Richard Temple, 1. vicomte Cobham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard Temple, 1st Viscount Cobham by Jean Baptiste van Loo.jpg

Richard Temple, 1. vicomte Cobham PC (24. oktober 167514. september 1749) var ein britisk soldat, feltmarskalk og Whig-politikar. Han var kjend for å eige eigedomen Stowe og for å tene som politisk mentor for den ungen William Pitt.

I militæret utmerkte han seg under felttoga til Hertugen av Marlborough i den spanske arvefølgjekrigen, særleg under omleiringa av Lille i 1708.

Då kong Georg I tok over trona, gav han Temple forskjellige adelstitlar, først baron Cobham i 1714, så vicomte av Cobham og baron Cobham i 1718. Cobham vart Privy Councillor i 1716.[1]

I 1719, under kvadrupelalliansekrigen leia han 4000 soldatar i eit raid på den spanske kysten, der han erobra Vigo og okkuperte byen i ti dagar før han trekte seg attende.[2]

Som politikar støtta Temple Whig-partiet, og han vart Lord Lieutenant av Buckinghamshire og guvernør på Jersey (1723–1749). I 1742 vart han feltmarskalk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Julian Hoppit, A Land of Liberty? England. 1689-1727 (Oxford: Clarendon Press, 2000), p. 274.
  2. Rodger p. 229