Ray White

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ray White
Ray White.jpg
Ray White med Zappa Plays Zappa i København i 2007
Instrument Vokal, gitar
Sjanger Rock and roll, blues rock, soul
Yrke Musikar
Tilknytte artistar Mothers of Invention, Frank Zappa, Zappa Plays Zappa
Plateselskap DiscReet Records, BlueSideDownStudios Recordings
Ray White utanfor konserten til Zappa Plays Zappa i Antwerpen.

Ray White er ein afroamerikansk vokalist og gitarist, mest kjend som medlem av bandet til Frank Zappa.[1] Han vart med i bandet til Zappa hausten 1976 og spelte rytmegitar og song, mellom anna mykje harmonivokal med Ike Willis på seinare turnear i 1980 og 1984. Ein kan høyre vokalen til White på Zappa in New York (mars 1978), You Are What You Is (sept. 1981) og andre plater. White er òg med i The Torture Never Stops og Does Humor Belong in Music?, konsertfilmar. I følgje Zappa var White, som var djupt religiøs, ukomfortabel med det atestisiske synet til somme av dei andre bandmedlemmane, noko som førte til at han slutta.

White har òg spelt i jam-orienterte grupper som KVHW, Don't Push the Clown og Umphrey's McGee, og har i nyare tid spelt med forskjellige artistar frå Michigan, mellom anna tidlegare Rare Earth-trommeslagaren Bob Weaver, og medlemmar av funk/fusion-bandet Generic Produce.

Sommaren 2007 vart Ray White med Dweezil Zappa som spesiell gjesteartist for Zappa Plays Zappa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Miles, Barry (2005-10-25). Zappa: A Biography. Grove Press. ss. 255, 283. ISBN 978-0-8021-4215-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]