Rioni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rioni
Rioni
Rioni
Utspring Kaukasus
Munning Svartehavet
Land i nedslagsfelt Georgia Georgia
Lengd 333 km
Sideelvar Frå høgre:

Sakaura, Lukhuni, Ritseula, Ladzjanura, Gubistsqali, Tskhenistsqali, Tekhuri, Tsivi
Frå venstre:
Tsjantsjakhi, Gharula, Dzjedzjora, Lekhidri, Qvirila, Khanistsqali, Sulori, Qumuri, Khevistsqali

Rioni (georgisk რიონი Rioni) er den viktigaste elva vest i Georgia. Ho har utspringet i Kaukasusfjella, i regionen Ratsja og renn vestover mot Svartehavet, der ho munnar ut nord for byen Poti. Byen Kutaisi, ein gong hovudstad i det antikke Colchis, ligg ved elva.

Byen var kjend for dei gamle grekarane som Phasis (gresk: Φάσις), og vart først nemnd av Hesiod i verket hans Theogony, og seinare av fleire andre forfattarar. Sokrates refertete i Phaedo at den delen av verda han kjende til låg mellom Pillarane til Herkules og elva Phasis.

Namnet på fasan (pheasant på t.d. engelsk) kjem av det greske namnet på elva, sidan det var her ein først møtte på desse fuglane i antikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Concise Dictionary of English Etymology, Oxford University Press, T.F. Hoad, 1996