Sefirat ‘omer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sefirat ‘omer i Tangier Marokko i 1960-åra.
Sefirat ‘omer i Jerusalem i 1952.
Tabell for omerteljing

‘Omerteljing eller sefirat 'ómer, hebraisk סְפִירַת הָעֽוֹמֶר er ei munnleg teljing av dei 49 dagane mellom dei jødiske høgtidene pesaḥ (jødisk påske) og sjabu‘ót (vekefesten, jødisk pinse). Denne misváen (bodet) kjem frå Toráen (Mosebøkene) der det er eit bod om å telje 49 dagar frå den dagen då eit mål bygg vart ofra i Tempelet i Jerusalem inntil kveite vart brakt til Tempelet på sjabu‘ót. ‘Omerteljinga tar til på den andre dagen av pesaḥ og tar slutt dagen før høgtida sjabu‘ót.

Poenget med å telje kvar dag er at det skal vere ei andeleg førebuing og venting på å motta Toráen. Gud gav Toráen på Sinaifjellet på den 50. dagen, sjabu‘ót. Sefer haḥinnúkh slår fast at det jødiske folket vart sett fri frå Egypt ved påsketid for å kunne motta Toráen og leve etter dei lovane som var gjevne der. Å telje ‘omer er derfor eit symbol på at ein jøde ønskjer å akseptere lovane i Toráen i sitt eige liv.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bodet om å telje ‘omer finst i Tredje mosebok 23:15–16:

23:15 Frå den fyrste dagen etter helgi, frå den dagen de bar fram kornbandet som skulde svingast for Herrens åsyn, skal de telja sju fulle vikor:

23:16 femti dagar skal de telja, til dagen etter den sjuande vika, og då skal de bera fram eit nytt grjonoffer for Herren.

(sitat frå Studentmållagsbibelen av 1921[1])

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Omerfeiring i Israel mellom 1945 og 1947.

‘Omer er eit bibelsk volummål for korn. På den andre påskedagen er eit mål (‘omer) bygg ofra i Tempelet for å signalisere ḥadásj, altså at det no var lov å ete korn frå den nye avlinga. Den femtiande dagen etter at teljinga starta, under høgtida sjabu‘ót, vart så to kveitebrød ofra i Tempelet for å signalisere at kveitehausten kunne ta til.

I tråd med temaet om andeleg vekst og personleg utvikling gjennom denne perioden, samanliknar jødiske lærde utviklinga med veksten til dei kornslaga som blir ofra i kvar ende av perioden. I oldtida var bygg dyreføde og mat for fattigfolk, og kveite var mest for dei rike. Ved påsketider, då jødane vart løfta ut av sitt egyptiske eksil, sjølv om dei hadde søkt nesten så lågt at ein retur ikkje var mogleg. Flukta frå Egypt var ufortent - ei gåve frå Gud — på same måte som å fø eit dyr som ikkje er forventa å ha eit andeleg potensial. I løpet av dei neste 49 dagane arbeidde jødane med seg sjølve slik at dei var andeleg klåre til å fortene å få Toráen. For å få Toráen var det naudsynt med andeleg utvikling og aktivt samarbeid.

Teljinga[endre | endre wikiteksten]

Så snart det utvilsamt er natt (omtrent 30 minutt etter solnedgang) framseier den som tel ‘omer denne signinga:

בָּרוּךְ אַתָּה ה׳. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּֽנוּ עַל סְפִירַת הָעֽוֹמֶר׃

Barúkh attá Adonái, Elohénu melekh há‘olám, ašer kiddəšánu bəmiṣvotáv vəṣivvánu ‘al səfiràt ha‘ómer.

Signa er Du, Evige, vår Gud, herskar over universet, som helga oss med boda Sine og baud oss om teljinga av ‘omer.

Når den som tel seier kor langt teljinga er komen, skal det seiast både i talet på dagar og i veketal. Teljinga blir gjort på hebraisk. Utsegna skal vere: «I dag er 23 dagar av ‘omer; det er tre veker og to dagar.» I følgje halakhá, kan ein person berre seie signinga medan det framleis er natt. Dersom han eller ho kjem på teljinga neste morgon eller kveld, kan han eller ho framleis telje, men utan signinga. Dersom ein glømmer fullstendig å telje ein dag, kan ein likevel halde fram neste dag, men då utan signing heile resten av teljinga. ‘Omerteljarar er ofte til sals på denne tida, for å hjelpe folk med å hugse teljinga. Desse blir framviste i synagogane for å hjelpe dei som tel med synagogelyden ved slutten av kvar gudsteneste.

