areal på 3 244 km² og totalt 489 042 innbyggjarar (2005). Det er 91 kommunar i provinsen.

Provinsen vart oppretta etter ein kongeleg resolusjon 6. desember 1926 frå område som høyrte til Lazio og Campania. Områda i Campania var den venstre dalen til elva Liri-Garigliano, distriktet Sora, Cominodalen, distriktet Cassino, Formiabukta og Gaetabukta, Dei pontinske øyane, som fram til då i mange hundreår hadde vor ein del av provinsen Terra di Lavoro i Kongedømet Napoli (eller Begge Siciliar).

Kart over provinsen Frosinone

Største kommunar[endre | endre wikiteksten]

31. mai 2005 var dei største kommunane:

Kommune Folketal
Frosinone 48 621
Cassino 32 617
Alatri 27 993
Sora 26 430
Ceccano 22 495
Ferentino 20 523
Veroli 20 144
Anagni 19 330
Pontecorvo 13 214
Monte San Giovanni Campano 12 818
Isola del Liri 12 072

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første spora etter menneske i området går tilbake til førhistorisk tid. Ein kjend hovudskalle frå Homo erectus (den så kalla Homo cepranensis) er 800 000 år gamal og er det eldste funnet av arten Homo i Europa.

I historisk tid (900-800-talet fvt.) var området busett av pleasgar. På 600-talet fvt. låg området i utkanten av Roma, som oppretta Latium Adjectum her («Ved sida av Lazio»). Det tok derimot 300 år før romarane for godt slo volskar og hernikar, som vart romanisert etter Forbundsfellekrigen og samnittarkrigane.

Etter Vestromarriket sitt fall vart den nordlege delen av provinsen (vanlegvis kalla Ciociaria) ein del av Kyrkjestaten. I mellomalderen var òg klosteret Monte Cassino ein stor leandeigar og eit politisk element i området. Den søraustlege delen var eit grenseområdet, som i lange tider vart stryt av andre stormakter på denne tida, som hertugdøma Benevento og Gaeta og grevskapet Aversa. Det vart annektert av Kongedømet Napoli under normannarane1100-talet og frå seint på 1300-talet vart det ein del av grevskapet og seinare hertugdømet Sora. Pontecorvo vart verande ein enklave i Kyrkjestaten frå 1463.

Etter samlinga av Italia gjorde facistregjeringa i 1927 Frosinone til hovudstad i ein provins som samla forskjellige område som hadde høyrt til Kyrkjestaten og den napolitanske staten. Dette vart kritisert sidan dei forskjellige områda hadde for forskjellig historie, språk og kultur, særleg av det nostalgiske Bourbon-pariet som hadde ein sterk posisjon i det sørlege Italia i mange tiår.

Det har vore føreslått å opprette ein ny provins med hovudstader i Cassino, Formia og Sora, som består av område som tidlegare høyrte til Kongedømet Napoli.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]