Rosj hasjaná

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosj hasjaná-kort

Rosj hasjaná (hebraisk ראש השנה rōš hovud haššānā året ) er jødisk nyår og blir feira på den 1. og 2. dagen (blant reformjødar og samaritanarar berre den 1. dagen) av månaden tisjré — den sjuande månaden i det jødiske året.

Ifølge jødisk tradisjon avgjer Gud menneskas lagnad for det kommande året då. Ein blæs i ein sjofár (bukkehorn) for å vekkje menneska til ettertanke (jf. 3 Mos 23.23-25).

Rosj hasjana markerer byrjinga på jamim noraím, ti dagar der ein gjer bot for syndene sine og som munner ut i høgtida jom kippúr.

Kva tid fell rosj hasjaná på i den vestlege kalenderen?[endre | endre wikiteksten]