SeaDrill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seadrill Ltd.
Skipa 2005
Type Limited Corporation
Land Noreg / Bermuda
Hovudkontor Stavanger
Bransje Petroleum
Produkt Boreriggar
Tilsette 7 000[1] (2008)
Omsetnad US $2,186 mrd[2] (2008)
Resultat US $197 mill[2] (2008)
SeaDrill West Epsilon ved Rosenberg Verft i 2009
Foto: Lars Christopher Nøttaasen

SeaDrill (OSE: SDRL) er eit føretak eigd av skipsreiaren John Fredriksen. Selskapet er registrert på Bermuda.

Soge[endre | endre wikiteksten]

SeaDrill vart oppretta i 2005 for å driva Frediksen si satsing på flytande oljeriggar. Til å byrje med hadde føretaket tre eldre jekk-opp boreriggar og ein opsjon på å kjøpe to flytande produksjonsskip frå Fredriksen-føretaket Aktiv Kapital. I mai 2005 kjøpte SeaDrill 32,5% av aksjane i det indonesiske rigg-føretaket PT Apexindo for US $ 45,9 mill. I juni 2005 kjøpte SeaDrill føretaket Odfjell Invest for 1,36 mrd kroner frå Odjfell-familien. I same månad prøvde SeaDrill også å kjøpe Petrojack. Tilbodet vart endå avvist som for lågt, og SeaDrill enda med å selje aksjeposten på 7%. Vidare i juni gjorde morføretaket til SeaDrill, Seatankers Management Co. Ltd., ei EPC-avtale med SembCorp sitt Jurong-verft om levering av to F&G ExD riggar i 2008. Avtala hadde ein verdi på US $ 780 millionar; den største nybyggingsavtala for verftet nokon sinne.[3] Før jula 2005 kjøpte amerikanske Noble Drilling seg opp til 39,5% av aksjane i Smedvig ASA, og ein venta at dei kunne gje bod på heile føretaket. Kort tid etter kjøpte SeaDrill nok aksjar til å kunne blokkere eit oppkjøp. Seint i januar 2006, vart det kjend at SeaDrill hadde kjøpt meir enn halvdelen av aksjane i Smedvig ASA, og slik fekk kontroll over føretaket. Smedvig vart verdsett til NOK 15 milliardar. SeaDrill kjøpte i laupet av våren 2006 resten av aksjane i Smedvig, og 1. juni 2006 vart selskapa fusjonert under namnet SeaDrill. I februar 2006 kjøpte SeaDrill også Mosvold Drilling for 2,5 mrd kroner. Styret meinte prisen var for låg, men SeaDrill klarte å kjøpe meir enn 50% av aksjane, kasta styret og bydde på heile føretaket. Med Mosvold Drilling følgte det to inngåtte avtalar om bygging av 6. generasjons Samsung S10000E boreskip hjå SHI, med ein opsjon på eit tredje.

Gjennom oppkjøpet av Smedvig fekk SeaDrill også ein 50% del av Eastern Drilling. Gjennom bruk av særskilte TRS-avtalar med meklarhuset Pareto gjekk eigardelen til SeaDrill, i følgje Oslo Børs, over grensa som gjev plikt til å gje bod på heile føretaket. Dette pliktige tilbodet gjekk føre eit frivillig bod frå SeaDrill på 92 kr per aksje i september 2006, eit bod som også vart avvist av styret som for lågt. Oslo Børs vann fram, og SeaDrill vart tvungne til å tilby minoritetsaksjonærane 135 kr per aksje i april 2007, noko som verdsette føretaket til ca 5,2 mrd kroner. Eit seinare skadebotssøksmål på 850 millionar kr frå SeaDrill mot Oslo Børs førte ikkje fram. Med oppkjøpet av Eastern Drilling tok SeaDrill over avtalar om levering av to nøkkelferdige halvt-nedsøkkbare boreriggar av typen Moss CS50 MkII-DP frå Samsung Heavy Industries (seinare døypt som West Eminence og West Phoenix). Frå før hadde SeaDrill ei avtale med Eastern Drilling om marknadsføring, byggetilsyn og drift av riggane.

