Mílos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mílos
Lokalt namn: Μήλος
Fiskelandsbyen Klíma på Mílos
Fiskelandsbyen Klíma på Mílos
Geografi
2011 Dimos Milou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°44′N 24°25′EKoordinatar: 36°44′N 24°25′E
Øygruppe Kykladane
Areal 160,1 km²
Høgaste punkt Profitis Elias (748 moh.)
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Mílos
Største busetnad Mílos (749 innb.)
Demografi
Folketal 4 977 (2001)
Folketettleik 16 /km²

Mílos (gresk Μήλος) er ei vulkansk øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho vart tidlegare kalla Melos og før det athenske folkemordet i 416 fvt. Malos.

Mílos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Mílos i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Mílos er hovudstad i periferieininga.

Øya er kjend for statuen Venus de Milo (som står i Louvre) og statuane av Asklepios, som i dag står i British Museum, og Poseidon og ein gamal Apollon i Aten.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øyane Mílos, Kímolos (i nord), Polýegos (i aust) og Andímilos (i vest).

Mílos er den sørvestlegaste øya i Kykladane og ligg 120 km aust frå kysten av Lakonía. Frå aust til vest måler ho 23 km, frå nord til sør 13 km. Ho har eit areal på 160 km². Store delar av øya er kupert og åslendt og det høgaste punktet er fjellet Profítis Ilías med 748 moh, som ligg i vest. Øya har vulkansk opphav og har bergartar som tuff, trakytt og obsidian. Den naturlege hamna er gropa i krateret og har eit djup på 50 til 130 meter. Krateret delar øya i to delar med eit eid som berre er 18 km breitt. I ei av grottene på sørsida av øya er varmen frå vulkanen framleis stor og på austsida av øya finn ein varme svovelhaldige kjelder.

Andímilos eller Antimelos ligg 20 km nordvest for Mílos og er øy utan folk som ofte vert kalla Erimómilos (Ørkenmilos). Kímolos ligg 1,5 km mot nordaust og var i antikken kjend for fiken. Polýegos ligg 2 km søraust for Kímolos igjen.

Landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Hamnelandsbyen heiter Adámas, og ovanfor hamna ligg eit platå der hovudbyen Pláka ligg. Den antikke byen Mílos låg nærare hamna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til Mílos mellom Hellas og Kreta, og på grunn av dei store mengdene obsidian, gjorde henne til eit viktig senter for den tidlege egeiske siviliasjonen. Ved staden Fylakopi frå bronsealderen på nordaustkysten har ein funne ein bymur og eit palass av den minoiske siviliasjonen, i tillegg til nokre fresker.

Antikvitetane vart funne frå tre forskjellige periodar som alle var før den mykenske tidsperioden i Hellas. Mykje keramikk vart funne, mellom anna med utradisjonell utforming og blomsterdekor.

I antikken var øya først okkupert av dorianarar frå Lakonía. På 500-talet fvt. produserte vart det igjen produsert usedvanlege vasar med stor storleik og mytologisk og orientalisert dekor.

Sjølv om Mílos sende hjelp til den greske flåten ved Salamína vart ho ikkje med i Det athenske sjøforbundet og prøvde å halde seg nøytrale i peloponnesarkrigen. I 415 fvt. gjekk derimot athenarane til åtak på øya og tvinga innbyggjarane til å overgje seg, slakta ned alle menn som kunne bere våpen og gjorde slavar av kvinner og born. Deretter sette dei i land 500 athenske kolonistar. Lysander erobra øya tilbake for dei doriske innbyggjarane, men ho klarte aldri å få tilbake sin tidlegare velstand.

Det var mange jødiske busetnadar på Milos på byrjinga av den kristne tida og kristendomen vart innført tidleg. Under perioden med Det latinske riket vart øya ein del av Hertugdømmet Náxos, bortsett frå eit par år(1341-1383) då ho var under eit anna herskap under Marco Sanudo og dottera hans. I dag har øya om lag 5 000 innbyggjarar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Milos frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • I.F. Stone, 1988, The trial of Socrates, Anthos.
  • Cambridge Ancient History, Vol.II, 1924, New York, MacMillan
  • Colin Renfrew & Malcolm Wagstaff, 1982, An Island Polity, the Archaeology of Exploitation in Melos, Cambridge, Cambridge University Press.
  • Colin Renfrew, 1985, The Archaeology of Cult, the Sanctuary at Phylakopi, London, British School at Athens and Thames & Hudson.
  • Leycester, «The Volcanic Group of Milo, Anti-Milo, &c.,» in Jour. Roy. Geog. Soc. (1852).
  • Joseph Pitton de Tournefort, Voyage.
  • Leake, Northern Greece, iii.
  • Prokesch von Osten, Denkwiirdigkeiten, &c.
  • Bursian, Geog. von Griechenland, ii.; Journ. Hell. Stud, xvi., xviL, xviii., Excavations at Phylakopi; Inscr. grace, xii. iii. 197 sqq.;


Kykladane

Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Járos • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi