Selburosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kommunevåpenet for Selbu kommune viser tre svarte selburoser på grå eller sølvfarga botn.

Selburosa eller selbumønster er eit ornament forma som ei stjerne eller rosett med åtte spisse blad, og som tradisjonelt har vore brukt i mønsterstrikkeplagg frå Selbu i Sør-Trøndelag. Selburoser finst i ulike former, mønsterkombinasjonar og fargar, men oftast som svarte figurar på kvit botn. Plagg med med dette rosemønsteret kan kallast selbuvottar, selbugenser, selbustrømper og så vidare.

Historikk og bruk[endre | endre wikiteksten]

Marit Guldsetbrua Emstad (fødd 1841) frå Selbu skal ha vore den første som leverte vottar med selburoser til Husfliden i Trondheim, i 1897. Ho kan ha henta inspirasjon frå eldre strikkeoppskrifter, treskurd og annan husflid. Liknande mønster finst òg i gamle mønsterbøker frå Italia, Frankrike, Sveits og Tyskland på 1500-1700-talet. [1]

Kommunevåpenet for Selbu kommune, som vart godkjent i 1991, viser tre selburoser, definert som 24 spisse, svarte spissruter samla i tre rosettar, to over ein mot sølvbakgrunn.

Selburosa er truleg det meste brukte strikkemønstret i Noreg. Mønsteret er òg brukt utanfor grensene til landet som symbol på Noreg og norsk folkekunst. Selburose kan i engelsk strikketerminologi òg blir kalla Selbu star og Norwegian star. Den nye stjernelogoen til olje- og gasselskapet Statoil kan minne om ei selburose. [2] Òg Den Norske Husfliden har ein fargerik selburose som merke.

Rett- og vrangsida på en lusekofte med selburoser i svart på kvitt
Lusekofteliknande genser med strikka selbumønster og metallspenner i halssplitten
Detalj av strikkemønster med selburose

Referansar[endre | endre wikiteksten]