Rugby i Warwickshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rugby

Marknadsplassen i Rugby
Marknadsplassen i Rugby
Plassering
Rugby i Warwickshire is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Warwickshire
Distrikt Rugby
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

63 842
Koordinatar 52°22′″N 1°16′″WKoordinatar: 52°22′″N 1°16′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer CV21, CV22, CV23
Telefon-retningsnummer 01788
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rugby i Warwickshire

Rugby er ein by i Warwickshire i England. Han ligg ved elva Avon, og er administrasjonssenter for distriktet Rugby. Byen er omtrent 24 km austom Coventry, nær grensa til Northamptonshire og Leicestershire.

Slik han framstår i dag består byen av den opphavlege Rugby og fleire landsbyar som har vorte omkransa av og innlema i han: Bilton, Hillmorton, Brownsover, Newbold-on-Avon, og Dunchurch.

Internasjonalt er byen mest kjent som staden idretten rugby oppstod. Legenda fortel at William Webb Ellis fann opp spelet på Rugby School i 1823.

Rugby School er ein privat kostskule og er blant den eldste og mest prestisjefylte skulane i landet. Blant kjende tidlegare elevar finn ein Neville Chamberlain, Lewis Carrol, Matthew Arnold, og Salman Rushdie. Rugby School vart grunnlagt i 1567 av kjøpmannen Lawrence Sheriff som ein gratis skule for gutane i byen men vart så populær at gutar vart sendt til byen frå heile landet for å gå på skulen. Desse måtte bu på skulen og er årsaka til at skulen etter kvart utvikla seg til å bli ein privat kostskole. I 1878 vart Lawrence Sheriff School stifta som ein gratis «grammar» skule, for å oppfylle vilkåra i Lawrence Testamenta til sheriffen. Lawrence Sheriff School står oppførd i Guinness Rekordbok som den skulen som først hadde ein «foreldre-lærer samskipnad».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den tidlege historia til byen er dårleg dokumentert. Restar av utpostar frå jernalderen er funne på begge sidene av elva Avon, men sjølve tettstaden oppstod truleg i saksisk tid. Bynamnet høyrest nordisk ut, men opphavet er omdiskutert. Tettstaden er først nemnt i 1086 i Domesday Book med namnet Rocherberie. Namnet kan difor stamme frå keltisk Droche-brig (Vill ås) eller angelsaksisk Hróceburh (Rooks borg). Vikingpåverknad førde til at namnet etterkvart vart til Rokeby, Rookby, og såg, på 1700-talet, Rugby. På lokaldialekten blir uttalt bynamnet Roogby (norsk uttale: Roggby).

Byen fekk i 1255 lov av Kong Henrik III å halde vekentlege marknader. Det eldste (vest) tårnet til St Andrews kyrkje er frå ca 1350 mens kyrkjebygget først er nemnt i 1140. Kyrkja er forresten blant svært få i England med to sett kyrkjeklokker; eit sett i det opphavlege tårnet og eit i spiren som vart bygd på slutten av 1800-talet då kyrkja vart bygd om i gotisk stil. Ombygginga av kyrkja på 1800-talet var svært omfattande. Berre vesttårnet og nordsida av den opphavlege kyrkja er igjen, innlema i eit kyrkje som er fleire gonger større enn det opphavlege.

Fram til 1700-talet var Rugby ein liten landsby. Fram til 1770 var det færre enn 500 innbyggjarar. Oxfordkanalen kom i 1770 og innan 1835 hadde folkesetnaden vakse til 2 500 menneske. Då den eine jarnbana kom på 1830-talet og den andre på 1840-talet vart det verkeleg fart i veksten til byen. Hundre år etter jarnbanen først kom var innbyggjartalet auka til 40 000 (1931). På 1800-talet var byen eit viktig jernbaneknutepunkt. Charles Dickens skreiv om dette i ei av historiene sine, med det lett gjennomskodelege namnet Mugby Junction. Den eine av jernbanelinjene vart stengt på 1960-talet og er, på sørsida av byen, no eit lite naturreservat. Gode jarnbana- og motorvegsamband til London har medverka til ein vekst i bustadbygging på nordsida av byen sidan 1990-talet. I dag er byen enno ein viktig knutepunkt, men no er det motorvegane M1, M6 og M45 som er viktigast, og nestan omringar byen.

Den første jetmotoren vart konstruert i Rugby. Frank Whittle bygde sin prototype på British Thomson-Houston-fabrikken i april 1937. Han viste seg å vere så uføreseieleg under testing at Whittle vart tvinga til å flytte ut av byen; først til lokale i Brownsover Hall i utkanten av byen, og sidan til Lutterworth i Leicestershire i 1938. Ei annan kjend oppfinning som så dagens ljos i Rugby er holografi, oppfunnen av ungararen Dennis Gabor i 1947.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Rugby har eit livleg uteliv, og stod lenge i Guinness Rekordbok som byen med tettast førekomst av pubar i England. Som mange andre byar i England har fleire av dei tradisjonelle pubane fått konkurranse frå kaffebarar og diskotek. Det har lengje vore ganske gode handlehøve i sentrum, men i seinare år har det òg kome fleire kjøpesenter og ein kino nord for byen. Det blir halde marknadar i sentrum fleire gonger i veka. Likevel er butikkutvalet enno relativt avgrensa for ein by av storleiken til Rugby, noko som delvis skuldast at det er mange som dreg på handletur til Royal Leamington Spa og Coventry der utvalet er langt større, og delvis at folkesetnaden er generelt mindre velståande enn i dei andre byane i Warwickshire (men dette er i ferd med å endre seg pga tilførselen av velståande pendlarar).

Bygningane i sentrum er for det meste frå viktoriansk tid og 1900-talet, men nokre få eldre bygningar er òg verna. St. Andrews kyrkje (slik som ho framstår i dag) og Rugby School var teikna av arkitekten William Butterfield. Fleire bevaringsverdige gamle bygningar vart diverre rivne på 1960-talet (Lawrence Sheriff "Almhouses") og på 1980-talet (Treeiningskyrkja), medan det ironisk nok vart gjort lite skade på byen under den andre verdskrigen, trass for storindustrien og nærleiken til Coventry. Forutan dei ærverdige bygningane til Rugby School er det mest kjende minnesmerket til byen eit klokketårn, som vart oppført i sentrumet til byen på slutten av 1800-talet.

Rugby fotballmuseum, Rugby School museum, og det nye biblioteket-, kunstgalleri- og bymuseumsbygning kan nemnast blant byen sin mest vitja attraksjonar. Bymuseet husar bl.a. ei permanent utstilling med funn frå romarbyen Tripontium som ligg 6 km nord for byen Rugby, langs den gamle romarvegen Watling Street (vegen A45).

Byen har eit multikulturelt preg. Etter andre verdskrigen flytta mange polske flyktningar til byen. I 1950-åra kom eit større mengd innvandrarar frå tidlegare britiske koloniar i Karibien og det indiske subkontinentet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]