Skogbrann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skogbrann i ein nasjonalpark i Montana i USA i august 2000

Ein skogbrann er ein ukontrollert brann i naturen. Slike brannar kan, i tillegg til å forstyrre gongen til naturen, truge hus og jordbruksområde. Det er ein mobil brann, som vil seie at han forflyttar seg og utgjer ei annleis utfordring for sløkkemannskap enn andre brannar. Årsaker til slike brannar kan vere lynnedslag, vulkansk aktivitet, uforsiktige menneske og eldspåsetjing.

El Niño, heitebølgjer og tørke bidreg til at det blir fleire og større skogbrannar. Likevel kjem 90% av alle skogbrannar av menneskeleg aktivitet.[1] Dette kan vere eldpåsetting, uforsiktig omgang med eld ved f. eks grilling, gnistar frå jarnbane eller annan næringsverksemd.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Skogbrann i fjellet i Jackson, Wyoming

Så godt som alle skogbrannar kjem av ei eller anna form for menneskeleg aktivitet. På grunn av dette blir det ekstra stor brannrisiko i varme og tørre område. I einskilde tilfelle står òg pyromanar bak.

Aukande bruk av tekniske hjelpemiddel og maskiner utgjer òg ein brannfare. Det same gjer aukande krav til produktivitet. I dei seinare åra har togbremsar antent fleire skogbrannar. Òg elektriske leidningar som fell ned er eit problem.

Lengre tørkeperiodar blir ofte avslutta med eit torevêr. Torevêr oppstår ofte samstundes med kraftig nedbør. Av og til oppstår det likevel «tørre torevêr». Det vil seie at nedbøren uteblir. I slikt vêr er risikoen stor for påtenning, ofte på fleire stader på same tid. Dei blir vanskelege å sløkke.

Skogbrannar finst mange stader i verda, spesielt der klimaet er fuktig nok til å gje grunnlag for vegetasjon, men har lange tørkeperiodar om sommaren og hausten. I tørkeperiodar blir lauv og greiner som har falle på bakken ekstra brennbare, og sjansane for skogbrann aukar. Dagar med sterk vind aukar òg faren for skogbrann.

Sjølv om skogbrannar kan virke destruktive er dei òg ein naturleg del av økosystemet. Nokre planter har utvikla seg slik at dei overlever brannar ved hjelp av ulike strategiar. Dei kan ha reserveskot som sprett ut etter brann, andre har flammemotstandige frø. Nokre plantar, som eukalyptusplanta, har til og med brennbare oljer i blada. For desse plantene er skogbrannar ein måte å eliminere konkurransen frå mindre flammemotstandige planter. I 2004 oppdaga forskarar at røyken frå brennande planter faktisk fremja spiringa hos andre typar planter. Dei fleste dyra er òg flinke til å overleve brannar.

Forkola landskap etter ein skogbrann

Ved fleire tilfelle har skogbrannar årsaka store skadar på private og offentlege bygg, samt dødsfall, spesielt når dei nærmar seg utkanten av urbaniserte område.

Etterverknadene av ein skogbrann kan òg vere katastrofale. Ein stor skogbrann brenn ned planter og tre som hindrar erosjon. Viss det regnar kraftig etter ein slik brann kan det kome jordras eller flaumar. Då kan område òg utanfor brannsonen råkast, både ved at hus og eigedommar vert øydelagde, og ved at vasskvaliteten på elvar og bekkar ringast.

Dei tidlegaste skogbrannane vi har klart å datere går så langt tilbake i tid som til devontida (om lag 365 millionar år sidan)[2].

I Noreg har mengda skogbrannar gått ned dei siste 25 åra. Årsaker til dette kan vere eit fuktigare klima, betre sløkkeutstyr og betre vegnett slik at tilløp til brann kan sløkkast mykje tidlegare.

Oppførsel[endre | endre wikiteksten]

Fordampninga av vatn frå planter blir balansert av vatn som vert absorbert av jordoverflata. I tørkeperiodar blir denne balansen forstyrra, og idet planter tørkar inn og døyr gjev dei frå seg etylengass. Konsekvensen av dette er at lufta inneheld brennbare gassar samstundes som den uttørka vegetasjonen er uhyre brennbar.

Spreiinga av skogbrann har tre mekanismar:

  • «Krypande» brann: brannen spreier seg gjennom dei lågare vegetasjonslaga (til dømes lyng og buskar).
  • «Kronebrann»: brannen spreier seg til toppen av vegetasjonen (trekronene). Ein slik brann kan spreie seg utruleg raskt, særleg i periodar med vind.
  • «Hoppande brann»: Brennande kvister og lauv blir bore av vinden og startar ein ny brann ein annan stad. På denne måten kan brannen spreie seg over vegar, elver og branngater.

