Ringblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ringblom


Calendula officinalis 1a.JPG

Systematikk
Familie: korgplantefamilien
Slekt: Calendula
Vitskapleg namn
Calendula officinalis

Ringblom (Calendula officinalis) er ein eitt- eller toårig plante i korgplantefamilien kjenneteikna av gule eller oransje blomar med mange kronblad. Ringblom er ein utbreidd hageplante som finst i mange variantar.

Teikning av ringblom med typiske kjenneteikn.

Ringblome stammar truleg frå sørlege Europa, men har vore dyrka i lang tid og har forvilla seg ei rekkje stader.

Planten blir opptil 60 cm høg og har lansettforma, lyst grøne blad. Blomane kan vera enkle eller fylde, og fargane kan variera frå raudoransje til lysegul. Dei opner seg mest når det er varmt og sola skin.

Planten kan etast og er blitt brukt som legeurt gjennom tidene. Ein har også brukt blomane som plantefarge for klede, mat og til kosmetikk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ringblom

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.