Religiøse debattar om Harry Potter-serien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Religiøse debattar om Harry Potter-serien stammar i hovudsak frå påstandar om at romanane til J.K. Rowling inneheld okkult eller satanisk undertekst. Ei rekkje protestantiske, katolske og ortodokse kristne har argumentert mot serien, i tillegg til nokre sjia- og sunni-muslimar.

Responsen på desse påstandane har kome frå mange hjørne. Tilhengarar av serien meiner at magien i Harry Potter liknar lite på okkultisme. Dei samanliknar serien med verk av C.S. Lewis og J.R.R. Tolkien, som båe er kjende for å ha skrive fantasy-romanar med tunge kristne undertekstar.

Dei religiøse reaksjonane på Harry Potter-serien har ikkje utelukkande vore negative. Rowling har uttalt fylgjande: «Minst like mykje som bøkene har blitt gått til åtak på frå teologiske synspunkt, har dei også vorte hylla og tekne med på preikestolar. Det som er mest interessant og givande for meg, er at dette har skjedd i fleire ulike trusretningar.»[treng kjelde]

Jødedommen[endre | endre wikiteksten]

Mange prominente rabbinarar har skildra Harry Potter-bøkene som «ei kraft for det gode».[treng kjelde] På ein konferanse i 2005 ved University of Reading diskuterte dei om Harry Potter hadde ein «yiddishe neshama», dvs. ei jødisk sjel.[treng kjelde]

Sir Jonathan Sacks og sjefsrabbinaren av det britiske samveldet, hevdar at i «eit samfunn der ungdom er veslevaksne, og vaksne er permanent ungdom», har Harry Potter «gjenvunne barndomsriket, som beviser at du ikkje må forråde for å fortrylle».[treng kjelde]

Avgjerda om å lansere den endelege boka/filmen av Harry Potter-serien, Harry Potter og Dødstalismanene, i Israel kl. 2 på formiddagen på ein laurdag (sabbat), provoserte mange av rabbinarane i landet. Etter jødiske lover er alle forretningar forbodne på sabbaten.

Islam[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje islamske lærde har hevda at dei magiske temaa i bøkene står i konflikt med islamsk lære. Mange online-«fatwaar» har blitt logga av imamar mot Harry Potter, av di dei meiner serien er uislamsk.[treng kjelde]

I 2002 blei bøkene forbodne på alle skular i Dei sameinte arabiske emirata.[treng kjelde] Ifølgje ein talsmann frå utdanningsdepartementet i emirata, var fantasien og dei magiske elementa i bøkene i strid med islamske verdiar. Sjølv om ein har vedteke å stengje bøkene ute frå skulane i emirata, føreligg det ingen planar om å bannlysa dei frå bokhandlarane.

I august 2007 oppdaga politiet i Karachi i Pakistan ei bilbombe som dei uskadeleggjorde utanfor eit kjøpesenter.[treng kjelde] Få timar seinare skulle Harry Potter og Dødstalismanene bli opna for sal. Boklanseringa blei difor utsett. Ein lokal politimeister kommenterte at «me er enno ikkje sikre på om målet for bombinga var boklanseringa, men det kan ikkje utelukkast.»[treng kjelde]

Harry Potter-bøkene er tilgjengelege for sal i Iran. I leiarartikkelen i den statlege avisa Kayhan den 26. juli 2007 kunne ein lesa kritikk mot departementa i landet for at dei hadde godkjent salet av den siste Harry Potter-romanen. Redaktøren skildra bøkene som eit «sionistisk prosjekt» og meinte at «sionistane hadde brukt milliardar av dollar» på dei.[treng kjelde]

Kristendommen i romanane[endre | endre wikiteksten]

Medan mange beskriv bøkene som sekulære eller sataniske, har mange forfattarar, blant anna Rowling sjølv, gått langt for å demonstrere at bøkene aktivt fremjar kristen symbolikk og verdiar.