Sør i California bidreg Santa Ana-vinden til at skogbrannar spreier seg med valdsam fart. Ein brann kan røre seg opp til 60 kilometer på ein dag, og han kan fortære opp mot 4 km² med vegetasjon i timen. Glør og brennande vegetasjon spreier seg utan pause og hoppar over branngater utan problem. Dette gjer desse brannane svært vanskelege å nedkjempe. I tillegg kan oppdrifta som brannen skapar trekkje til seg luft frå dei omkringliggande områda og dermed skapar skogbrannen sin eigen vind som er med på å forsterke brannen ytterlegare. Slike vindar blir gjerne kalla eldstormar.

Franske skogbrannmodellar seier at ei brannfrontlinje vil ha form som ei pære, men hovudsakleg på linje med vindretninga. Det blir estimert at brannar i Frankrike vil spreie seg med ein fart på 3% til 8% av vindhastigheita, avhengig av vegetasjonstype og -tettleik og terreng. Andre modellar seier at forma vil vere elliptisk når terrenget er flatt og vegetasjonen er homogen.

Skogbrann i kupert terreng vil spreie seg langt fortare i oppoverbakke enn nedoverbakke. Difor kan det vere aktuelt å lage branngater der brannen må spreie seg i nedoverbakke. Elver, vatn og myrar vil ofte danne hindringar for flammene som kan nyttast i brannsløkkinga.

Ein annan type skogbrann er ulmebrann, der overflatematerial forbrenn utan å skape flammar. Glørne spreier seg sakte, men sikkert, og kan halde det gåande i dagar og veker etter at flammene har gjeve seg. Slike brannar kan gje stor luftforureining, samstundes som det varmar opp bakken og påverkar røter og frø under bakken.

Førebygging[endre | endre wikiteksten]

Skilt som viser farenivå for skogbrann i New Mexico. Når nivået er på raudt blir det raude flagget hengt på.

I Noreg er det lovfesta at alle skogbrannar skal sløkkast, og i mange tiår var det òg vanleg politikk i USA at alle skogbrannar skulle nedkjempast. På 1960-talet vart det sådd tvil om dette var rett av denne tankegangen. Det viste seg då at ingen nye mammuttre hadde vakse opp i California, fordi brann var ein viktig del av livssyklusen til treet. Dei gjekk i staden inn for kontrollerte brannar for å redusere vegetasjonen i feltsjiktet og busksjiktet i skogen. Dette gjorde skogane meir framkommeleg for jegerar og turgåarar, samstundes som det reduserte mengda av brennbart material til nye brannar. Fordelen med kontrollerte brannar er at ein kan tenne dei når vêret er eigna slik at ein ikkje mistar kontrollen.

Menneske som bur i utsette område set i verk ulike tiltak for å avgrense skadeomfanget i tilfelle skogbrann. Val av material for husbygging, rydding av området rundt husa (både fjerning av brennbart material og rydding av branngater) og diverse former for brannsløkkingsutstyr er viktig for desse menneska.

Skogbrannovervaking[endre | endre wikiteksten]

Røyk frå bål og små skogbrannar er mogeleg å sjå på mange mils avstand frå småfly i klårt og stille vêr.

I Noreg organiserast skogbrannovervakinga i eit samarbeide mellom kommunane i kvart fylke og NAKs Flytjeneste. Vanlegvis har skogbrannflyet kontakt med ein brannvaktsentral i ein av dei største kommunane til fylket.

Cessna 172 er flytypen som er mest brukt i skogbrannovervakinga i Noreg.

Skogbrannovervakinga har to ulike typar utrykkingar for flyklubbane. Når det er tørt vert det flydd ei fastsett rute, gjerne i stor høgd, for å sjå etter røyk. Dersom det er ekstremt tørt kan det vere aktuelt å fly ruta fleire gonger dagleg. Desse rutene er lagt inn i datasystemet som blir nytta av flygeleiaren for det aktuelle området. Ved observasjon av røyk eller eld, vert brannstaden lokalisert med kartreferanse, og meldinga vert gjeven til brannvakta. Det er viktig å skildre beste framkome til området og rettleie brannbilane riktig veg. Moglege vasskjelder vert skildra.

Den andre typen utrykking er når det er observert røyk på avstand som er meldt til brannvesenet. Då blir småfly sendt opp for å lokalisere og assistere som skildra ovanfor. Dersom brannvesenet rykker ut på grunnlag av bakkeobservasjonar, har det skjedd at dei har hamna langt unna brannen og har brukt lang tid på å kome seg til riktig stad.

