Salmodikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salmodikon, notar og boge

Salmodikon er eit enkelt strykeinstrument med éin streng, utvikla for å spele koralar på. Det har namn frå gresk psalmos (salme) og ode (song). På siste halvdel av 1800-talet var det mykje brukt som hjelp i songundervisninga i skolen. Til salmodikonet er det utvikla ei eiga siffernoteskrift.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Dei enklaste salmodikona er bygd opp av ei fjøl eller eit brett av grantre med eit gripebrett inndelt med stålkrampar. Over brettet er det spent ein streng som på høgre side er festa i ein stift og på venstre side er snodd om ein skruve.

På gripebrettet skil ein halv tone mellom kvart intervall. C-durskalaen er skriven med siffer på salmodikonet slik at C=1, D=2 osv. Til slike salmodikon høyrer 4 lause lister (tabellar) som ein kan leggje oppå salmodikonet, kvar list har fire talrekker som alle representerer kvar sin skala.

På bygdesamlinga i gamle Tjøtta skole er det to salmodikon, det enklaste utan ressonanskasse, med strengen spent på ei lang fjøl.

Utforminga kan variere, men til vanleg vil det under fjøla med gripebrettet vere ein tynn resonanskasse. Dersom instrumentet er bygd utan resonanskasse, må underlaget gje gjenklang for tonane.

Strengen, som opphavleg var laga av sauetarm, er på venstre side spent over ein sadel som løfter strengen opp over stålkrampane, og på høgre side over ein stol som løfter strengen og som kan flyttast til høgre eller venstre når ein skal stemme salmodikonet. I utgangspunktet står stolen slik at avstanden frå sadelen til stolen er det doble av lengda på dei tolv første intervalla på gripebrettet.

Eit alminneleg sopran- eller eit altsalmodikon vil vere knapt 90 cm langt (ein alen 19 tommar), medan eit tenor- eller eit bassalmodikon vil vere vel 110 cm langt. Gripebrettet på eit slikt sopran- eller altsalmodikon vil rekke over 27-28 halvtonar, eller to oktavar og ein ters, frå G til A², medan tenor- og bassalmodikonet rekk over 21 halvtonar (ein oktav og ein sekst).

Eit salmodikon kan vidare ha ein stemmenagle som gir tonen instrumentet skal stemmast etter.

Det er òg laga salmodikon med fleire strengar samt resonansstrengar.

Salmodikonnotar etter Lindeman: Coral-Melodier for Psalmodicon i siffertoneskrift til salmen «Vor Gud han er saa fast en Borg»

Stemming[endre | endre wikiteksten]

På gripebrettet følgjer toneinndelinga ein likesvevande temperert skala. Med stemmenaglen, ein stemmegaffel eller eit anna instrument slår ein tonen A, som svarer til siffernoten 6 på salmodikonet, tonen C som svarer til siffernoten 1 eller G som svarer til 5.

Strengen vert stramma med stemmeskruven. Etterpå kan ein flytte stolen litt mot høgre om dei øvste intervalla er for høge, litt til venstre om dei er for låge.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Salmodikonspel

Salmodikonet vart introdusert i Danmark av læraren J.W. Bruun i 1823. Instrumentet vann ikkje stor utbreiing i Danmark, og forsvann ut av skolen alt ved midten av 1800-talet. Derimot fekk det stor utbreiing i Sverige, der Johan Dillner utvikla instrumentet på 1820-talet. Instrumentet vart nytta i den svenske skolen opp i det 20. hundreåret. [1] I Noreg vart salmodikonet lansert av Lars Roverud.

Dillner og Roverud forandra den danske modellen på vesentlege punkt. Dei sette på tverrband for kvart halvtonetrinn, og dei utvikla ei siffernoteskrift for salmodikon slik at seksten ulike skalaer kunne skrivast med tal på fire lister. Slik kunne folk utan stor notekunnskap lære seg å spele melodiar i ulike toneartar.

I 1830-åra reiste Roverud omkring i Noreg og underviste i salmodikonspel. Salmodikonspel vart obligatorisk fag ved alle lærarseminara i landet. Salmodikonet gjorde det mogleg å lære skolebarna å synge salmane med melodiar slik dei stod i koralboka. Frå 1870-åra vart salmodikonet gradvis fortrengt av orgelharmoniumet.

Salmodikonet fann utbreiing i Noreg, Sverige, Finland, Estland og Litauen. Utvandrarar brakte instrumentet til USA, og det har enno ein plass i amerikansk folkemusik.

Salmodikonet har fått utnamn som salmedonk og donk.

I 1985 vart «Nordiska Psalmodikonförbundet» grunnlagt. I samband med tiårsjubileet vart det opna eit Dillner-museum med meir enn 40 psalmodikon i Östervåla i Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. juli 2007, henta 19. september 2008 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]