Oljelekkasje frå SeaDrill jekk-opp riggen West Atlas utanfor Australia, 28. august 2009
Foto: Chris Twomey

I oktober 2007 selde SeaDrill sine 32,5% i PT Apexindo for ca. US $ 220 mill, med ein vinst på om lag US $ 150 mill. Den 13. desember kjøpte Aker Capital (eit heileigd dotterføretak av Aker ASA) seg opp til meir enn 40% i Aker Drilling, noko som utløyste krav om bod på alle aksjane. Dagen etter tilbaud SeaDrill 40,50 kroner aksja i Aker Drilling under føresetnad av å få gjere ein finansiell gjennomgang av føretaket og at dei fekk 90% tilslutning frå aksjonærane. Hovudaksjonæren, Aker Capital hadde då kjøpt ca 45% av aksjane, og godtok ikkje tilbodet. Styret i Aker Drilling nekta vidare SeaDrill å gjere ein finansiell gjennomgang (due dilligence), og SeaDrill selde seg heilt ut att. Aker Capital gav så eit vellukka bud på 39 kr per aksje, og tok selskapet av børs.

I april 2008 varsla SeaDrill at dei hadde kjøpt 9,9% av det konkurrerande amerikanske riggføretaket Pride. Kort tid etter varsla styret i Pride at dei gjennomførte ei finansiell giftpille - der eit oppkjøp på meir enn 10% av aksjane opna for ein retta emisjon mot dei andre aksjonærane, noko som evt. ville vatne ut SeaDrill sin del av føretaket.

Riggar[endre | endre wikiteksten]

Per 27. august 2009 har Seadrill dei følgjande riggane:

