Omleiringa av Lille i 1708

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Lille
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Dato 12. august - 10. desember 1708
Stad Lille i Frankrike
Resultat Alliert siger[1]
Partar
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburg-Austerrike
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Kommandantar
Flagget til Habsburgmonarkiet Eugene av Savoie,
Det britiske flagget Hertugen av Marlborough
Flagget til Frankrike Duc de Boufflers
Styrkar
35 000 kringsetjarar,
75 000 i nærleiken[2]
16 000 i garnisonen,
100 000 i nærleiken[2]
Tap
16 000 døde eller skadde[3]

Omleiringa av Lille (12. august - 10. desember 1708) var viktigaste operasjonen i 1708 under den spanske arvefølgjekrigen. Etter eit standhaftig forsvar i 120 dagar, kapitulerte den franske garnisonen i byen og festninga Lille, kommandert av marskalk Boufflers, for styrkane til Hertugen av Marlborough og prins prins Eugene.

Omleiringa var kjende bland samtidige for l'affaire des poudres («kruthendinga»), der Chevalier de Luxembourg med 2 000 kavaleristar passerte gjennom dei allierte linjene og klarte å levere 40 000 pund krut til forsvararane.[2]

Omleiringa var mogeleg fordi ein fransk arme vart utsletta i slaget ved Oudenarde og ved at ein førte i land ved Ostend store mengder ammunisjon og mat etter slaget ved Wijnendale. Under det meste av felttoget kommanderte Eugene styrken som kringsette Lille, medan Marlborough kommanderte styrkane som dekte desse mot franskmennene i området. I ein kort periode seint i september, etter at Eugene vart skadd den 21., tok Marlborough kommandoen over både kringsetjarane og dekningsstyrken.

Den 22. oktober gjekk dei allierte inn i byen med enorme tap, 12 000 mann. Boufflers heldt fram motstanden frå citadellen i Lille i fleire veker, og påførte dei allierte ytterlegare tap på 4 000 mann.[4] Medan den dyktige manøvreringa til dei allierte frustrerte franskmennene som prøvde å redde den dyrebare festninga—den siste viktige franske bastionen nord i Flandern—førte det heltemodige forsvaret til Boufflers at omleiringa varte godt inn i vinteren, fram til at ein ikkje lenger kunne utføre tokt mot Frankrike det året.[5] Det franske forsvaret i Lille trekte seg attende med full krigsære.

Med tapet av Lille forsvann det franske nærværet i Nord-Flandern, og dei allierte vendte seg mot Gent, og tok byen seint i desember. Ein invasjon Frankrike sommaren etter langs den opne korridoren gjennom Lille, stogga derimot opp med det blodige slaget ved Malplaquet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eggenberger, David, An Encyclopedia of Battles, (Courier Dover Publications, 1985), 243.
  2. 2,0 2,1 2,2 Lynn (1999), s. 321
  3. Childs (1982), s. 133
  4. Chandler (1986), s. 89
  5. Treasure (1985), s. 279

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]