Saint-Nazaire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saint-Nazaire
Hamna i Saint-Nazaire
Hamna i Saint-Nazaire
Byvåpenet til Saint-Nazaire
Byvåpenet til Saint-Nazaire
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Pays-de-la-Loire
Loire-Atlantique
Geografi
Flatevidd
 - By

46,79 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

65 874
  1 408/km²
Koordinatar 47°16′50″N 02°12′31″WKoordinatar: 47°16′50″N 02°12′31″W
Høgd over havet 6 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.mairie-saintnazaire.fr
Plassering
Saint-Nazaire dot.png

Saint-Nazaire (bretonsk: Sant-Nazer) er ein by og kommune i departementet Loire-Atlantique, der han er sous-préfecture (underhovudstad). Byen har ei stor hamn og ligg ved høgre sida av elvemunningen til Loire nær Atlanterhavet. Saint-Nazaire ligg òg like sør for det nest største myrområdet i Frankrike, «Brière».

Hovudnæringane har i lange tider vore fiske og skipsbygging.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Marinebasen i Saint-Nazaire

I 1930-åra vart den franske passasjerdamparen SS «Normandie» bygd ved skipsverftet i Saint-Nazaire, noko som kravde ein kraftig ombygging og utviding av hamnebassenget. 17. juni 1940 myldra hamna med britiske troppar som prøvde å rømme frå den framrykkande tyske hæren. Om lag 9 000 vart teke om bord troppetransportskipet RMS «Lancastria», som så vart åtaka og søkkt av tyske bombefly og tok med seg ned rundt 4 000 soldatar. Det er den verste ulukka i britisk sjøhistorie, og det største tapet dei britiske styrkane hadde under heile den andre verdskrigen. Winston Churchill forbaud all nyhendedekning av hendinga, som i det store og heile er gløymd i historia. Etter at Frankrike overgav seg til nazistane seinare i juni 1940, vart hamna med ein gong base for den tyske Kriegsmarine, og vart derfor eit mål for allierte operasjonar. Det 9 meter tjukke betongtaket kunne stå imot nesten alle bomber som vart nytta på denne tida (dei britiske bombene Tallboy (1944) og Grand Slam (1945) kunne kanskje klart oppgåva). Basen står der framleis i dag, og er så robust at det vil verte for dyrt å fjerne han.

Tørrdokken som vart bygd for SS «Normandie» var den største av sitt slag som var bygd i Vest-Europa på denne tida. Hamna var den einaste hamna som var stor nok til å handsame dei tyske slagskipa «Bismarck» og «Tirpitz». Dette gjorde hamna strategisk svært viktig for både Aksemaktene og dei Allierte under den andre verdskrigen. Den 28. mars 1942 utførte britiske kommandosoldatar eit tokt mot skipsverftet i Saint-Nazaire med kodenamn Operasjon Chariot. Kommandosoldatane klarte å øydeleggje tørrdokka til Normandie, og hindra tyskarane i å bruke han resten av krigen.

Ubåtane som truga forsyningskonvoiane over Atlanterhavet gjorde Saint-Nazaire til eit konstant mål for allierte luftstyrker. For å minimere sivile dødsfall under bombetokta kom dei Allierte til slutt fram til ein plan for å få evakuert byen. I løpet av tre dagar i 1943 slapp britiske og amerikanske fly ut tusenvis av flygeblad for åtvare innbyggjarane om eit planlagt brannbometokt. Mot slutten av den tredje dagen kom bombetoktet, som brende ned heile byen til grunne. Få mista livet sidan dei fleste hadde tatt åtvaringa på alvor og rømt til landsbygda. Bortsett frå ubåtbasen var Saint-Nazaire forlaten fram til freden i 1945.

Etter D-dagen og frigjeringa av Frankrike i 1944 nekta dei tyske troppane i ubåtbasen i Saint-Nazaire å overgje seg. Det same gjorde tyskarane i basane ved La Rochelle og Brest. Sidan tyskarane no ikkje lenger kunne utføre store ubåtoperasjonar frå desse basane, lét dei allierte styrkane desse vere og fokuserte i staden på invasjonen av Tyskland. Saint-Nazaire og dei to andre tyske «lommene» vart verande under tysk kontroll fram til slutten av krigen.

Byen vart bygd opp att seint på 1940-talet i ein minimalistisk, og noko trist stil, som gjev eit feilaktig inntrykk av det naturskjønne området byen ligg i.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saint-Nazaire

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Perrett, Bryan (2003). For Valour: Victoria Cross and Medal of Honor Battles. Wiedenfeld & Nicolson, London. ISBN 0-297-84662-0
  • Guériff, Fernand. Saint-Nazaire sous l'occupation allemande: le Commando, la Poche. Éditions du Paludier