Frå midten av 90-talet har òg ein finsk satellitt brannovervaka Sør-Noreg og andre nordiske land.

Skogbrannkanal[endre | endre wikiteksten]

Ein eigen radiokanalVHF bandet nyttast av skogbrannflyene, brannmannskapa, skogbrannhelikoptra, brannvakta, ambulanser og politiet. Kanalen er òg lagt inn som standard på helseradioar.

Kanalen er ein ein-frekvens kanal som òg gjev forstyrring mellom to skogbrannfly. Ein to-frekvens skogbrannkanal med basestasjons-gjennomsnakk i flyet kunne gjeve alle handapparat på brannstaden same rekkjevidd som flyradioen, og det ville fjerne forstyrringar mellom skogbrannfly ved kvar skogbrannen.

Når det digitale nye naudnettet basert på Tetra radiostandard vert innført, vil desse problema forsvinne, sidan apparata automatisk kan fungere som link for andre apparat utan radiodekning til samarbeidande radioar og til basestasjon. Tetrastandarden gjev høve for å definere gruppa med radioar som skal ha kontakt.

Slokking[endre | endre wikiteksten]

Ein C-130 Hercules slepp flammehemmande kjemikaliar over ein skogbrann i California

Sløkking av av skogbrannar representerer heilt spesielle utfordringar for brannmannskap. Framkomme og omfang gjer arbeidet ekstra vanskeleg. Likevel har dei fleste utsette område no spesielle avdelingar som trenar på skogbrannar og som er utstyrt med det utstyret som trengst for å nedkjempe ein skogbrann. Mannskapet blir gjerne delt opp i ulike avdelingar, der ei avdeling flyr inn til vanskeleg tilgjengelege område for å sløkke småbrannar og rydde branngater med motorsag og anna lett utstyr. Desse blir gjerne kalla eit rask åtaksavdeling, fordi dei kan reagere kjapt og er særs effektive for å hindre spreiing. Ein anna avdeling køyrer inn i retning brannen med tyngre utstyr for å rydde større branngater slik at ikkje brannen skal spreie seg vidare når han kjem dit.

Eit helikopter fyller vassbøtta si i eit symjebasseng før det flyr inn for å sleppe vatnet over ein skogbrann utanfor Napoli i Italia.

Dei raske åtaksavdelingane blir ofte rekna som elitestyrken innan brannsløkking, sidan dei nokre gonger må bruke ukonvensjonelle metodar. Viss brannen er i spesielt bratt terreng eller eit område med tett skog må dei rappellere ned frå helikopter. Dersom brannen er i eit avsidesliggande område kan det òg vere aktuelt å nytte fallskjerm for å kome fram.

I tillegg til bakkemannskap disponerer brannvesenet ofte helikopter og vassbombefly som er spesialutstyrt for sløkking av skogbrannar. Desse kan nå område som er utilgjengelege for bakkemannskap og kan sleppe store mengder vatn eller flammehemmande kjemikaliar over eit større område.

Etter brannen[endre | endre wikiteksten]

I åra etter ein skogbrann skjer ein nedbryting av daudt material, der forkola tre nyttar frå 10 til 25 år på å forsvinne. I tidlegare tider har ein ofte satsa på å fjerne slikt og plante ny skog.

Mange stader har ein i dag late brunne skog stå som studiefelt for ulike forskingsprosjekt. Ein del stader langs norske vegar vil ein på rasteplassar nær desse felta finne informasjonstavler som fortel om desse prosjekta.

Statistikk over årlege brannar i verda[endre | endre wikiteksten]

Skogbrannar på Balkan seint i juli 2007 (NASA-bilete)

Kvart år brenn det ned:

  • Frankrike: 211 km², 0.04% av territoriet
  • Portugal:
    • 1991 : 1820 km², 2% av landet
    • 2003 : 4249 km², 4,6% av landet; 20 døydde;
    • 2004 : 1205 km², 1,3% av landet
    • 2005 : 2864 km², 3,1% av landet; 17 døydde;
    • 2006 : 724 km², 0,8% av landet; 10 døydde;
  • USA: 17 400 km², 0,18% av landet
  • Indonesia. Kjelder: før 1997 frå Indonesian Environmental Impact Management Agency (BAPEDAL) og Canadian International Development Agency (CIDA) - Collaborative Environmental Project in Indonesia (CEPI). 1997/1998 frå Asian Development Bank (ADB). Frå 1999: Indonesisk skogsdepartement.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. www.skogbrand.no (pdf)
  2. GeoScience World