Savalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Savalen
Savalen - Savalen med Tronfjellet i bakgrunnen
Savalen med Tronfjellet i bakgrunnen
Stad Tynset, Alvdal (Hedmark)
Koordinatar 62°14′28″N 10°28′56″EKoordinatar: 62°14′28″N 10°28′56″E
Overflateareal 15,37 km²
Kystlengd1 47,9 km
Høgd over havet 707 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Savalen er ein innsjø som ligg i kommunane Tynset og Alvdal i Hedmark, og ei grend ved den same sjøen.

Savalen er eit av dei største rekreasjonsområda i distriktet. Savalen Fjellhotell ligg i den nordaustlege enden av sjøen. Kunstisbanen i nærleiken av hotellet er kjent for å ha rask skeiseis, og det er sett verdsrekordar og fleire noregsrekordar her, mellom anna av Frode Rønning, Jan Egil Storholt, Rolf Falk-Larssen og Johann Olav Koss. Det er òg eit alpinanlegg i området med to skiheisar, samt skistadion og rulleskiløype.

Arne Garborg budde på østerdalsstua Kolbotnen ved Savalen frå året før han gifta seg med Hulda i 1887, til sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg sin skulegong gjorde at dei i 1896 flytta til Stokke i Vestfold. Brevsamlinga Kolbotnbrev, som kom ut i 1890, er frå denne tida.