Kristne allegoriar i Harry Potter og Dødstalismanene[endre | endre wikiteksten]

Vista-error.png Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Mange kommentatorar har peikt på dei bibelske temaa og referansane i Harry Potter og Dødstalismanene. I bladet Newsweek i august 2007 skreiv Lisa Miller at når Harry døyr og deretter kjem tilbake til livet for å redde menneskeheita, liknar han Kristus. Ho peikar på tittelen på kapitlet dette skjer i, «Kings Cross» - noko som kan peika til Jesu kross. Ho skisserer også scenen der Harry er mellombels daud, og at det plasserer Harry i ein veldig himmelaktig setting der han snakkar til ein farsfigur. «Dei overnaturlege kreftene kjem saman med ein djup bodskap om kjærleik». Miller hevdar vidare at desse parallellane gjer det vanskeleg å tru at grunnlaget for historiene er satanisk.

Det er også spekulasjonar frå nettsida The Leaky Cauldron sin podcast, PotterCast, at Dødstalismanane fungerer som ein parallell til den heilage treeininga. Harry aksepterer dauden som Jesus gjorde, dei kjem begge tilbake frå dauden, og sigrar over djevelen eller det vonde.

Harry Potter og Dødstalismanene startar med eit par fraser/dikt. Eitt av dei er skrivne av kvekarleiaren William Penn, medan den andre er av den greske tragediediktaren Aiskylos. «Eg var nøgd med valet av desse to sitata av di det eine er heidensk, sjølvsagt, og det andre kjem frå ein kristen tradisjon», sa Rowling om det. «Heilt sidan eg gav ut Harry Potter og Mysteriekammeret har eg visst at det måtte bli dei to sitata. Eg visste at viss eg kunne bruke dei i byrjinga av den sjuande boka ville det gjere slutten perfekt. Viss dei sitata var relevante, då hadde eg gått dit eg skulle gå. Dei berre seier alt til meg, det gjer dei verkeleg.»[treng kjelde]

Raymond Keating peikar også ut fleire kristne tema i den siste boka i ein artikkel i Newsday og konkluderte med at «Det er mogleg å lese Ringenes Herre og Narnia utan å sjå på dei religiøse aspekta. Det er endå meir tilfelle med Harry Potter, men dei kristne temaa er der likevel».

Respons på kritikken[endre | endre wikiteksten]

Rowlings respons[endre | endre wikiteksten]

J.K. Rowling har gjentekne gonger nekta for at bøkene hennar leier born inn i hekseri. I eit intervju med CNN i 1999, sa ho; «Eg byrja absolutt ikkje å skrive desse bøkene for å oppmuntre nokon born til hekseri. Eg ler litt fordi for meg er ideen absurd. Eg har møtt tusenvis av ungar og ikkje éin gong har eit barn kome opp til meg og sagt: «Frøken Rowling, eg er så glad eg har lese desse bøkene fordi no veit eg at eg vil bli ei heks.»»

I eit fjernsynsintervju i 1999, sa Rowling at «Som føresett er du sjølvsagt i din fulle rett til å bestemme kva ditt barn skal utsetjast for. Men du har ikkje rett til å bestemme kva alle andres born skal utsetjast for. Det er sånn eg føler det.»

«Practicing Wiccans trur også eg er ei heks", fortalte Rowling i Entertainment Weekly i 2000, og heldt fram: "Det er eg ikkje.»

«Folk undervurderer born så enormt», sa Rowling då ho blei spurt om kontroversen rundt 2001-dokumentaren Harry Potter and Me; «Dei veit at det er fiksjon.»

Sekularisme[endre | endre wikiteksten]

Vista-error.png Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Ein annan respons til påstanden om at bøkene oppmuntrar til hekseri, er at bøkene ikkje oppmuntrar til nokon religion i det heile. Bortsett frå å feire jul, påske og ein trusnøytral prest under gravferda til Albus Humlesnurr eller bryllaupet mellom Rulle og Fleur, er det religiøse elementet i stor grad fråverande frå bøkene.

Lindy Beam, som jobbar i den kristne organisasjonen Focus on the Family, skreiv ein kritisk artikkel om bøkene at «Den åndelege feilen med bøkene er ikkje at Rowling speler på mørke, overnaturlege krefter, men at ho slett ikkje godskriv nokon overnaturlege krefter i det heile. Desse historiene blir ikkje drivne av hekseri og trolldom, men av sekularisme.»

Kjelde[endre | endre wikiteksten]