Det nyassyriske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Det nyassyriske riket

Det nyassyriske rike var eit rike i Mesopotamia som byrja i 934 f.Kr. og enda i 609 f.Kr.[1] I løpet av denne perioden tok Assyria ein posisjon som den mektigaste nasjonen på jorda, og overgjekk Babylonia, Egypt, Urartu/Armenia[2] og Elam i dominansen av Midtausten, Anatolia, Kaukasus, Nord-Afrika, og den austlege delen av Middelhavet, men det var ikkje før reformene til Tiglat-Pileser III på 700-talet f.Kr.[3] at det vart eit enormt imperium.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Assyria var opphavleg eit akkadisk kongedømme som utvikla seg 2400 til 2300 f.Kr. Dei tidlegaste assyriske kongane som Tudiya var relativt små herskarar, og etter skipinga av Det akkadiske riket, som varte frå 2334 f.Kr. til 2154 f.Kr., vart desse kongane underlagt Sargon av Akkad som sameinte dei akkadisktalande og sumerisktalande folka i Mesopotamia under ein herskar.

Den urbaniserte akkadiske nasjonen Assyria (og frå 1894 f.Kr. kalla for Babylonia) utvikla seg hovudsakleg frå det oppløyste akkadiske riket. I den gammelassyriske perioden i tidleg bronsealder, hadde Assyria vore eit kongedømme i nordlege Mesopotamia (dagens nordlege Irak), tevla for dominans med hattiarar og hurrittarar i Anatolia, og dei syrisk-akkadiske bystatane som Isin, Ur og Larsa, og seinare med Babylonia som vart grunnlagde av amorittane i 1894 f.Kr., og som ofte var underlagd kassittane. I løpet av 1900-talet f.Kr. etablerte Assyria koloniar i Anatolia, og under kong Ilushuma utførde Assyria fleire suksessfulle krigstokt mot statane i sør. Landet fekk vekslande lukke i den midtre assyriske perioden, men hadde ei stordomstid under Sjamsi-Adad I på slutten og på midten av 1800-talet f.Kr. Det hamna deretter i korte periodar under babylonsk og mitannisk-hurrisk overherredøme på høvesvis 1600- og 1400-talet f.Kr. før landet igjen fekk ei stordomstid frå 1365 til 1074 f.Kr. som omfatta styra til store kongar som Assur-Uballit I, Tukulti-Ninurta I og Tiglat-Pileser I. Under «den mørke tidsalderen» i bronsealderen vart Assyria verande ein sterk og stabil nasjon i motsetnad til rivalane sine.[4] Frå med krigane til Adad-nirari II vart Assyria igjen ei stormakt som velta det tjuefemte dynastiet i Egypt og erobra store og små nasjonar som Egypt, Babylonia, Elam, Urartu, Media, Persia, Mannai, Gutium, Fønikia/Kanaan, Aramea (Syria), Arabia, Israel, Judea, Filistia, Edom, Moab, Samarra, Kilikia, Kypros, Kaldea, Nabatea, Kommagane, Dilmun og hurrittar, Shutu og nyhettittane; dreiv ut nubiarar, kusjittane og etiopiarane frå Egypt; sigra over kimmeriarar og skytarane; og utpressa tributtar frå Frygia, majanarane og Punt blant andre.

Det nyassyriske rike etterfølgde den midtre assyriske perioden og det midtre assyriske rike (1300- til 900-talet f.Kr.). Ein del forskarar som til dømes Richard Nelson Frye har vurdert det nyassyriske rike som det første reelle imperiet i historia til menneska.[5] I løpet av denne perioden ble også arameisk offisielt språk i riket, ved sidan av akkadisk.[5]

Det nyassyriske riket vart til sist overvunne av ei samanslutning av babylonar, mediarar, skytarar og andre i slaget ved Ninive i 612 f.Kr. og den påfølgjande herjinga av den siste hovudstaden til riket Harran i 608 f.Kr. Meir enn eit halvt hundreår seinare vart både Babylonia og Assyria provinsar av Persarriket. Sjølv om assyrarane under kongedømmet til Asurbanipal øydela den elamittiske sivilisasjon, fekk den assyriske kulturen ein innverknad på det etterfølgjande riket til mederane og persarane, indoeuropeiske folk som tidlegare hadde vorte dominerte av Assyria.

Det assyriske riket før reformene 911-745 f.Kr.[endre | endre wikiteksten]

Kong Asurnasirpal II møtte ein høg embetsmann ved mottakinga av soldatar og krigsfangar. Han er følgd av ein parasollberar og er vakta over av ein guddom med venger. Han held ein boge og eit par piler, symbolet på siger i krig. Frå nordvestpalasset ved Nimrod, i dag i British Museum.

Etter Tiglat-Pileser I døydde i 1076 f.Kr. var Assyria i ein nedgang i dei neste 150 åra. Perioden frå rundt 1200 til 900 f.Kr. var ein mørk tidsepoke for heile Det nære austen, Nord-Afrika, Kaukasus, Middelhavet og regionen i Balkan, prega av stor uro og folkevandringar. Trass i den openbare svekkinga til Assyria, vart han verande eit solid, godt forsvart riket med dei beste krigarane i verda, samanlikna med naborika. Assyria var i ein sterkare posisjon gjennom denne perioden enn dei fremste rivalane, som Egypt, Babylonia, Elam, Frygia, Urartu, Persia og Media.[6] Kongar som Assur-bel-kala, Asjarid-apal-Ekur, Assur-rabi II, Tiglat-Pileser II og Assur-Dan II forvara grensene til Assyria og opprettheldt stabilitet i landet trass i den urolege epoken.

