Selwyn River/Waikirikiri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Selwyn River/Waikirikiri
Utspring Søralpane
Munning Lake Ellesmere/Te Waihora
Land i nedslagsfelt New Zealand New Zealand
Lengd 80 km


Selwyn River/Waikirikiri renn gjennom Selwyn District i regionen CanterburySørøyaNew Zealand[1].

Elva finn kjeldene sine ved foten til fjellkjeda Søralpane og renn mot aust i 80 km før ho tømmer seg i Lake Ellesmere/Te Waihora, sør for Banks Peninsula. Terraserte klipper ovanfor dei øvste elveløpa har gjeve namn til byen Whitecliffs.

Gjennom et meste av elveløpet renn elva i vide gruskanalar. I tørkeår kan elva forsvinna gjennom elvebotnen og sjå ut til å ha tørka heilt ut. Dette skjer ofte der hovudvegen State Highway 1 kryssar elva ved busetnaden Selwyn, kring 20 kilometer ovanfor utløpet i Lake Ellesmere/Te Waihora.

Ved foten av fjella renn Selwyn heile året. På slettene er elveleiet svært gjennomtrengeleg, og elva renn over ein djup og porøs akvifer. Så snart elva når fram til slettene, tek vatnet til å leka ned i grunnen og inn i akviferen. I dei fleste månadane i året vert alt elvevatnet borte i løpet av 5 km frå der elva forlet foten av fjella. Dei neste 35 km av elva vert verande tørrlagde i det meste av året, bortsett frå ein liten del der Selwyn renn saman med den permanent rennande Hororata River. Om kring 15 km ovanfor Lake Ellesmere/Te Waihora kjem grunnvatnet attende til overflata, og Selwyn vert på nytt synleg.

Elver som vert borte har betydeleg økologisk effekt: Når overflatevatnet i elva vert borte, forsvinn også habitata til mange vassplantar og dyr. Som svar på tap av overflatevatn må virvellause dyr og fisk spreia seg og søkja seg til attverande akvatiske habitat eller døy. Vassplantar, algar og bakteriar må gå inn i kvilestadier eller døy. Dei tørrlagde sentrale delane av Selwyn River dannar også ein betydeleg barriære mot spreiing av virvellause dyr og fisk frå Lake Ellesmere/Te Waihora oppetter elva[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Zealand Place Names Database Selwyn River/Waikirikiri sett 20. november 2011
  2. . Biodiversity in a disappearing river, Mike Scarsbrook, Scott Larned, Graham Fenwick, and Dave Kelly,

Koordinatar: 43°45′S 172°26′E