Djupare symbolisme[endre | endre wikiteksten]

Kabbalá[endre | endre wikiteksten]

I kabbalá er kvar av dei sju vekene i ‘omerteljinga knytt til ein av sefirótane, ḥesed, geburá, tif’éret, neṣaḥ, hód, jesód og malkhút. Kvar dag i veka er og knytt til ein av dei same sju sefirót. Dette gjev 49 moglege par, og desse para representerer eit aspekt ved personen som må forbetrast.

Dei 49 dagane med ‘omerteljing er også rekna som ei god tid for å studere Pirké Abót 6:6, som reknar opp 48 måtar som Toráen er motteken på. Rabbinar Aharon Kotler forklarer at ein kan studere kvar av dei 48 måtane på dei første 48 dagane, medan den siste (49.) dagen skal nyttast til å gå over dei 48 måtane samla.

Sørgjetid[endre | endre wikiteksten]

Den perioden som ‘omer blir telt, er også delvis ei sørgjetid. I denne perioden forbyr Halakha hårklipping, skjeggstussing og musikklytting, så vel som bryllaup, festar og middagar med dans. Dette er for å minnast pesten som tok livet av 24 000 studentar av Rebbí ‘Akibá. I følgje Talmúd vart 12 000 ḥabrutót (studiepartnarpar) drepne ved gudommeleg inngripnad for ikkje å ha vist vørdnad for kvarandre under ‘omerteljinga. Døden deira var eit stort slag mot den framtidige leiarskapen av den jødiske nasjonen, og ‘omerteljinga er derfor ei nasjonal sørgjetid. Pesten tok slutt på lag la‘ómer, den trettitredje dagen av omerteljinga, så då er sørgjeføreskriftene oppheva. Ein del sefardím meiner sørgjetida varer fram til den trettifjerde dagen, som så blir ein dag for jubel og feiring.

Røyndomen viser at ulike jødiske samfunn har ulike sorgperiodar. Nokre lyttar til musikk under ḥol hammo‘éd (romhelga) av pesaḥ, og sørgjer frå den første dagen av den hebraiske månaden ijjár og held fram i 33 dagar, inntil den tredje dagen av siván. Tradisjonen mellom jerusalemittar er å sørgje under heile teljeperioden, med unnatak av dagen lag la‘ómer og under sjelósjet jemé hagbalá (dei siste tre dagane av teljinga). Graden av sørging er òg mykje basert på familieskikkar, og derfor vil ulike jødar sørgje i ulik grad.

Rabbinar Yechiel Michel Epstein, forfattaren av verket ‘Arúkh hasjulḥán, postulerer at sørgjetida og er for å minnast jødar som vart myrda under krosstoga, pogromar og i samanheng med skuldingar om kannibalisme og blodritualar mot europeiske jødar 1000 år etter at Toráen var gjeven.

Ikkje-tradisjonelle teoretikarar antyder at sørgjeperioden var henta frå romersk overtru om at mai var ein uheldig månad, og at koplinga med krosstoga og pesten har oppstått seinare. Romerane hadde ein liknande tradisjon om å ikkje gifte seg i mai.

Ein rekonstruksjonistisk rabbinar hevdar at sidan den første avlinga om våren var sårbar i denne perioden var det naturleg at folk i Midt-Austen utvikla rituale for å handtere dennne sårbarheita.

Lag la‘ómer[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til å vere ein minnedag for dei som vart råka av pesten som drap studentane til rebbí ‘Akibá markerer lag la‘ómer-dagen til minne om rebbi Sjim‘ón bar Joḥái. Etter at dei 24 000 studentane til rebbí ‘Akibá underviste ‘Akibá fem studentar, ein av desse var rebbí Sjim‘ón. Han vart seinare den største Torá-læraren i sin generasjon. Den dagen han døydde avslørte han etter sagna frå seinmellomalderen dei djupaste løyndomane i Toráen i eit kabbalistisk verk kalla Zóhar.

I følgje Zóhar var huset til Sjim‘ón fylt av eld og lys heile den dagen, medan han underviste studentane sine. Mot slutten av dagen slokna lyset og elden ned og han døydde. I ettertid forsøkte studentane hans å gjenoppleve den dagen gjennom å tenne bål og studere Zóhar i lyset frå desse båla.

Sjølv om det å minnast døden til ein ṣaddík vanlegvis er trist, er minnedagen etter rebbí Sjim‘ón på lag la‘ómer festleg. Bål blir tent, og folk syng og dansar ved flammane. Det er vanleg med bryllaup, festar, musikk, piknikar og hårklipp.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sefirat ‘omer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]