Den lange perioden med isolasjon enda med at Adad-nirari II tok makta i 911 f.Kr. Han underkasta dei områda som tidlegare berre var under formelt vasallforhold til Assyria, erobra og deporterte plagsame arameiske og hurrittiske folkesetnader i nord til fjerne stader. Adad-nirari II gjekk deretter to gonger til åtak og vann over Samasj-mudammiq av Babylonia, annekterte eit stort landområde nord for elva Diyala og byane Hīt og Zanqu i midtre Mesopotamia. Han tok større deler av Babylonia under Nabu-shuma-ukin I seinare i styret sitt. Adad-nirari II vart etterfølgt av Tukulti-Ninurta II i 891 f.Kr. som vidare etablerte posisjonen til Assyria og ekspanderte nordover i Anatolia og Zargosfjella i løpet av det korte styret sitt.

Den neste kongen, Asurnasirpal II (883–859 f.Kr.), starta eit omfattande ekspansjonsprogram, først erobra han folka i nord så langt som Nairi ved Vansjøen, deretter erobra aramearar og nyhettittarar mellom elvane Khabur og Eufrat. Brutaliteten hans utløyste eit opprør som vart avgjerande knust i eit to dagars slag. Etter denne sigeren drog han vidare utan større motstand mot Aram (dagens Syria) og Anatolia så langt som til Middelhavet og pressa tributt frå Frygia og Fønikia. Asurnasirpal dreiv òg hærtokt i Zargosfjella i dagens Iran, og utløyste opprør om assyrisk styre frå lullubiarane og gutearane. Ulikt noko anna tidlegare byrja assyrarane å skryte av brutaliteten og råskapen sin i monumenta sine og inskripsjonar.[7] Asurnasirpal flytta òg hovudstaden til byen Kalhu (Nimrud). Palassa, templa og andre bygningar som vart konstruerte av han ber vitnemål av ei stor utvikling i kunsten og rikdomen.[8] Asurnasirpal bygde òg ei rekkje citadell og festningar som Kar Asurnasirpal.

Kurkhmonolitten

Asurnasirpals son, Salmanassar III (858–823 f.Kr.), hadde eit langt styre på 34 år medan hovudstaden vart omforma til ein væpna leir. Kvart år marsjerte dei assyriske hærane ut på krigstokt. Babylon vart okkuperte, og Babylonia redusert til ein vasallstat. Han kjempa mot Urartu og marsjerte ein hær mot ein allianse av arameiske statar leidde av Hadadeser av Aram-Damaskus som omfatta òg Akab av Israel, og dei møttest i slaget ved Qarqar i 853 f.Kr. Trass i Salmanassars skildring av «fordrivde motstandarar», synst det heller som om slaget enda uavgjort då dei assyriske styrkane vart trekte tilbake kort tid etter. Slaget er nemnde på assyrisk på Kurkhmonolitten som i dag er ved British Museum.[9][10]

Shamshi-Adad V, detalj frå ein stele på British Museum.

Salmanassar III erobra den nyhettittiske staten Karkemisj i 849 f.Kr. I 841 f.Kr. marsjerte ein hær mot Hasael av Aram-Damaskus, kringsette Damaskus og tvinga fram tributt, men tok ikkje byen. Han skaffa seg òg tributt frå Jehu av Israel, og dei fønikiske bystatane Tyr og Sidon. Den svarte obelisken hans, Kurkhmonolitten, nedteikna mange av dei militære hendingane under styret hans.[2] Dei siste fire åra av styret hans vart forstyrra av eit opprør frå den eldste sonen hans Ashur-nadin-aplu som nesten viste seg å verte lagnadstungt for Assyria. 27 byar, inkludert Assur, Arbela, Arrapkha (Kirkuk) og andre stader følgde kongsemnet. Opprøret var ikkje rett direkte mot kongen, men heller mot provinsguvernørar som Dayan-Ashur som hadde samla seg uforholdsmessig makt. Opprøret vart knust med store vanskar av Shamshi-Adad V, Salmanassars andre son og som etterfølgte han ved døden hans i 824 f.Kr.

Den lange og bitre borgarkrigen hadde ført til at babylonarane i sør, mederane, mannaiarane, og persarane i nord og aust, omfram aramearane og nyhettittane i vest i stor grad hadde rista av assyrisk styre, og Shamshi-Adad V måtte nytte den gjenverande delen av styret sitt til sikre kontroll på nytt over desse folka. I løpet av den same perioden hadde Urartu gripe høvet til sikre innverknaden sin over region. Som eit resultat av desse hendingane hadde Assyria ikkje ekspandert vidare under Shamshi-Adad V. Ved døden hans i 810 f.Kr. vart han etterfølgt av den unge sonen sin Adad-Nirari III, og i fire år fram til 806 f.Kr. var det mora hans, dronning Sammuramat som styrde som regent i staden hans. Mange legender omgjev denne dronninga, særlege legenda om Semiramis, likevel vart ho i lita grad nemnt i assyriske nedskrivingar i samtida.[11] Då Adad-Nirari III voks opp overtok han sjølv styringa av riket og invaderte Levanten og underkasta aramearane, fønikarane, filistarane, israelittane, nyhettittane, og edomittane. Han gjekk mot byen Damaskus og tvinga tributt frå kongen deira Bein-Hadad III. Han vende seg deretter mot det området som i dag er Iran og underkasta persarane, mederane og mannaiarane, og drog så langt av stad som til Kaspihavet. Det neste målet hans var kaldearane og sutustammene i søraustlege Mesopotamia som han erobra og reduserte til vasallar.

Nedgangstid, 782–745 f.Kr.[endre | endre wikiteksten]

Adad-Nirari III døydde for tidleg i 782 f.Kr. og det førte til ei nedgangstid. Salmanassar IV (782–773 f.Kr.) synest å ha hatt liten autoritet, og ein siger over Argishti I av Urartu er kreditert hærføraren, turtanu, ved namn Shamshi-ilu som ikkje følte behov for å nemne namnet til kongen. Shamshi-ilu fekk òg ein del sigrar over aramearane og nyhettittane, og tok igjen personleg ære for krigane på rekning av kongen. Assur-Dan III kom til trona i 772 f.Kr. og viste seg å vere lite dugeleg herskar og vart plaga med indre opprør i byar som Assur, Arrapkha og Guzana. Han klarte heller ikkje å skaffe framgang mot Babylonia og Aram (Syria). Styret hans var i tillegg prega av pest og ein illevarslande solformørking. Assur-Nirari V vart konge i 754 f.Kr. og tida hans synest å ha vore jamleg prega av opprør, revolusjon og uro, og han synast knapt å ha forlate palasset sitt i Ninive før han vart avsett av Tiglat-Pileser III i 745 f.Kr som førte med ei fornying for Assyria.

