Reginald Dyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Reginald Edward Harry Dyer (9. oktober 186423. juli 1927) var ein britisk general i den britisk-indiske hæren. Han er blitt kjend for ettertida som offiseren som gav ordre til å skyta på ein menneskeflokk i den panjabiske byen Amritsar. Denne handlinga, og den brutale nedtrykkinga hans elles av uroa i Amritsar, blei berømt av andre britar i India, men gjorde han til ein berykta mann blant indarar og liberale europearar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Dyer blei mellom anna dekorert med Order of the Bath.
Foto: David Monniaux

Reginald Dyer var fødd i 1864 i Murree i India, no Pakistan. Han hadde skulegangen sin ved irske Midleton College i County Cork og tok offisersutdanning ved Royal Military Academy Sandhurst. I 1885 blei Dyer offiser i West Surrey Regiment i den britiske hæren, der han først var stasjonert i Belfast, før han blei teken inn i den britiske indiske hæren. I 1886-87 kjempa han i Burma og i 1901-02 var han med i ein blokkade av Waziristan i noverande Pakistan. Under første verdskrigen hadde Reginald Dyer ansvaret for å hindra tysk inntrenging til Afghanistan. For innsatsen sin blei han æra med ordenane Mentioned in Despatches og Companion of the Bath.

Uro i Punjab[endre | endre wikiteksten]

I 1919 var Dyer brigadekommandør (brigade commander) ved Jullundur i provinsen Punjab. Arrestasjonen av to leiarar frå den ikkje-valdelege indiske fridomsrørsla hadde ført til vidspreidd uro, både demonstrasjonar og drap av indarar. Dette førte til valdelege demonstrasjonar. Rasande folkemengder drap fire europearar og gjekk den 9. april til angreip på ein engelsk misjonær, Marcella Sherwood, som blei mishandla og slått før ho blei redda av andre indarar. Hendinga sende Dyer i harnisk.

Som svar på valden og demonstrasjonane skaut hæren fleire gonger mot folkemengdar. Det blei erklært unntakstilstand i store delar av Punjab, med portforbod om kvelden og forbod mot samlingar av fleire enn tre folk. Dyer innførte også ein særskild regel for gata der frøken Sherwood var blitt mishandla: Kvar indar som ville gjennom henne måtte krypa heile vegen på magen. Påbodet, som var i kraft frå 19. til 25. april, førte i praksis til at dei fleste som budde der var innesperra i husa sine.

Den største reaksjonen var massakren i Jallianwala Bagh. I samband med høgtida baisakhi hadde tusentals folk samla seg i denne parken. Dyer leia 90 indiske soldatar og 2 beltevogner til staden. Utan forvarsel gav han soldatane ordre om å skyta på dei som var samla der. Skytinga blei retta mot der folkemengda var tettast, som ved dei få rømmingsvegane frå den inngjerda parken, og varte i 10 minutt. Etterpå var minst 379 døde og tusentals såra. Etter hendinga fekk Dyer tilnamnet «The Butcher of Amritsar», 'slaktaren frå Amritsar'. Dagen etter massakren skreiv Dyer eit trugande ope brev til innbyggjarane i Amritsar. Noko seinare innførte han også det tidlegare nemnde krypepåbodet.

Reaksjonar[endre | endre wikiteksten]

Reaksjonane på massakren var delte. Dei fleste indarar var sjølvsagt forferda, men mange britar meinte Dyer hadde gjort det nødvendige for å slå ned eit nytt opprør liknande oppreisten i 1857. Ei offisiell gransking av hendinga leia av William Hunter, Lord Hunter kom fram til at Dyer hadde gjort feil i gjennomføringa, men berre det indiske mindretalet i kommisjonen fordømde alt han hadde gjort. Dyer blei prisa i House of Lords, men fordømd i House of Commons. Ministeren for India, Edward Montagu, kalla handlinga «frightful», medan den lite indisk-vennlege Winston Churchill kalla massakren «a monstrous event». Andre meinte Dyer var blitt ein syndebukk som hadde følgd ordre om å hindra folkesamlingar for ein kvar pris. Guvernøren av Punjab, Michael O'Dwyer, hadde trass alt oppfordra til skyting mot folkemengder, og lovprisa massakren dagen etter.

I 1920 blei Reginald Dyer oppmoda til å forlata stillinga si og venda attende til Storbritannia av general Charles Carmichael Monro, som var øvstkommanderande for hæren i India. Då han kom attende til heimlandet blei han overrekt eit æressverd og 26 000 pund som var blitt samla inn gjennom ein kampanje i den konservative, imperialistiske avisa Morning Post. Hendinga førte til at den indiske nobelprisvinnaren Rabindranath Tagore sa frå seg den britiske riddartittelen sin. Dyer sjølv angra ikkje på det han hadde gjort, og skreiv i januar 1921 ein avisartikkel som gjekk sterkt ut mot sjølvstende for India, og oppreistar for å få dette.

Død[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 1921 blei helsa til Dyer dårlegare, og han blei lam. I 1927 døydde han av åreforkalking og hjerneblødning i Long Ashton nær Bristol. Han blei skildra i artiklar i The Morning Post som «mannen som redda India» (The Man Who Saved India) som hadde gjort plikta si. The Westminster Gazette var av ei anna meining, og skreiv at handlinga hans var den som hadde øydelagd mest for det britiske omdømet som rettferdige herskarar i India.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Dyer, Reginald Edward Harry» i Encyclopædia Britannica

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «No British action, during the whole course of our history in India, has struck a severer blow to Indian faith in British justice than the massacre at Amritsar, and the attitude of official Anglo-India to it.»