Rosenrot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rosenrot


Rosenrot
Rosenrot

Systematikk
Rike: Planteriket
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Bergknappfamilien
Slekt: Bergknappslekta

Linné

Art: S. rosea
Vitskapleg namn
Sedum rosea

Rosenrot (Sedum rosea) er ein plante i bergknappfamilien.

Rosenrot har ein tettblada stengel med blomstrar med fire begerblad og fire kronblad i halvskjerm på toppen. Planten er særbu. Hannblomsteren har åtte mjølberarar, hoblomsteren har til slutt fire raude skolmkapslar. Rosenrota har fått namnet etter den klumpete, velluktande jordstengelen.

Planten veks i bergsprekkar, på knausar og hustak, i sjøkanten og i høgfjellet opp til 2300 moh mot Galdhøpiggen. Han manglar i låglandet austafjells, men veks elles over det meste av Noreg, i Sverige veks han i kyststrok ved Gøteborg og i fjellet frå Härjedalen til Torne Lappmark og nordre Norrbotten. Han veks alpint elles i Europa, Asia og Nord-Amerika.

Rosenrot i folkemedisinen[endre | endre wikiteksten]

Planten er frå gammalt eten mot skjørbuk. Han er bruka som vern mot forbrenningar og brannsår, som sårsalve og for å fremje hårvekst.

Ferske blad inneheld mykje C-vitamin, og dei er etne for å hindre skjørbuk.

Rosenrot er brukt som middel mot håravfall, anten ved at det er kokt låg til hårvask eller ved at det er pressa ut ei olje som er smurt inn i huda på hovudet.

I andre land, særleg i Aust-Europa og Asia, har rosenrot vorte bruka for å auke den fysiske yteevna og for å auke livslengda. Dessutan er ho bruka mot trøyttleik, depresjon, blodmangel, impotens, plagar med fordøyinga, infeksjonar og nervøse lidingar.[1] For å trekkje verkestoffa ut av røtene, kan ein snitte dei opp i bitar og leggje dei på sprit, eller tørke dei for sidan å koke te på røtene.[2]

Påståtte verkestoff[endre | endre wikiteksten]

Rosenrot vert seld som helsekost, og skal ha desse verkestoffa:[3]

  • Fenylpropanoidar (rosavinar): rosavin, rosin og rosarin.
  • Derivatar av fenyletanol: salidrosid (rhodiolosid) og tyrosol.
  • Flavonoidar: rhodiolin, rodionin, rodiosin, acetylrodalgin og tricin.
  • Monoterpenar: rosiridol og rosaridin.
  • Triterpenar: daucosterol og beta-sitosterol.
  • Fenolsyrer: chlorogensyre, hydroksycinnaminsyre og gallinsyre.

Biverknader[endre | endre wikiteksten]

I den grad rosenrot har medisinsk effekt, er det sannsynleg at ho òg har biverknader, spesielt brukt i kombinasjon med annan medisin.

Annan tradisjonell bruk av planten[endre | endre wikiteksten]

Rosenrot kan brukast i plantefarging, blanda med alun gjev ho ull ein grøn farge.

Rosenrot som kulturplante[endre | endre wikiteksten]

I gammal tid vart rosenrot planta på torvtak fordi folk meinte ho kunne hindre brann. I vår tid vert rosenrot dyrka for sal i helsekostbutikkar. Plantene veks langsamt og må stå i jorda fire til fem år frå planting til hausting. Rotstokken vert hausta om hausten, når tørrstoffprosenten er høgast.[4] Det er stor variasjon mellom rosenrot-klonar når det gjeld innhaldet av verkestoffar, og det norske forskarar har arbeidd for å ale opp klonar med høgt innhald av ynskte verkestoff.[5]

Synonym[endre | endre wikiteksten]

Linné kalla planten Rhodiola rosea. Andre vitskaplege namn på planten er Sedum rhodiola DC., Sedum scopolii Simonkai, Rhodiola roanensis Britt. Planten har mange norske namn, blant dei hårvokst, bergkrans, kalvdans, fjellknirke og takgull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rosenrot