Tiglat-Pileser III, 744-727 f.Kr.[endre | endre wikiteksten]

Dei assyriske deportasjonane av jødane ved tre høve.

Tiglat-Pileser III kom på den assyriske trona var landa i ein tilstand av kaos. Borgarkrig og pest herja landet, og mange av dei nordlegaste koloniane i Anatolia hadde vorte erobra av Urartu. I 746 f.Kr. hadde byen Kalhu (Nimrud) vorte med opprørarane og på den 13. iyyar det påfølgjande året tok ein assyrisk hærførar ved Pulu den assyriske trona under namnet Tiglat-Pileser III. Han gjorde gjennomgåande endringar den assyriske regjeringa som i stor grad forbetra effektiviteten og tryggleiken.

Dei erobra provinsane vart organiserte under eit omfattande byråkrati med kongen som øvste hovud. Kvart distrikt betalte ein fastlagd tributt eller skatt og gav ein militær kontingent. Dei assyriske styrkane var på denne tida vorte ein profesjonell, ståande hær som med påfølgjande forbetringar vart ein uimotståeleg krigsmaskin. Den assyriske politikken var deretter etter å redusere heile den siviliserte verda til eit enkelt rike, kontrollere all handel og rikdom på assyriske hender. Desse endringane er ofte identifiserte som byrjinga på «det andre assyriske rike».[12]

Relieff av Tiglat-Pileser III som kringset ein by.

Etter at Tiglat-Pileser III hadde teke trona i Assyria, invaderte han Babylonia, sigra over kongen til nabolandet Nabonassar, og bortførte gudane til Šapazza, fortel Den assyrisk-babylonske krønika (ABC 1 Col.1:5).[13] Etter å ha underkasta Babylon til tributt, sigra over Urartu og erobra mederane, persarane og nyhettittane, retta Tiglat-Pileser III hærstyrkane sine mot Aramea (Syria) der store område hadde teke sjølvstendet sitt, og gjekk mot den inntektsgivande fønikiske hamnebyane ved kysten av Middelhavet. Han erobra Arpad i nærleiken av Aleppo i 740 f.Kr. etter ei kringsetjing på 3 år, og herja Hama. Ussia av Juda hadde vore ein alliert av kongen av Hama, og Tiglat-Pileser kravde såleis underkasting av den jødiske kongen og at han betalte ein årleg tributt.

I 738 f.Kr. under styret til Menahem, konge av Israel, okkuperte Tiglat-Pileser III Filistia (Palestina) og invaderte Israel, og påla ein tung tributt på landet.[14] Akas, konge av Judea, var opptekne i ein krig mot Israel og Aramea, appellerte om hjelp frå den assyriske kongen ved å sende gåver beståande av gull og sølv, i samsvar med Andre Kongebok.[15] Tiglat-Pileser III skal følgjeleg ha marsjert mot Damaskus, og kringsett byen. Etter å ha forlate delar av hæren til å halde fram kringsetjing, drog han vidare og herja med eld og sverd i provinsane aust for Jordan (Nabatea, Moab og Edom), Filistia og Samaria. I 732 f.Kr. gjekk han inn i Damaskus, sigra over og drap kong Resin av Aram-Damaskus. Folkesetnaden førde han bort til Kir. Han deporterte òg mange av dei jødiske busetjarane i regionen Samaria til Assyria. Han tvinga dessutan tributt frå arabarane i ørkenområda på Den arabiske halvøya. I 729 f.Kr. drog Tiglat-Pileser III til Babylonia og tok Nabu-mukin-zeri, konge av Babylon, til fange (ABC 1 Col.1:21). Han lét seg sjølv krone som kong Pulu av Babylon. Tiglath-Pileser III døydde i 727 f.Kr. og vart etterfølgt av Salmanassar V. Likevel braut Hosea av Israel avtala om å betale tributt og allierte seg med Egypt mot Assyria i 725 f.Kr. Det fekk Salmanassar til å invadere Syria, i samsvar med Andre Kongebok,[16] og kringsett Samaria, hovudstaden i Israel i tre år (ABC 1 Col.1:27).

Sargon-dynastiet[endre | endre wikiteksten]

Sargon II, 721-705 f.Kr.[endre | endre wikiteksten]

Ein assyrisk okse med venger, eller lamassu, frå palasset til Sargon i Dur-Sharrukin.

Salmanassar V døydde brått i 722 f.Kr. medan han kringsette Samaria, og den assyriske trona vart teken av Sargon II, ein turtanu, øvstkommanderande av hæren (som det gamle testamentet refererer til som tartan). Han drog deretter raskt til Samaria, erobra landet, og knuste det nordlege israelittiske kongedømmet, og sende kanskje 27 000 menneske i eksil i det som vert kalla den israelske diasporaen. Denne hendinga vart truleg grunnlaget for segna om Dei ti bortkomne stammene i Israel.[17] Sargon II gjekk til krig i hans andre år som konge, 721 f.Kr., mot kongen av Elam, Humban-Nikasj I, og hans allierte Marduk-apla-iddina II (same som den bibelske Merodak Baladan), den kaldeenske herskaren av Babylon som hadde kasta av seg assyrisk styre.[18] Sargon var ikkje i stand til å fordrive han ved dette høvet,[19] og heller ikkje erobre Babylon og han vende merksemda si mot Urartu og Aramea, erobra Karkemisj i 717 f.Kr., omfram òg å sigre over mederane, persarane og mannaiarane, og trengde seg såg langt inn på Det iranske høglandet som til fjellet Bikni og bygde fleire festningar her. Urartu leid eit knusande nederlag, hovudstaden vart herja og plyndra, og kongen deira, Ruste, tok livet av seg i skam. Dei nyhettittiske statane i nordlege Syria vart erobra, og det same vart Kilikia og Kommagane. Assyria førde krig mot Babylonia i ti år medan Marduk-apla-iddina herska i Babylon.[20] I 710 f.Kr. angreip Sargon Babylonia med veldige styrkar og sigra over Marduk-apla-iddina som flykta til vernarane sine i Elam.[21] Som eit resultat av denne sigeren underkasta dei greske herskarane på Kypros seg Assyria og kong Midas av Frygia, som frykta den assyriske krigsmakta, tilbaud venskapen sin. Sargon bygde òg ein ny hovudstad ved Dur Sharrukin («Sargons by/festning») i nærleiken av Ninive med alle dei rikdomane som Assyria hadde samla frå dei nasjonane som riket hadde underkasta.

