Kurdarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det kurdiske flagg

Kurdarane (kurdisk کورد / Kurd) er eit folkeslag som held til i Midtausten, i hovudsak i eit landområde som vert kalla Kurdistan. Dette området består for ein stor del av fjell, og tilhøyrer formelt Tyrkia, Syria, Irak og Iran. Kurdarane vert difor rekna som den største etniske folkegruppa i verda utan ein eigen nasjonalstat.

Mange kurdarar bur òg i storbyar utanfor Kurdistan, som i Istanbul, Ankara, Bagdad, Damaskus og Jerevan.

Fleirtalet av kurdarane, omtrent 75%, er sunnimuslimar. Mange er òg alevittar, sjia-muslimar eller tilhengar av ikkje-muslimske religionar som yezidismen.

Kurdisk folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Å rekne ut mengda kurdarar nøyaktig er vanskeleg då kjeldene spriker noko. Mengda kurdarar som lever i det sørvestlege Asia er berekna til rundt 25-30 millionar i følgje Store Norske Leksikon, med ytterlegare éin million som lever utanfor dei tradisjonelle kurdiske områda. Kurdarar er den fjerde største etniske gruppa i Midtausten etter arabarar, persarar og tyrkarar.

I samsvar med Store Norske Leksikon utgjer kurdarane 12-15% av folkesetnaden i Tyrkia, medan The World Factbook oppgjev at kurdarar utgjer 18% av folkesetnaden i Tyrkia[1], 15-20% i Irak, kanskje 8% i Syria,[2] 7% i Iran og 1,3% i Armenia. I alle desse landa, utanom Iran, utgjer kurdarar den nest største etniske gruppa. Grovt rekna bortimot 55% av alle kurdarar i verda lever i Tyrkia, rundt 18% i høvesvis Irak og Iran, og noko over 5% i Syria.[3] I samsvar med David McDowall i boka A modern history of the Kurds (2000)[4] utgjorde kurdarar i 1991 19% av folkesetnaden i Tyrkia, 23% i Irak, 10% i Iran, og 8% i Syria. Den totale mengda kurdarar i 1991 var i denne berekninga plassert ved 22,5 millionar, med 48% av denne mengda som levde i Tyrkia, 18% i Irak, 24% i Iran, og 4% i Syria.[5]

Kurdisk språk[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste kurdarar snakkar kurdisk, eit indoeuropeisk språk. Språket har fleire dialektar, der kurmancî (nordkurdisk) og sorani (sentralkurdisk) reknast som dei to viktigaste.

Dei to hovuddialektane har fleire underdialekter. Hovuddialektane er såpass ulike at det kan vere vanskeleg for personar frå ulike delar av Kurdistan å forstå kvarandre. «Badinani» er ein av dei dialektane som ofte vert brukte i den nordvestlege delen av irakisk Kurdistan.

Kurdisk språk vert i varierande grad diskriminert i Syria, Iran og Tyrkia. Situasjonen i Tyrkia er kraftig forbetra i seinare år. Irak har godkjent kurdisk som eit av dei offisielle språka i landet, ved sida av arabisk. Tyrkia oppheva det lovfesta forbodet mot publisering på kurdisk i 1991, og har etter det gjennomført ei rekkje reformer, særleg under Velferds- og rettfersspartiet AKP. Tyrkia har blant anna oppretta ein nasjonal kanal, TRT-6, som sender på kurdiske heile døgnet, og det er vorte tillate å undervise i (men ikkje på) kurdisk. Frå og med skuleåret 2012 kan kurdisk veljast som valfag i grunnskulen i Tyrkia, men berre 21 000 elevar hadde nytta seg av tilbodet ved skulestart i 2012.[6][7] Kurdisk har fått større plass ved tyrkiske universitet. Blant anna vart Fakultetet for Kurdiske Språk oppretta i Universitetet i Batman i Tyrkia, og sidan 2011 har Universitetet i Mardin tilbode mastergrad i kurdisk. Universitetet i Dicle har òg byrja å tilby kurdisk som valfag for legestudentane sine[8]. Kurdiske publikasjonar vert tillatne i ei viss grad i Iran, føresett at dei går igjennom den strenge sensuren i landet. I Syria er kurdisk heilt forbode.

