Ras al-Ayn i al-Hasakah guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 36°51′N 40°04′E
Ra's al-'Ayn
رأس العين
by
none  Den sentrale rundkøyringa i Ra's al-'Ayn
Den sentrale rundkøyringa i Ra's al-'Ayn
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Al-Hasakah guvernement
Distrikt Ra's al-'Ayn-distriktet
høgd 360 moh
koordinatar 36°51′N 40°04′E
Folketal 29 347 (2004)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Ra's al-'Ayn (arabisk رأس العين, Ra's al 'Ayn, kurdisk Serêkanîye, gammalsyrisk ܪܝܫ ܥܝܢܐ, Rēš 'Aynā) er ein by i Syria som administrativt høyrer til Al-Hasakah guvernement. Byen har kring 55 247 innbyggjarar, som er ein blanding av syrarar, arabarar, kurdarar, armenarar, og tsjetsjenarar. Han er ein del av ein delt by med Ceylanpınar i Tyrkia og det finst ein grenseovergang i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den gamle nyassyriske byen Sikan ligg i sørlege område av Ras el 'Ayn. Han ligg nær dagens Tell el Fakhariya, der den kjende nyassyriske statuen av Adad-it'i/Hadd-yith'i, kongen av Guzana og Sikan vart oppdaga i 1970-åra med ein tospråkleg inskripsjon med dei assyriske dialektane akkadisk og arameisk, den tidlegaste arameisk inskripsjonen som er funne.[1][2][3][4] Han er datert til kring 850 fvt., men han kan òg vere tidlegare enn dette.[5]

Sasanidane øydela byen to gonger i 578 og 580 før han bygde han opp att og bygde ein av dei tre sasanidske universiteta (Ctesiphon, Resaina, Gundeshapur) her. Byen fall til arabarane i 640 som konfiskerte delar av byen som innbyggjarane drog i frå.[6] Bysantinarane plyndra byen i 942 og tok mange fangar, og krossfararen Joscelin I klarte å halde byen ein kort periode i 1129 og tok livet av mange av dei arabiske innbyggjarane.[7] Både zangidane, Ajjubide-dynastiet og khwarezmidane kjempa om Ras al-Ayn på 1100- og 1200-talet. Han vart plyndra av Timur mot slutten av 1300-talet og det endra rolla hans som ein storby i al-Jazira.[7]

På det største hadde byen eit vestsyrisk bispedøme og mange kloster. Byen hadde òg to moskéar og ei austsyrisk kyrkje og mange skular, bad og hagar.[7]

Under det armenske folkemordet som byrja i 1915, vart kring 80 000 armenske kvinner og barn massakrerte i Ras al-Ayn. På den tida var Syria ein del av Det osmanske riket, som tvang dei lokale armenarane ut i Den syriske ørkenen for å døy forskjellige stader. Sjå òg Ra's al-'Ayn-leirane

Ras al-Ayn har vore ein del av den syriske borgarkrigen sidan 2011 og islamske fundemalistiske opprørarar og kurdiske opprørarar har begge kjempa om makta over byen.

Byen er fødestaden til songaren Omar Souleyman.

Ra's al-'Ayn-kjeldene[endre | endre wikiteksten]

Ras al-Ayn-kjeldene.

Ra's al-'Ayn har meir enn 100 naturlege kjelder. Den mest kjende av dei er Nab'a al-Kebreet, ei varmekjelde som er særs rik på mineral, og inneheld alt frå kalsium til litium og til og med radium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A. R. Millard and P. Bordreuil, «A Statue from Syria with Assyrian and Aramean Inscriptions» The Biblical Archeology, vol. 45, 135-141, 1982
  2. Abu Asaf, Pierre Bordreuil and Alan R. Millard, La statue de Tell Fekherye et son inscription bilingue assyro-arameenne, A.D.P.F, 1982, ISBN 2-86538-036-X
  3. Douglas M. Gropp and Theodore J. Lewis, Notes on Some Problems in the Aramean Text of the Hadd-Yith'i, Bulletin of the American Schools of Oriental Research, no. 259, s. 45-61, 1985
  4. Jonas C. Greenfield and Aaron Shaffer, Notes on the Accadian-Aramean Bilingual Statue from Tell Fekherya, Irak, vol. 45, no. 1, s. 109-116, 1983
  5. J. Naveh, The Date of the Tell Fekherye inskripsjon, Shnaton 5-6, s. 130-140, 1978-79
  6. Gibb 1995, s. 433
  7. 7,0 7,1 7,2 Gibb 1995, s. 434