Sankerib, 705–681 f.Kr.[endre | endre wikiteksten]

I 705 f.Kr. vart Sargon drepen i eit slag medan han freista å fordrive kimmeriarar ut. Dei hadde drive frå heimlandet sitt til breiddene av Svartehavet og angripe dei assyriske koloniane og folka i Iran og pressa dei persiske innbyggjarane sørover frå områda deira rundt Urmia. Sargon vart etterfølgt av sonen sin Sîn-ahhī-erībad, eller under det bibelske namnet han er mest kjent som, Sankerib.[22] Sankerib flytta hovudstaden til Ninive og sette deporterte folkeslag til å arbeide med å forbetre irrigasjonskanalsystemet i Ninive. Den første oppgåva hans var å sikre seg kontroll over Kilikia, og overvann opprørarane og deira greske allierte. Han sikra òg på nytt assyrisk overherredømme over kordiane i nordlege Mesopotamia.

Assyrisk krigsskip, bireme med spiss baug, 700 f.Kr.

Egyptarane hadde byrja agitere overfor folka innanfor Det assyriske rike i eit forsøk på å få eit fotfeste i regionen. Som eit resultat inngjekk Hiskia av Judea, Lule av Sidon, Sidka av Ashkelon, og kongen av Ekron ein allianse i 701 f.Kr. med Egypt mot Assyria. Sankerib angreip opprørarane, erobra Ashkelon, Sidon og Ekron og sigra over ein egyptisk hær og fordreiv dei frå regionen. Deretter marsjerte han mot Jerusalem, øydela 46 byar, hovudsakleg landsbyar, men på vegen òg den tungt befesta Lakisj. Dette er visuelt skildra i Jesajaboka 10,[23] men nøyaktig kva som skjedde er likevel uklart. Bibelen fortel at Gud sin engel drap 185 000 assyriske soldatar ved Jerusalem etter at Hiskia hadde bede i tempelet. Assyriske kjelder hevdar at Judea betalte han ein stor tributt og då forlét landet. Den hebraiske Bibelen slår fast at Hiskia betalte tributt ein gong, og at assyrarane drog, men kom tilbake for andre gong og vart då drepen av Gud. Det som er klårt er at Sankerib ikkje erobra Jerusalem. Marduk-apla-iddina hadde drege tilbake til Babylonia i løpet av styret til Sankerib. Den assyriske kongen angreip han i 703 f.Kr. utanfor Kisj og vann over han. Sankerib plyndra Babylonia og forfølgde Marduk-apla-iddina gjennom landet. Då han kom tilbake til Assyria fekk han installert ein klientkonge, Bel-ibni, som konge i Babylon.[24] Bel-ibni vart likevel ein fiende og Sankerib måtte i 700 f.Kr. vende tilbake til Babylon for å rydde opp. Bel-ibni og offiserane hans vart tekne til fange og Sankerib sette inn sin eigen son Ashur-nadin-shumi som herskar av Babylon.[25]

Sankerib sette i gang eit angrep på Elam i 694 f.Kr. og herja landet. Til gjengjeld retta kongen av Elam eit angrep på Babylon og tok Ashur-nadin-shumi til fange og frakta han bort i lenkjer (og han vart aldri høyrd frå igjen). Ein ny konge, Nergal-ušezib, vart innsett som herskar i Babylon.[26] Assyrerne kom tilbake til Babylonia året etter og plyndra Uruks gudar. Nergal-ušezib og hans elamittiske allierte vart beseiret av assyrarane, og han vart teken til fange og frakta til Assyria.[27] Ein annan innfød babylonsk herskar ved namn Mushezib-Marduk overtok trona i Babylon, og heldt på han ved hjelp av elamittiske allierte i fire år, fram til 689 f.Kr. då assyrarane igjen erobra byen.[28] Sankerib reagerte brutalt ved å leie vatnet frå kanalane rundt byen og lét det fløyme inn i sentrumet i byen til han vart ein sump, og såleis øydela den heilt medan folkesetnaden i byen vart spreidd. I 681 f.Kr. vart Sankerib drepe medan han bad til guden Nisrok av ein eller fleire av sine eigne søner, moglegvis for at han hadde øydelagt den heilage byen Babylon.[29][30]

Asarhaddon, 681–669 f.Kr.[endre | endre wikiteksten]

Asarhaddon sin sigersstele, no i Berlin.

Sankerib vart etterfølgd av sonen sin Asarhaddon (Ashur-ahhe-iddina), som hadde vore guvernør av Babylonia, og dreiv krig i Kaukasusfjellene mot Urartu på den tida far hans vart drepen og der han vann ein siger mot Malatya (Milid). I løpet av det første året av styret hans braut det ut opprør sør i Babylonia. Nabu-zer-kitti-lišir, eit etnisk elamittisk guvernør av mat Tamti kringsette byen Ur med støtte frå kaldearane. Dette forbundet vart erobra og Nabu-zer-kitti-lišir flykta til Elam (Hal-Tamti); likevel vert opplyst det at «kongen av Elam tok han til fange og la han for sverdet.»[31]

I 679 f.Kr. kaldearane og skytarane, eit ryttarfolk frå det som i dag er sørlege Russland, kryssa Taurusfjella og angreip assyriske koloniar i Kilikia. Asarhaddon kom raskt til med eit motangrep og fordreiv dei inn i Frygia.

