Ruud van Nistelrooij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruud van Nistelrooij

Rutgerus Johannes Martinius van Nistelrooij, vanlegvis kalla Ruud van Nistelrooy, (fødd 1. juli 1976) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Oss i Nord-Brabant. Han er særleg kjend for sine prestasjonar som klubbspelar for PSV Eindhoven, Manchester United og Real Madrid.

Nistelrooij var ein framifrå avsluttar med stor fart og god plasseringsevne. Han var uvanleg smidig med god balanse i forhold til høgda (188 cm). Desse siste evnene vart forklart med turntrening i barneåra. Trøyenamnet v. Nistelrooy skal ha sitt opphav i at det ikkje vart plass til heile etternamnet med den bokstavstorleiken Manchester United nytta på spelartrøyene.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Nistelrooij debuterte på senior-nivå for den nederlandske klubben Den Bosch 3. mai 1994 i ein kamp mot ADO Den Haag. I Den Bosch spelte han dei neste tre åra på sentral midtbane. Fyrst i 1996/97-sesongen merka han seg ut, skåra 12 seriemål på 31 kampar. Han vart då flytta opp som midtspiss, ein posisjon han kledde i alle seinare lagoppstillingar. Sesongen etter spelte han på fyrstedivisjons-klubben Heerenveen. Han skåra då 13 seriemål på 31 kampar.

Sommaren 1998, på 22-årsdagen, vart Nistelrooij overført til PSV Eindhoven. I debutsesongen spelte han alle 34 seriekampane og skåra heile 31 mål i serien. I Meisterligaen og UEFA-cupen skåra han seks mål på sju kampar. I den andre sesongen hos PSV Eindhoven stoppa han på 29 seriemål, trass i at han spelte berre 23 kampar. Han pådrog seg ein alvorleg kneskade i ein kamp mot den danske klubben Silkeborg 9. mars 2000 Denne skaden førte til at han ikkje bestod den medisinske testen, etter at den engelske klubben Manchester United i slutten av april det året hadde tilbode ein overgang. Sesongen 2000/01 gjekk han mykje skadd. Trass i dette baud Manchester United han kontrakt på ny, som han underteikna i slutten av april 2001. Nistelrooij fekk med seg to meistermedaljar frå tida i PSV, då klubben vann den nederlandske serien både i 2000 og 2001.

Manchester United[endre | endre wikiteksten]

Ruud van Nistelroij i kamp for Manchester Utd. imot Tottenham Hotspur.

I sin fyrste sesong for Manchester United skåra Nistelrooij 23 ligamål på 32 kampar. Han skåra i åtte ligakampar etter rakes. I meisterligaen vart det ti nettkjenningar. Den neste sesongen, 2002/03, skåra han 25 ligamål (inkludert eitt minneverdig mot Fulham FC, der han mottok ballen på midtstreken) og 12 i meisterligaen. Totalt i sesongen stoppa han på 44 mål i ordinære kampar. For ligavinnaren Manchester United var han den viktigaste spelaren. Nistelrooij starta 2003/04-sesongen med å skåre to mål i begge dei to fyrste ligakampane. Ved sesongslutt stod han med 20 ligamål, seks FA-cupmål og fire mål i meisterligaen. Han mista mykje av ligasesongen 2004/05 grunna skadar, men vart klubbens toppskårar i meisterligaen med åtte mål. I 2005/06-sesongen skåra han jamnt og trutt. Han putta 21 ligamål, og var seriens nest flittigaste målskårar. I ligacup-finalen mot Wigan 26. februar 2006 var han plassert på innbytarbenken. Dette viste seg å vere eit varsku om hans avskjed med Manchester United, ein klubb der han hadde synt seg som lagets mest effektive måljeger nokon sinne.

Gjennom fem år hos Manchester United var Nistelrooij med å vinne ligameisterskapen i 2002, FA-cupen i 2004 og ligacupen 2006. Han spelte 219 kampar for Manchester United, nøyaktig 200 av desse frå start. Med 38 mål er han den Manchester United-spelaren som har skåra flest europacupmål. Totalt skåra han 150 mål. I løpet av tida på Old Trafford skåra han elles berre eitt einaste mål frå utanfor straffefeltet. Ein skarp konflikt med ein annan spelar, Cristiano Ronaldo, skal ha vore grunnen til at han forlet klubben.

Real Madrid mm[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2006 vart Nistelrooij overført til den spanske klubben Real Madrid. Her heldt han fram å vere ein littig målskårar og var sentral då klubben vart seriemeister i 2007, ein prestasjon klubben gjentok sesongen etter. Hausten 2008 vart han alvorleg skadd og makta ikkje å ta tilbake plassen på fyrstelaget då han var skadefri.

Midt i 2009/10-sesongen vart han overført til Hamburger SV. Han spelte halvannan sesong for den tyske klubben, før han avslutta med å spele for Malaga CF i sesongen 2011/12. Han la deretter opp som fotballspelar.

Nistelrooy i forgrunnen, med landslagskompisen Robin van Perise bakom

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Nistelrooij debuterte på det nederlandske landslaget hausten 1998. I året 1999 hadde han tilnærma fast plass på laget, men skåra berre eitt mål. EM 2000 på heimebane gjekk han glipp av, grunna kneskaden han fekk i mars. 2001 vart eit godt år på landslaget, sju mål på like mange kampar. Etter å ha fått lite speletid, kom han i 2003 tilbake og skåra fem mål på åtte landskampar. I 2004 spelte han heile elleve landskampar og sette ballen i mål seks gongar. Eit av måla, eit akrobatisk volleyskot, kom mot Tyskland under EM. Han var sidan fast på landslaget fram til VM 2006, skåra til saman ti landslagsmål i 2005 og 2006. Under VM lukkast han lite, og hamna til sist på innbyttarbenken. Han har sidan skulda landslagssjefen Marco van Basten for å la seg styre av trynefaktoren, og har takka nei til vidare landslagsspel. Nistelrooij har spela 54 landskampar for Nederland, og skåra 28 mål.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]