Psilorítis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Psilorítis
Ψηλορείτης
Psilorítis Ψηλορείτης -
Høgd over havet 2 456 moh
Ligg i/på Kreta i Hellas
Primærfaktor 2 456 m
Koordinatar 38°13′39″N 24°46′15″EKoordinatar: 38°13′39″N 24°46′15″E

Psilorítis (gresk Ψηλορείτης) eller Ídi (gresk Ίδη), òg kalla Ida, Idha, Idhi, Idi eller Iti, er med 2 456 meter det høgaste fjellet på Kreta i Hellas. I tillegg er fjellet det høgaste i Hellas ut frå primærfaktor. Fjelltoppen ligg i fjellområdet Ida eller Idi, i periferieininga Réthymno. Det ligg berre 35 kilometer frå Knossos og vart i oldtida brukt for å vinne ut gull, kopar og jarn. Både Afrodite og Zevs vart dyrka her. I følgje ei legende fekk Zevs mat og husly her då han framleis var eit spedbarn.

Ida er fire meter høgare enn Pákhnes, som er eit fjell i Levká Óri.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er henta frå nederlandsk wikipedia.