Asurbanipal i posisjonen sin som ypparsteprest

Som konge av Assyria fekk Asarhaddon umiddelbart Babylon gjenoppbygd etter fare sine øydeleggjingar, og han forfremma Babylon til ein av hovudstadene sine. Etter å ha vunne over skytarane, kimmeriarane, og mediarane, vende han merksemda si mot Fønikia, som denne gongen hadde alliert seg med dei nubiske-kusjittiske herskarar i Egypt. Asarhaddon angreip byen Sidon i 677 f.Kr. og sigra òg over kong Manasse som han frakta med som fange til Babylon for ei tid.[32] Etter ha fått nok av egyptisk innblanding, invaderte han Egypt i 673 f.Kr. To år seinare gjekk til ein full invasjon og erobra Egypt, og fordreiv farao Taharqa sørover til Nubia, noko som effektivt avslutta det nubiske-kusjittiske herredømmet i Egypt som hadde byrja i 760 f.Kr. Den babylonske krønika fortel korleis Egypt «vart herja og gudane deira bortført».[33] Farao Taharqa flykta frå Egypt og ein stele som minnest den assyriske sigeren vart sett opp ved Sinjerli i Anatolia, nord for Antiokia, men er i dag ved Pergamonmuseet i Berlin. Det gamle testamentet har fortalt om overdraginga til Egypt i Jesajaboka: «...slik skal assyrarkongen driva med seg krigsfangane frå Egypt og dei bortførte frå Kusj, både unge og gamle, nakne, berrføtte og med berr bak, til vanære for Egypt. Folk skal bli slegne av skrekk og skam over Kusj, deira von, og over Egypt, deira pryd».[34]

Assyria vann over Urartu, annekterte mykje av områda og reduserte landet til ein vasallstat. Assyria ekspanderte sørover så langt som til Dilmun (Bahrain) og inn i Arabia. Dette var truleg den største utstrekninga Assyria nokon gong fekk. Dei assyriske guvernørane og dei lokale klientkongane som Asarhaddon utpeikte over Egypt vart nøydde til å flykte frå den innfødde egyptiske folkesetnaden som strekte seg etter sjølvstende etter at nubiarane og kusjittane hadde vorte forviste. Asarhaddon såg seg nøydd til å samle hæren og gå mot Egypt for andre gong, men denne gongen vart han sjuk på reisa og døydde. Den eldste sonen hans Šamaš-šuma-ukin vart konge i Babylon og hans andre son, Asurbanipal, vart konge av Assyria. Sistnemnde heldt då den fremste posisjonen og Babylon var underlagd Ninive.[35] Bel og dei andre babylonske gudane kom tilbake frå sin eksil i Assur til Babylon i det første året til Šamaš-šuma-ukin og akitufestivalen kunne feire for første gong på tjue år.[36]

Asurbanipal[endre | endre wikiteksten]

Ashurbanipals brutale kampanje mot Susa er triumferande teke vare på i dette relieffet som viser øydeleggjinga av Susa i 647 f.Kr. Flammane stig frå byen medan assyriske soldatar bryt han ned med hakkar og kujern og ber bort byte.

Ashurbanipal, eller Ashur-bani-apli, etterfulgte faren sin Asarhaddon på trona. Han enno planen med å invadere og dominere Egypt, deretter vart han distraherte til å måtte forhalde seg til presset frå mediarane i aust, og kimmeriarar og skytarane nord for Assyria. Han sette inn ein innfødt egyptisk farao, Psammetik I (assyrisk: Nabu-šēzibani), som vasallkonge i Egypt i 664 f.Kr. Etter at Gyges av Lydia appell om assyrisk hjelp mot kimmeriarane vart avslegen, vart lydiske leigesoldatar sendt til Psammetik.

Ved 652 f.Kr. følte Psammetik seg sterk nok til å erklære sjølvstende frå Assyria, og det skjedde på same tid som Ashurbanipals eldre bror Šamaš-šuma-ukin vart prega av babylonsk nasjonalisme og vorte trøytt av å vere underlagt den mektigare broren sin. Han sett i gang ein stor borgarkrig det same året. Eit nytt dynasti i Egypt oppretta derimot fredelege diplomatiske samband med Assyria. Šamaš-šuma-ukin freista å utløyse eit stort opprør som omfatta mange underlagde vasallstatar mot Ashurbanipal, men det slo feil. Opprøret varte fram til 648 f.Kr. då Babylon vart angripen og herja. I desperasjon sette Šamaš-šuma-ukin palasset i brann og drap seg sjølv. Ashurbanipal drog så vidare for å straffe kaldearane, arabarane og nabatearane som hadde støtta det babylonske opprøret. Han invaderte Den arabiske halvøya og underkasta arabarane, inkludert den mektige kedarstammen, tok stort krigsbytte tilbake til Ninive og drap dei arabiske høvdingane, Abiate og Uate. Nabatearane som budde sør for Daudehavet og i nordlege Arabia og kaldearane lengst sør i Mesopotamia vart òg erobra og underkasta. Elam vart angripne på nytt, underkasta og herja i 646 f.Kr. og 640 f.Kr., og hovudstaden Susa vart plyndra.

