C.S. Lewis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av C.S. Lewis

Clive Staples Lewis (29. november 189822. november 1963), meir kjend som C. S. Lewis, var ein britisk forfattar og filolog. Han blei fødd i Belfast. Han tok kallenamnet «Jack» som var namnet venner og kjende brukte. Han er kjend for arbeidet sitt innan mellomalderlitteratur, for sin kristne forsvarslitteratur og skjønnlitteratur, da spesielt bøkene om den fantastiske verda Narnia (The Chronicles of Narnia).

Akademisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Han underviste som tilsett ved Magdalen College i Oxford i nærare tretti år og blei seinare den fyrste professoren innan mellomalder- og renessanselitteratur ved Cambridgeuniversitetet og tilsett ved Magdalene College i Cambridge. Med dette utgangspunktet hevda han at det ikkje fanst noko som kunne kallast engelsk renessanse. Det meste av det akademiske arbeidet hans fokuserte på seinmellomalderen, og særleg bruken av allegoriar på denne tida. The Allegory of Love (1936) skapte nytt liv i seriøse studium av seinmellomalderforteljingar som Roman de la Rose. Det seinare arbeidet hans, The Discarded Image, an Introduction to Medieval and Renaissance Literature (1964) er ei utmerkt oppsummering av synet på verda i mellomalderen, det «forkasta biletet» av universet frå tittelen.

Han var ein produktiv forfattar og medlem av den litterære diskusjonssosieteten The Inklings saman dei nære vennene sine: J.R.R. Tolkien, Charles Williams og Owen Barfield.

Karriere som forfattar av skjønnlitteratur[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til det akademiske arbeidet sitt, skreiv han ei rekke populære romanar, inkludert science fiction-trilogien Space Trilogy, som femnde om Out of the Silent Planet, Perelandra og That Hideous Strength.

The Great Divorce er ein kort roman om tenkte samtalar i Himmelen mellom dei frelste og dei fordømde. I romanen er det tilsynelatande dei fordømde som dømmer seg sjølve, i den forstand at det ikkje er nokon ting som hindrar dei i å reise til Himmelen og forbli der viss dei ynskjer det. Men nokon av dei finn forandringane, som Himmelen påfører dei, truande og ubehagelege og vel difor å reise derifrå. Forteljaren har den skotske forfattaren George MacDonald som anstand.

Ein annan kort roman, The Screwtape Letters, er ei samling brev med råd frå ein eldre demon til nevøen hans. I breva instruerer Screwtape, den eldre demonen, nevøen Wormwood om korleis han best kan garantere at eit særskilt menneske blir fordømt.

Narnia er utvilsamt det mest kjende av arbeida hans, og Løva, heksa og klesskapet var den fyrst publiserte og mest populære av bøkene i serien. Sagaen om Narnia låner både frå gresk- og romersk mytologi og tradisjonelle engelske og irske eventyr: Lewis gir George MacDonald ære for hans innverknad (i The Great Divorce blir forteljaren eskortert i himmelen av MacDonald). Hovudtemaet i kvar av Narnia-bøkene er likevel kristendommen. På same måte blandar Lewis' SF-trilogi tradisjonelle science fiction-element med utforskinga av dei bibelske tema synd, syndefall og bot.

Lewis' siste roman var Till We Have Faces. Mange hevder (som han sjølv gjorde) at dette var det mest modne skjønnlitterære verket hans, men boka blei aldri nokon suksess. Det er ei attforteljing av myten om Cupido og Psyche sedd frå den uvanlege ståstaden søstera til Psyche. På nytt blir det religiøse temaet kome inn på, men samanhengane med detaljane ved den kristne trua hans er ikkje like audsynte.

Karriere som forfattar av litteratur om kristendom[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til karrieren sin som engelsk professor og romanane sine, skreiv Lewis au ei rekke bøker om kristendomen, bøker som The Screwtape Letters og den kanskje enda meir kjende Mere Christianity. Som ein som konverterte i vaksen alder er han mykje meir opptatt av å presentere ei fornuftig framstilling av sanninga i kristendomen. Mere Christianity, The Problem of Pain og Miracles var alle opptatt i meir eller mindre grad av å imøtegå populære innvendingar mot kristendomen. Han skreiv ein sjølvbiografi med tittelen Surprised by Joy der han beskriv konverteringa si til kristendommen (boka blei skrive før han møtte kona si, Joy Gresham).

Portrett av livet til Lewis[endre | endre wikiteksten]

I dei seinare åra har det blitt vekt ei viss interesse for biografisk materiale om Lewis. Dette har enda med fleire biografiar, minst éin om livet hans, og ein film frå 1993 kalla Shadowlands. Filmen spinn om forholdet hans med ein amerikansk fan, Joy Gresham, som han seinare møtte og gifta seg med i London, for å så berre sjå henne døy ein langsam død frå beinkreft. Boka A Grief Observed beskriv opplevinga hans av tapet.

Døden og arven frå Lewis[endre | endre wikiteksten]

Lewis døydde 22. november 1963 i Oxford heime i eit hus han delte med broren Warnie (Warren Lewis). Han er gravlagt på Headington Quarry Churchyard i Oxford i England. Nyheita om døden hans blei overskygd av drapet på president John F. Kennedy som skjedde same dag. Ein annan som døydde same dag var Aldous Huxley, ein engelsk romanforfattar mest kjend for Brave New World.

Mange bøker har blitt inspirert av Lewis, inkludert A Severe Mercy som blei skrive av brevvennen Sheldon Vanauken, og ei rekke Narnia-inspirerte romanar av ymse forfattarar.

Oversyn over publikasjonane til Lewis[endre | endre wikiteksten]

Litteraturvitskap[endre | endre wikiteksten]

1936 The Allegory of Love: A Study in Medieval Tradition
1943 The Abolition of Man
1954 English Literature in the Sixteenth Century, Excluding Drama
1960 A Preface to 'Paradise Lost'
1960 Studies in words
1961 An Experiment in Criticism
1964 The Discarded Image: An Introduction to Medieval and Renaissance Literature

Kristendomen[endre | endre wikiteksten]

1933 The Pilgrim's Regress: An Allegorical Apology for Christianity, Reason and Romanticism
1940 The Problem of Pain
1941 The Screwtape Letters
1943 Mere Christianity
1946 George MacDonald:An Anthology
1947 Miracles: A Preliminary Study
1956 Reflections on the Psalms
1960 The Four Loves
1960 The World's Last Night and other Essays
1961 A Grief Observed (fyrst under pseudonymet N. W. Clerk)
1964 Letters to Malcolm: Chiefly on Prayer

Romanar[endre | endre wikiteksten]

Perelandra-trilogien
1938 Out of the Silent Planet
1943 Perelandra
1945 That Hideous Strenght
1946 The Great Divorce
1956 Till We Have Faces: A Myth Retold
1977 "The Dark Tower" and Other Stories
Narnia-bøkene
1950 The Lion, the Witch and the Wardrobe (dt. Løven, heksa og klesskapet)
1954 The Horse and His Boy (Hesten og hans gutt)
1951 Prince Caspian (Prins Kaspian)
1952 The Voyage of the 'Dawn Treader' (Reisen til det ytterste hav)
1953 The Silver Chair (Sølvstolen)
1956 The Magician's Nephew (Drømmen om Narnia)
1956 The Last Battle (Den siste kampen)

Lyrikk[endre | endre wikiteksten]

1919 Spirits in Bondage: A Cycle of Lyrics (under pseudonymet Clive Hamilton)
1926 Dymer (under pseudonymet Clive Hamilton)
1964 Poems (utgitt av Walter Hooper)