Zangidane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
زنكيون
Zankiyyūn
Zangide-dynastiet
Seljuk Empire locator map.svg
11271250 Ilkhanate in 1256–1353.PNG
Plasseringa til Zangidane
Zangide-dynastiet på det mektigaste
Hovudstad Aleppo
Språk Oghuz-tyrkisk
Arabisk
Religion Sunniislam
Styreform Emirat
President
 - 1127–1146 Imad ad-Din Zengi I (første)
 - 1241–1250 Mahmud Al-Malik Al-Zahir (last reported)
Historie
 - Oppretta 1127
 - Opphøyrde 1250
Valuta Dinar
I dag ein del av Flag of Syria.svg Syria, Flag of Iraq.svg Irak, Flag of Iran.svg Iran, Flag of Turkey.svg Tyrkia, Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia, Flag of Jordan.svg Jordan

Zangidane (arabisk: زنكيون; Zankiyyūn; farsi: دودمان زنگیان; Dūdmān Zangyān; moderne tyrkisk: Zengiler, også Zangid-dynastiet) var eit muslimsk tyrkisk dynasti som herska over delar av dagens Syria og det nordlege Irak for seldsjukkane. Dynastiet vart grunnlagt av Imām ad-Dīn Zankī (tyrkisk İmadeddin Zengi), som vart atabeg (guvernør) for seldsjukkane i al-Mawṣil i 1127. Han vart raskt den viktigaste mannen til tyrkarane i Nord-Syria og Irak, og i 1128 tok han Ḥalab frå artukidane. I 1144 erobra han grevskapet Edessa frå krossfararane, som gjorde Zangi til ein helt i den muslimske verda. Berre to år seinare, i 1146, vart han myrda av ein slave.

Etter Zangi døydde vart området hans delt, og den eldste sonen hans Sayf ad-Dun Ghazi I overtok styret over al-Mawṣil medan Ḥalab og Edessa vart overteke av den andre sonen hans, Nur ad-Din Zangi, som viste seg å vere like dugeleg som faren. I 1149 sigra han over Raymond av Poitiers, prinsen av Antiokia, i slaget ved Inab, og det følgjande året erobra han restane av grevskapet Edessa vest for Eufrat. I 1154 fullførde han desse erobringane ved å innta Dimašq, som då vart styrde av burid-amirane.

Nur ad-Din herska no frå Dimašq, og han heldt fram å ha militær suksess. Endå ein fyrste av Antiokia, Reynald av Châtillon, vart fanga, og områda til Fyrstedømet Antiokia vart kraftig forminska. På 1160-talet tok kampen til Amalrik I av Jerusalem mot Fatimidkalifatet i Egypt over merksemda til Nur ad-Din. I 1169 klarte generalen til Nur ad-Din, Shirkuh å erobre Egypt, men nevøen til Shirkuh nevø og etterfølgjaren som guvernør i Egypt, Ṣalāḥ ad-Dīn, nekta å bli kontrollert av Nur ad-Din.

Nur ad-Din førebudde seg på å invadere Egypt for å få Ṣalāḥ ad-Dīn til å underkaste seg kontrollen hans, men han døydde uventa i 1174. Sonen hans og etterfølgjaren As-Saliḥ Isma'il al-Malik var då berre eit barn, og vart same år tvinga til å flykte til Ḥalab, som han herska over fram til 1181, då han vart myrda og erstatta av slektningen sin, atabegen av al-Mawṣil. To år seinare erobra Ṣalāḥ ad-Dīn Ḥalab, noko som vart slutten på styret til zangidane i Syria.

Zangidherskarar heldt fram å styre i Nord-Irak fram til den mongolske invasjonen på 1200-talet; til 1234 i al-Mawṣil og til 1250 i al-Ǧazira, noko som vart den endelege slutten på zangide-styret.

Zangidherskarar[endre | endre wikiteksten]

Zangidske atabegar and amirar av al-Mawṣil[endre | endre wikiteksten]

Zangidske amīrar av Ḥalab[endre | endre wikiteksten]

Zangidske amīrar av Dimašq[endre | endre wikiteksten]

Zangidske amīrar av Sinǧar (i det nordlege Irak)[endre | endre wikiteksten]

Zangidske amīrar av al-Ǧazira (i Nord-Irak)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]