Ashurbanipal fremja kunst og kultur, og fekk bygd eit stort bibliotek med kileskrifttavler ved Ninive. Etter at det babylonske opprøret var vorte knust, stod Ashurbanipal fram som herre av eit veldig rike. I aust var Elam herja og øydelagt, mannaiarane og dei iranske persarane og mediarane var underkasta som vasallar. I sør var Babylonia vorte okkuperte, kaldearane, arabarane, sutunomadarane og nabatearane var vortne underkasta, det nubiske riket knust og Egypt betalte tributt. I nord hadde skytarane og kimmeriarane forsvunne og fordrive frå assyrisk område, Urartu, Frygia, Kordiene og dei nyhettittiske bystatane var vortne underlagt som vasallar og Lydia bad om assyrisk vern. I vest hadde Aramea (Syria), Fønikia, Israel, Judea, Samarra, og Kypros underkasta seg, og dei hellenistiske innbyggjarane i Karia, Kilikia, Kappadokia, og Kommagane betalte tributt til Assyria. Landet var no sterkare enn nokon gong, men den lange kampen med Babylonia og Elam, og den stadige krigføringa for å kontrollere og utvide riket i alle retningar hadde utmatta Assyria. Det hadde vorte tappa for rikdom og arbeidskraft, dei herja provinsane kunne ikkje yte dei ressursane som det var behov for, og det var vanskeleg å finne nok soldatar for å verne det veldige riket. Assyria var difor dårleg førebudd for å møte og stå imot fornya hordar av skytarar som no byrja å angripe grensene i nord og nordaust. Etter at assyrarane øydela Elam, hadde Media byrja å vekse seg mektig, og vart ei dominerande makt blant dei iranske folka som hadde byrja å busetje seg i regionane aust for Mesopotamia i tida rundt 1000 f.Kr. på kostnad av persarane og føriranske elamittane og mannaiarane, og dei var mot slutten av Ashurbanipals styre berre i namnet assyriske vasallar. Anatolia var òg fylt med fiendtlege skytarar og kimmeriarane som hadde velta Urartu, Lydia og Frygia før assyrarane klarte å slå dei tilbake. Så lenge Ashurbanipal enno levde hadde Assyria ein autoritet som var i stand til å kontrollere desse stadige truslane.

Assyrias fall, 627–605 f.Kr.[endre | endre wikiteksten]

Kostyma til ein assyrisk ypparsteprest til venstre og ein konge til høgre.

Ved Ashurbanipals død i 627 f.Kr. byrja det store riket raskt å gå i oppløysing etter ei rekkje bitre borgarkrigar braut ut som involverte ei mengd pretendentar til trona. Assur-etil-ilani etterfulgte Ashurbanipal, men vart umiddelbart involvert i ein borgarkrig med ein av sine eigne hærførarar, Sin-sumu-lisur, som tok kontrollen over Babylonia og deretter klarte å ta trona òg i Assyria. Han vart sjølv avsett av Sinsharisjkun kort tid etter. Etter endeleg å ha sigra over sine rivalar, møtte Sinsharisjkun ein langt større trussel. Hans babylonske vasallstat hadde teke fordelen av uroa i Assyria og gjort opprør under den tidlegare ukjende Nabopolassar, ein medlem av kaldeiske stammen, i 625 f.Kr. Deretter følgde ein lang krig utkjempa i Babylonia. Nabopolassar freista erobre Nippur, den viktigaste assyriske maktsenteret i Babylonia, men tapte for Sinsharisjkun. Likevel klarte Nabopolassar å ta Babylon etter eit folkeleg opprør der, og han vart krona som konge av byen i 625 f.Kr. Sinsharisjkun tapte deretter meir feste før han igjen klarte å gjenerobre Uruk truleg året etter, men berre for å tapte han igjen. Då Sinsharisjkun leidde ein stor hær til Babylonia i 623 f.Kr. i eit forsøk å slå ned opprøret ein gong for alle, braut det ut ein annan krig i sentrale Assyria. Ein avlastingshær vart send tilbake frå Babylonia, men denne gjekk over til den motsette sida og tronranaren kunne nå hovudstaden Ninive utan motstand og ta trona. Sinsharisjkun vende tilbake for å slå ned opprøret i Assyria, men tapte kostbar tid på å løyse problemet i Babylonia, og Nabopolassar kunne feste stillinga si. I 620 f.Kr. kunne han endeleg erobre Nippur, noko som gjorde han til herre over heile Babylonia.

Medan desse hendingane utfolda seg, hadde Media òg frigjort seg frå assyrisk dominans og konsoliderte makta til det som kom til å verte Persarriket. I 616 f.Kr. gjekk kong Kyaxares av Media i ein allianse med Nabopolassar, og med hjelp frå skytarane og kimmeriarane angreip dei Assyria. Assyrerne stod då overfor veldige odds, og etter fire år med omfattande krigføring, klarte forbundet å øydeleggje Ninive i 612 f.Kr. etter ei lang kringsetjing der kampane rasa frå hus til hus. Med det fall Det assyriske riket saman, og Sinsharishkun vart drepen i den same prosessen. Ein general kalla Asur-uballit II vart erklærd som konge av Assyria. Med forseinka støtte frå farao Necho II, frå eit dynasti som hadde vorte installert av assyrarane, heldt Harran ut fram til 608 f.Kr.[37] Egypt heldt fram å gje støtte til assyrarane som desperat freista å tøyme den aukande makta til babylonarane og mediarane. I 609 f.Kr. i slaget ved Megiddo sigra ein egyptisk hær over ein militær styrke frå Judea under kong Josjia og greidde å nå dei siste leivningane av den assyriske hæren. I det siste slaget ved Harran i 608 f.Kr. greidde babylonarane og mediarane å vinne over den assyrisk-egyptiske hæren, noko som førte til at Assyria opphøyrde å eksistere som ein sjølvstendig nasjon.[37] Ein ny egyptisk styrke vart send i 605 f.Kr., noko som tyder på at assyrisk motstand enno eksisterte, men òg dette vart eit tilbakeslag då assyrarane og egyptarane tapte ved Karkemisj i 605 f.Kr. Det er ikkje kjent om Ashur-uballit II vart drepen ved Harran eller Karkemisj, eller om han overlevde, men han forsvann uansett frå historia. Eit hundre og sytten år seinare gjorde Assyria eit siste forsøk på å få tilbake sjølvstendet sitt med eit storstilt opprør mot det persiske Akamenide-dynastiet i 482 f.Kr., men det vart slege ned av kong Dareios II av Persia.

