Statoil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå StatoilHydro)
Gå til: navigering, søk
Statoil ASA
Skipa 18. september 1972
Type Allmenaksjeføretak
Hovudkontor Noreg Stavanger, Noreg
Bransje Energi
Produkt Olje, gass og raffinerte produkt
Adm. dir. Helge Lund
Styreleiar Svein Rennemo (fungerande)
Tilsette 29 500 ()
Omsetnad 650 mrd NOK[1] ()
Nettstad www.statoil.com
Den gamle logoen til Statoil på bensinstasjon i Estland

Statoil ASA (OSE: STL) er eit børsnotert oljeselskap med den norske staten som hovudeigar. Statoil har i fyrste rekkje aktivitet på norsk kontinentalsokkel i Nordsjøen. Det er eit integrert oljeselskap, med verksemd knytt til så vel oljeboring som sal av petroleumsprodukt. Hovudkvarteret ligg på Forus utanfor Stavanger sentrum. Selskapet er det største firmaet i Noreg, målt etter omsetnad. Helge Lund er konsernsjef i Statoil (frå 15. august 2004). Den 1. oktober 2007 vart Statoil fusjonert med Norsk Hydro si avdeling for petroleumsverksemd. Det samla føretaket fekk namnet StatoilHydro. Helge Lund var fralmeis konsernsjef, medan Eivind Reiten frå Norsk Hydro vart styreformann. Reiten gjekk etter kort tid av som styreformann, og Marit Arnstad tok over. I 2009 vart namnet endra til Statoil igjen.

Ved fusjoneringa i 2007 hadde selskapet 31 000 tilsette i 40 land.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Den norske stats oljeselskap A/S Statoil (1972 - 2001) vart oppretta ved eit samrøystes vedtak i Stortinget den 14. juni 1972. Den politiske motivasjonen bak vedtaket var ynskje om norsk deltaking i oljeutvinninga frå starten av, gjennom eit statsselskap. Ein såg det som sentralt å byggja opp kompetanse kunne danna grunnlag for ein nasjonal oljeindustri. Frå føremålsparagrafen til statsoljeselskapet: Statoil skal selv, eller gjennom andre selskap, «drive undersøkelser etter og utvinning, transport, foredling og markedsføring av petroleum og avledede produkter.»

Så tidleg som i 1973 starta selskapet arbeid for å sikra seg petrokjemisk industri. Etter lobbyverksemd og oppkjøp sat Statoil i 1980 som heileigar av Rafnes-anlegget i Bamble kommune, i tillegg til delt eigarskap saman med Norsk Hydro i Mongstad-raffinerietMongstad. Norsk Hydro selde sin eigardel til Statoil. Statoil satsa sterkt på oppgradering av oljeraffineriet. Prosjektet enda med meir enn 100 % overskriding eller om lag 6 milliardar i ekstrarekning til staten.

Etter dette stod Statoil ansvarleg for fleire utbyggingsprosjekt. Dei største prosjekta var offshore produksjonsanlegg på Gullfaksfeltet, Sleipnerfeltet og Åsgardfeltet.

I første fase av Sleipner-utbygginga sokk den første plattforma til botnar og vart skrota. Åsgard-ubygginga gav kring 18-20 milliardar kroner i kostnadssprekk.

År 2001 markerte eit skilje i norsk oljeindustripolitikk då staten delprivatiserte Statoil med eit sal av om lag 18 % av aksjekapitalen.

Statoil ASA vart namnet på det nye delprivatiserte, norskregistrerte olje- og gasselskapet. Statoil ASA fekk nokre skandaleoppslag, til dømes ei korrupsjonssak i Iran.

I 2007 vart Statoil fusjonert med Norsk Hydro og tok namnet StatoilHydro, før det skifta attende til Statoil frå og med 1. november 2009. [2]

Verksemda for drivstoff og detaljhandel blei skilt ut i eit nytt selskap Statoil Fuel & Retail og børsnotert frå 22. oktober 2010, der Statoil heldt 54 % av aksjene.[3] Det nye selskapet har rett til å bruke varemerket Statoil og drope-logoen fram til september 2019. I juni 2012 fekk Statoil Fuel & Retail ein ny majoritetseigar ved at det kandadiske Alimentation Couche-Tard kjøpte over 80 % av aksjene, inkludert alle Statoil sine aksjer i selskapet.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Børs24 Aksjekursen til StatoilHydro ved Oslo Børs
  2. Statoil Årsrapport 2009, side 36. Henta 21. oktober 2012
  3. Statoil Årsrapport 2010, side 12. Henta 21. oktober 2012
  4. [http://www.dn.no/energi/article2420214.ece Nå har Statoil solgt bensinstasjonene], 21. oktober 2012, http://www.dn.no/energi/article2420214.ece 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.