Randolph Churchill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Randolph Churchill

Lord Randolph Henry Spencer Churchill (13. februar 184924. januar 1895) var ein britisk konservativ politikar, han var tredje son til den sjuande hertugen av Marlborough og far til Winston Churchill.

Randolph Churchill blei fødd på familieslottet Blenheim Palace og fekk første del av undervisninga si heime. I 1863 byrja han på Eton College, men utan å utmerke seg verken intellektuelt eller fysisk. Deretter tok han vidare utdanning ved Oxford, der han byrja i 1867 og blei uteksaminert i 1870.

I 1874 blei han vald inn i Parlamentet for det konservative partiet for kretsen Woodstock. Same år gifta han seg også med Jeanette (Jennie) Jerome, dotter av den amerikanske millonæren Leonard Jerome. Paret Churchill hadde to søner, Winston Leonard Spencer Churchill (1874–1965) og John Strange Churchill (1880–1947). Kona sine sosiale kontaktar hjelpte til å fremje Lord Randolphs tidlege karriere, men dei same kontaktene var også ein viss kjelde til uro fordi ho hadde ein rekkje elskarar; blant dei Edward Albert, framtidig konge av Storbritannia.

I sin tidlege politiske karriere angreip Lord Randolph både dei liberale og sine eigne konservative; gruppa rundt han blei etterkvart kalla «the forth party». I byrjinga av 1880-åra formulerte han ein ny politisk plattform for det konservative partiet, kalla «Tory democracy», ideen var at dei konservative burde fremje reform i staden for å motsetje seg det. Ved ein slik politikk ville dei konservative kunne utmanøvrere sine motstandarar i det liberale partiet. Lord Randolphs nye politiske linje slo gjennom og i 1884 blei han vald til formann i partiet.

Ved valet i 1885 vann dei konservative og Lord Randolph fekk stillinga som minister for India, året etter blei han finansminister. I desember 1886 gjekk han av, avgangen var eit taktisk spel for å utmanøvrere politiske motstandarar innan partiet, men han blei sjølv utmanøvrert og fekk ikkje nokon ny stilling i regjeringa.

Churchill haldt fram som meinig parlamentsmedlem, men helsa hans var dårleg. Dei siste åra av sitt liv brukte han mykje tid på reiser, sport og sosialt liv. Hausten 1894 drog han saman med kona si på ein lengre reise for å kome til krefter att, men han var så sjuk at han raskt måtte returnere og døydde 24. januar året etter.