Språkleg endring[endre | endre wikiteksten]

Gammzlsyrisk flagg.[38]

Frå 700-talet f.Kr. hadde arameisk språk gradvis etablert seg sjølv som fellesspråk for riket. Grunnen var ein jamn tilstrøyming av semittisktalande frå steppene og ørkenområda i vest. I særs tidleg forhistorisk tid hadde dei som kom til å snakke eit akkadisk språk, namngitt etter maktsenteret i byen Akkad, kome til regionen og vart samansmelta med dei eksisterande sumerarane. Seinare kom vestsemittar som amorittar og i assyrisk tid òg aramearar.[39] I tillegg til stadig innvandring av folk som søkte høva i dei fruktbare områda mellom elvane Eufrat og Tigris, var det ein medviten politikk frå dei assyriske herskarane å flytte på erobra folk. Sargon slo sjølv fast i ein av inskripsjonane sine at «Eg kringsette og erobra Samaria. Eg førde bort 27 290 av deira folk...» Mot slutten av si tid hadde Assyria på slump eller ved medviten politikk vorte eit stort territorium som omfamna bortimot heile Midtausten, og alle som levde i Assyria var assyrarar, uansett kva for eit språk dei snakka. At Israels ti tapte stammar vart inkorporerte inn i den generelle folkesetnaden viste at politikken verkte.[40] Likevel hadde integreringspolitikken òg konsekvensar. Arameisktalande kom etter kvart til utgjere fleirtalet og den opphavlege assyriske folkesetnaden som snakka akkadisk vart mindretalet i sitt eige land. Overklassa heldt seg til akkadisk, men framgangen til det nye språket arameisk førde til at det første vart eit alternativt språk, og deretter hovudspråket.[41]

Ved 500-talet hadde akkadisk vorte såpass marginalisert at det var arameisk som var riket sitt hovudspråk under Akamenide-dynastiet sitt Assyria. Ein annan grunn til auken av arameisk var ikkje mengda talande i seg sjølv, om enn viktig, men at dei førde med seg alfabetet. Medan kileskrift var førehaldt styresmakter og presteskapet og kravde livslang trening for å meistre, kunne kven som helst lære seg prinsippa til alfabetet i løpet av nokre timar eller dagar.[42] Bruken av arameisk var såleis ein av fremste faktorane til endringa i Assyria. Folkesetnaden i både Assyria og Babylonia hadde vorte ein etnisk blanding av innfødde akkadarar og aramearar. Då riket til sist fall var det berre eliten som kunne lese akkadisk kileskrift. Den valdsame herjinga av Ninive, Assur og talrike andre assyriske byar, førde til at det vart altfor få igjen til å oppretthalde dei gamle språket. Akkadisk døydde ikkje ut med ein gong. Dei siste nedteikna skriftene i akkadisk kileskrift er daterte til 100-talet e.Kr., og skrift i akkadisk språk, men gammalsyrisk skrift er datert til så seint som 200-talet e.Kr.

Assyria etter fallet[endre | endre wikiteksten]

Assyria kom til å verte styrt av Babylon for ein kort periode. Ironisk nok var Nabû-naʾid (Nabonidus), Babylons siste konge, sjølv assyrisk og opphavleg frå Harran, slik òg sonen hans Belsassar var det. Etter han vart Babylon styrt av akamenidane sitt Persia, det greske Selevkideriket, deretter på nytt av ulike persiske dynasti, Sasanide-dynastiet, Partia og i ein kort periode under keisar Trajan var det òg styrt frå Roma.

Assyria overlevde som ei eining og som ein provins. Namnet overlevde òg i ulike former som blant anna Athura, Asuristan, den romerske provinsen Assyria og liknande, men etter den arabiske erobringa på slutten av 600-talet vart provinsen Assyria endeleg oppløyst. Assyrisk kultur overlevde etter fallet og assyrisk-babylonske gudar vart respektert godt inn i kristen tid så seint som 300-talet e.Kr.[43] og templa vart enno dedikerte til guden Assur] i heimbyen sin på slutten av 200-talet. Ei mengd kongedøme var i det minste delvis nyassyriske som Hatra, Osroene, og Adiabene. Kristendommen fekk fotfeste mellom 100- og slutten av 200-talet, og partiske og Sasanide-dynastiet sitt Assyria (Asuristan) vart sentrum for kyrkja i Aust, syrisk kristendom og gammalsyrisk litteratur (omgrepa «Syria» og «gammalsyrisk» var greske forvanskingar av Assyria og assyrisk).[44]

Det assyriske folket har overlevd til i dag, og mange er enno kristne.[45][46] Assyriske personnamn eksisterer enno og assyrarar snakkar enno dialektar av austleg arameisk.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Lamassu eller oksemenneske utgravne ved Nebi Yunus i Ninive av irakiske arkeologar.

Fleire av dei eldste oldtidsverka i mesopotamisk litteratur er best verna i nyassyriske kopiar. Såleis er det kopiar frå 600-talet f.Kr. av både Gilgamesjeposet og Enuma Elish frå Asurbanipal sitt bibliotek i Ninive, i tillegg til nyassyriske versjonar av Atrahasis.

Nyassyrisk kileskrift er det siste stadiet i ein lang evolusjon av kileskrifta. Mengda biletteikn (glyf) vart redusert, og forma til teikna vart standardisert og forenkla slik at dei moderne kileskriftteikna vanlegvis er baserte på nyassyriske former. Nyassyrisk kileskift vart i bruk saman med arameisk skrift (som hadde utvikla seg frå fønikisk skrift) godt inn i partisk tid. Arameisk språk frå 700-talet f.Kr. vart fellesspråk i Det assyriske riket og heldt fram som det òg i Akamenide-dynastiets tid. Assyriske skrivarar er ofte avbilda i par, truleg skreiv det eine akkadisk i kileskrift medan han skreiv arameiskpergament eller papyrus.