Kurdistan[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Kurdistan.
Kurdiske område i Midtausten.

Kurdistan er eit geografisk område i Midtausten der kurdarane utgjer fleirtalet av folkesetnaden, men området har aldri eksistert som ein eigen nasjonalstat. Under mellomalderen og dei ottomanske og persiske imperia fanst det fleire meir eller mindre sjølvstyrte kurdiske fyrstedøme.

Etter første verdskrigen vart kurdarane lova eit eige land av vestmaktene, men då Mustafa Kemal innlemma heile Austanatolia i den tyrkiske republikken falle dette høvet bort. Kurdarane har likevel aldri oppgjeve vona om å få ein eigen stat. Dette ønsket er vorte styrkt av presset frå tyrkarar, arabarar og persarar for å utslette den kurdiske kulturen og identiteten.

I 1947 vart det med sovjetisk støtte oppretta ein kurdisk republikk med hovudstad i Mahabad (Iran). Republikken overlevde berre i eitt år, men fekk stor kulturell og andeleg tyding.

Kurdarane i Irak har sidan 1991 hatt eit reellt sjølvstyreområde der det i dag bur kring seks millionar menneske. Den kurdiske kontrollen vart utvida, og kurdarar fekk sentrale posisjonar i irakiske styreorgan etter parlamentsvala i 2004 og 2005. I 2005 vart Den kurdiske regionale regjeringa med sete i Hewler respektert i den nye irakiske grunnlova. Barzani er i dag president for den autonome provinsen Kurdistan.

Kurdarar i Syria har under borgarkrigen i landet etablert sjølvstyre i tre regionar under den felles nemninga Rojava.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

På norsk:


På andre språk:

  • Akman, Haci and Ove Stoknes (eds) The Cultural heritage of the Kurds. Bergen, Center for Development Studies. ISBN 8274530616
  • Gunter, Michael M. (2004) Historical Dictionary of the Kurds, Lanham and Oxford, Scarecrow Press ISBN 0-8108-4870-8
  • Kreyenbroek, Philip & Christine Allison (eds) (1996) : Kurdish Culture and Identity London, Zed Books ISBN 1-85649-329-6
  • Lawrence, Quil (2008) Invisible nation New York, Walker & Company. ISBN 0-8027-1611-3
  • Marcus, Aliza: Blood and Relief (2007): The PKK and the Kurdish Fight for Independence, New York: New York University Press ISBN 978-0-8147-5711-6
  • McDowall, David (2004): A Modern History of the Kurds , London I.B. Tauris ISBN 1-85043-416-6
  • McKiernan, Kevin (2006): The Kurds. A people in Search of Their Homeland.New York, St. Martin's press. ISBN 0-312-32546-0
  • Rasmussen, Nina og Tim Hjalte (2004): Rejsen til landet der ikke findes. København, Rosinante ISBN 87-638-0244-9
  • Yildiz, Kerim (2004): The Kurds in Iraq. London, Pluto Press ISBN 0-7453-2229-8

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. World Factbooks.
  2. World Factbook rapporterer at ikkje-arabarar utgjer opp til 9,7% av den syriske folkesetnaden, men oppgjev ikkje eigne tal for kurdarane. Sidan Syria består av ein stor armensk folkesetnad synst 8% å vere eit rimeleg prosentandel.
  3. CIA: The World Factbook, arkivert frå originalen 10. mai 2013, henta 23. mai 2014 
  4. McDowall, David (2000): A modern history of the Kurds. London: I.B. Tauris.
  5. Hassanpour, Amir: A Stateless Nation's Quest for Sovereignty in the Sky, forskerrapport presentert ved Freie Universitat Berlin, 7. november 1995.
  6. http://www.todayszaman.com/news-293385-132-student[daud lenkje] sin-apply-for-kurdish-elective-course-in-diyarbakir.html
  7. http://www.utrop.no/Nyhende/Utanriks/23514
  8. http://www.worldbulletin.net/?aType=haber&ArticleID=96039

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]