Namn Type Design Maks vassdjupn Maks boredjupn Levert Verft Oppdragsstad Klient Oppdragsstart Oppdragsslutt Dagrate US$ Førre dagrate US$
West Alpha Halvt-nedsøkkbar Moss CS30 Ultra Yatzy 600 m 7000 m 1986 NKK Noreg Konsortium Mai 2009 April 2012 479 000 473 000
West Aquarius Halvt-nedsøkkbar GVA 7500 3000 m 10 000 m 4. kv. 2008 DSME Indonesia ExxonMobil Februar 2009 Februar 2013 529 500 Første oppdrag
West Capricorn Halvt-nedsøkkbar Friede & Goldman ExD 3050 m 11 400 m 4. kv. 2011 SembCorp Singapore Under bygging Ingen kontrakt
West Eminence Halvt-nedsøkkbar Moss CS50 MkII-DP 3000 m 9000+ m 1. kv. 2009 Samsung Brasil Petrobras Juni 2009 Juni 2015 613 000 599 000
West Hercules Halvt-nedsøkkbar GVA 7500 3000 m 10 000 m 2. kv. 2008 DSME Kina Husky November 2008 November 2011 531 000 541 000
West Orion Halvt-nedsøkkbar Friede & Goldman ExD 3050 m 11 400 m 2. kv. 2010 SembCorp Brasil Petrobras Juli 2010 Juli 2016 613 000 599 000
West Phoenix Halvt-nedsøkkbar Moss CS50 MkII-DP 3000 m 9000+ m 2008 Samsung Noreg Total Januar 2009 Januar 2012 513 000 495 000
West Sirius Halvt-nedsøkkbar Friede & Goldman ExD 3050 m 11 400 m 2. kv. 2008 SembCorp Mexicogolfen Devon Juli 2008 Juli 2014 473 000 Første oppdrag
West Taurus Halvt-nedsøkkbar Friede & Goldman ExD 3050 m 11 400 m 4. kv. 2008 SembCorp Brasil Petrobras Februar 2009 Februar 2015 644 000 629 000
West Venture Halvt-nedsøkkbar Moss CS45 DP 1800 m 9000+ m 2000 Hitachi Noreg Statoil Februar 2000 Juli 2010 258 000 248 000
West Capella Boreskip Samsung S10000E 3050 m 11 430 m 4. kv. 2008 Samsung Nigeria Total Mars 2009 Mars 2014 546 000 Første oppdrag
West Gemini Boreskip Samsung S10000E 3050 m 11 430 m Medio 2010 Samsung Sør-Korea Under bygging Ingen kontrakt
West Navigator Boreskip DP Drillship 2500 m 9000+ m 2000 Samsung Noreg Shell Januar 2009 Desember 2012 578 000 560 000
West Polaris Boreskip Samsung S10000E 3050 m 11 430 m 2. kv. 2008 Samsung Brasil ExxonMobil Oktober 2008 Oktober 2011 559 000
West Ariel Jekk-opp KFELS 'B' Klasse 122 m 9144 m 2. kv. 2008 Keppel FELS Vietnam VSP August 2009 Oktober 2010 142 000 187 000
West Atlas Jekk-opp KFELS 'B' Klasse 122 m 9144 m 3. kv. 2007 Keppel FELS Australia Coogee Resources Februar 2009 Oktober 2009 255 000 316 000
West Callisto Jekk-opp KFELS 'B' Klasse 122 m 9144 m Juli 2010 Keppel FELS Singapore Under bygging Innvilga betalingsutsetting Utan kontrakt
West Elara Jekk-opp 122 m 9144 m 4. kv. 2010 SembCorp PPL Singapore Under bygging Avbestillingsopsjon Utan kontrakt
West Epsilon Jekk-opp MSC CJ62 S120 120 m 9100 m 1993 Keppel FELS Noreg Statoil Oktober 2006 Desember 2010 316 000 147 500
West Janus Jekk-opp Gusto 100 m 6500 m 1985 Rauma-Repola Malaysia PCPPOC August 2008 Juli 2011 149 500 185 000
West Juno Jekk-opp KFELS 'B' Klasse 122 m 9144 m 4. kv. 2010 Keppel FELS Singapore Under bygging Innvilga betalingsutsetting Utan kontrakt
West Larissa Jekk-opp MSC CJ-50 91 m 6500 m 1984 Keppel FELS Vietnam VietsoPetro Mars 2009 Desember 2009 126 000 183 500
West Leda Jekk-opp 122 m 9144 m 1. kv. 2010 SembCorp PPL Singapore Under bygging Utan kontrakt
West Prospero Jekk-opp KFELS 'B' Klasse 122 m 9144 m Juni 2007 Keppel FELS Batam-øya, Indonesia Korttids-opplag
West Triton Jekk-opp Baker Marine-375 Pacific Class 114 m 9144 m Juni 2007 SembCorp PPL Australia PTTEP Australia August 2009 Oktober 2009 175 000 Opplag
West Alliance Semi Tender Keppel 2000 m 9144 m 2001 Keppel FELS Malaysia Shell 95 000
West Berani Semi Tender Keppel 2000 m 9144 m 2006 Keppel FELS Indonesia ConocoPhilips 165 000
West Berani III Semi Tender Keppel 2000 m 9144 m 1. kv. 2011 Keppel FELS Singapore Under bygging
West Menang Semi Tender Keppel 2000 m 9144 m 1999 Keppel FELS Republikken Kongo Total 127 000
West Pelaut Semi Tender Keppel 2000 m 9144 m 1994 Keppel FELS Brunei Shell 140 000
West Setia Semi Tender Keppel 2000 m 9144 m 2004 Keppel FELS Angola Chevron 163 000
West Vencedor Semi Tender Keppel 2000 m 9144 m 1. kv. 2010 Keppel FELS Chevron 200 000
T3 Tender Rig Robray 122 m 6096 m 1980 Robin Shipyard Thailand PTT 83 000
T4 Tender Rig Robray 122 m 6096 m 1981 Robin Shipyard Thailand Chevron 101 000
T6 Tender Rig Robray 122 m 6096 m 1982 Robin Shipyard Thailand Carigali 101 000
T7 Tender Rig Robray 122 m 6096 m 1983 Robin Shipyard Thailand Chevron 58 000
T8 Tender Rig Smedvig Super Class 122 m 6096 m 1982 Marathon LeTourneau Republic of Congo Total 125 000
T9 Tender Rig Smedvig Super Class 2000 m 9144 m 2004 MSE Malaysia ExxonMobil 115 000
T10 Tender Rig Smedvig Improved Super Class 2000 m 9144 m 2007 MMHE Thailandgolfen CarigaliHess 86 000
T11 Tender Rig Seadrill Improved Super Class 2000 m 9144 m 2009 MMHE Thailand Chevron 134 000
T12 Tender Rig Seadrill Improved Super Class 2000 m 9144 m 1. kv. 2010 MMHE Malaysia Under bygging
Teknik Berkat Tender Rig Super Class 152 m 6096 m 1990 Robin Shipyard Malaysia PetronasCarigali 121 000

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Noter[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]