Dei fremste byane i Assyria var Ninive, Assur, Kalhu (Nimrud), Sippar, Opis, Arrapkha (Kirkuk), Harran, Arbela (Erbil) og Ekallatum. Utanfor sjølve Assyria, men i ulike tider innanfor assyrisk dominans og overherredømme var Babylon, Damaskus, Theben, Memfis Tyr, Sidon, Ekbatana, Hattusa, Jerusalem, Susa, Persepolis, Karkemisj, Sardis, Ur, Uruk, Nippur og Antiokia.

Mot slutten av bronsealderen var Ninive langt mindre enn Babylon, men var likevel ein av dei fremste byane i verda med ein folkesetnad på rundt 33 000. Mot slutten av nyassyrisk tid hadde han vakse til ein folkesetnad på rundt 120 000 og var kanskje den største byen i si tid.[47] Alle frie mannlege borgarar hadde plikt til å tenestegjere i hæren for ei tid, eit system som vart kalla for ilku. Assyrisk lov, kjent for den undertrykkjande haldninga si mot kvinner i det assyriske samfunnet, vart sett saman på denne tida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «National and Ethnic Identity in the Neo-Assyrian Empire and Assyrian Identity in Post-Empire Times» (PDF). Assyriology. Journal of Assyrian Academic Studies, Vol 18, No. 2. 2004. Sitat: «The Neo-Assyrian Empire (934-609 BC) was a multi-ethnic state composed of many peoples and tribes of different origins.»
  2. 2,0 2,1 «The Black Obelisk of Shalmaneser III»
  3. «Assyrian Eponym List»
  4. Roux, Georges (1993): Ancient Iraq, Penguin, 3. utg.
  5. 5,0 5,1 Frye, Richard Nelson (1992): «Assyria and Syria: Synonyms» i: Journal of Near Eastern Studies. Sitat: «And the ancient Assyrian empire, was the first real, empire in history. What do I mean, it had many different peoples included in the empire, all speaking Aramaic, and becoming what may be called, «Assyrian citizens». That was the first time in history, that we have this. For example, Elamite musicians, were brought to Nineveh, and they were 'made Assyrians' which means, that Assyria, was more than a small country, it was the empire, the whole Fertile Crescent.»
  6. Roux, Georges (1993): Ancient Iraq, s. 282-283.
  7. Allen, Bruce Ware: «Sardanapalus, (? – 612 BC?)»
  8. «Nimrud (ancient Kalhu, Iraq)», British Museum
  9. «The Monolith Inscription of Shalmaneser II», Sacred-texts.com
  10. Yamada, Shigeo (2000): The Construction of the Assyrian Empire: A Historical Study of the Inscriptions of Shalmanesar III Relating to Hi sine Campaigns in the West, BRILL, s. 342
  11. Roux, Georges (1992): Ancient Iraq, Penguin Books, London, ISBN 0-14-012523-X, s. 302.
  12. BetBasoo, Peter: Timeline of Assyrian History
  13. «Mesopotamian chronicles», alle assyriske og babylonske krøniker, Livius.org
  14. Nettbibelen: Andre Kongebok 15:19
  15. Nettbibelen: Andre Kongebok 16:8
  16. Nettbibelen: Andre Kongebok 17:5
  17. Nettbibelen: Andre Kongebok 17:1–6, 24; 18:7, 9
  18. Nettbibelen: Andre Kongebok 20:12: «På den tid sende Babel-kongen Merodak Baladan, son til Baladan, brev og gåver til Hiskia».
  19. ABC 1 Col.1:31-37
  20. ABC 1 Col.1:41-42
  21. ABC 1 Col.2:1-3
  22. Nettbibelen: Andre Kongebok 18:13; 19:37; Jesajaboken 7:17, 18
  23. Nettbibelen: Jesaja 10
  24. ABC 1 Col.2:12-23
  25. ABC 1 Col.2:26-31
  26. ABC 1 Col.2:36–45
  27. ABC 1 Col.2:46 – Col.3:6
  28. ABC 1 Col.3:13–24
  29. Dalley, Stephanie (2007): Esther's Revenge at Susa: From Sennacherib to Ahasuerus, OUP Oxford. s. 63–66.
  30. I høve Bibelens Andre Kongebok 19:37 vart Sankerib drepen medan han bad til guden Nisrok av to av sønene sine, Adrammelek og Sareser, som hogde han ned med sverd, og begge flykta så til Ararat-landet. Dette er omtalt på ny i Jesajaboka 37:38, og vert vist til i Andre Krønikebok 32:21.
  31. ABC 1 Col.3:39–42; òg i ABC 14:1–4.
  32. Nettbibelen: Andre Krønikebok 33:11
  33. ABC 1 Col.4:25; òg i ABC 14:28–29
  34. Nettbibelen: Jesaja 20:4-5
  35. ABC 1 Col.4:30–33 og ABC 14:31–32, 37.
  36. ABC 1 14:34–39 og ABC 1 Col.4:34–36.
  37. 37,0 37,1 Grant, R G. (2005): Battle a Visual Journey Through 5000 Years of Combat. London: Dorling Kindersley, s. 19
  38. «Syriac-Aramaic People (Syria)». Crwflags.com.
  39. Kriwaczek, Paul (2010): Babylon: Mesopotamia And The Birth Of Civilization, London, s. 232
  40. Kriwaczek, Paul (2010), s. 240-241
  41. Kriwaczek, Paul (2010), s. 243
  42. Kriwaczek, Paul (2010), s. 247
  43. Parpola, Simo (1999): «Assyrians after Assyria», The Neo-Assyrian Text Corpus Project (State Archives of Assyria)
  44. Rollingar, Robert: «The term sin “Assyria” and “Syria” again» (PDF), Leopold-Franzens-Universität, Innsbruck
  45. Saggs, H. W. F. (1984): The Might That Was Assyria
  46. Biggs, Robert D.: sine.org/edocs/v19n1/Biggs-Biography-final.pdf My Career in Assyriology and Near Eastern Archaeology (PDF), Oriental Institute, University of Chicago
  47. Ancient Nineveh. Ancient Manners and Customs, Daily Life, Cultures, Bible Land sine

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]