Lake Ellesmere/Te Waihora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lake Ellesmere/Te Waihora
Lake Ellesmere/Te Waihora - Luftfoto av Lake Ellesmere/Te Waihora
Luftfoto av Lake Ellesmere/Te Waihora
Stad Selwyn District, Christchurch City, Regionen Canterbury
Koordinatar 43°48′S 172°25′EKoordinatar: 43°48′S 172°25′E
Type innsjø Brakkvasslagune
Tilsig Selwyn River/Waikirikiri
Utsig Stillehavet (gjennom sandbanke)
Tilsigsområde Canterbury Plains
Tilknytte land New Zealand New Zealand
Største lengde 30,5 km
Største breidde 14,5 km
Overflateareal 197,81 km²
Største djupne 2,1 m
Høgd over havet 2 m
Lake Ellesmere/Te Waihora på Sørøya på New Zealand.

Lake Ellesmere/Te Waihora ligg i regionen CanterburySørøyaNew Zealand. Innsjøen er i røynda ein brei og grunn lagune som ligg like i vest av halvøya Banks Peninsula, og er skild frå Stillehavet av ein lang og smal sandbanke som heiter Kaitorete Spit, eller meir korrekt Kaitorete Barrier. Han ligg dels i den søraustlege utkanten av Selwyn District og dels i den sørvestlege delen av det tidlegare Banks Peninsula District, som no (sidan 2006) er ein bydel (ward) i byen Christchurch. Sjøen betyr mykje, både historisk og kulturelt, for det innfødde māorifolket, og det tradisjonelle namnet, Te Waihora, tyder «vatn som breier seg utover». Han har offisielt hatt eit tospråkleg namn minst sidan 1938[1].

Geografi og hydrologi[endre | endre wikiteksten]

No er Lake Ellesmere/Te Waihora ein brakkvasslagune. Han dekkjer eit område på 198 km², og er den 5. største innsjøen på New Zealand etter areal[2].

Dette slaget lagunar dannar ei samanbunden kjede av habitat (økologiske faunapassassjer) som strekkjer seg langs austkysten av Sørøya, frå Wairau Lagoon og Lake Grassmere i Marlborough, gjennom Lake Ellesmere/Te Waihora og Coopers Lagoon i Central Canterbury, Washdyke og Wainono Lagoons i South Canterbury, til Waituna Lagoon i Southland[3].

Tilsig[endre | endre wikiteksten]

Nesten all vasstilførsle til Lake Ellesmere/Te Waihora kjem frå grunnvass-systemet som ligg under den grus- og småsteindominerte overflata i Central Canterbury Plains. Grunnvatnet får tilførsle frå to kjelder: Nedbør på slettene og underjordisk tilsig frå elvene Rakaia og Waimakariri Rivers. Unntaket frå dette er i periodar med vedvarande regn, til vanleg om vinteren, då tilsiget til Lake Ellesmere/Te Waihora får eit tillegg av overflatevatn som kjem frå foten av høgdedraga mellom Rakaia Gorge og Darfield. Dette forklarar kvifor Lake Ellesmere/Te Waihora har gjennomgått betydelege økologiske forandingar dei seinare åra etter som bruken av landområda i tilsigsgsfeltet har endra seg. Ein veit lite i detalj om kva som påverkar vannstanden, den interne sirkulasjonen eller sedimenteringa i slike lagunar, men det er kjent at dei er sterkt påverka av humant bruk av omgjevande landområde og tilsigsområde gjennom endringar i dei hydrologiske tilhøva deira, så vel som tilførslene av sediment og kjemikalium.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Lake Ellesmere/Te Waihora er mindre enn 5000 år gammal, har han gått gjennom mange dramatiske endringar i denne korte tidsperoden. Innsjøen oppfører seg dynamisk, og har tidlegare vore opptil dobbelt så djup og dobbelt så stor som han er no, og har gått gjennom fleire fasar inntil han har utvikla seg til den brakkvasslagunen ein ser i dag. I kronologisk rekkjefølgje starta sjøen som ein del av Canterbury plains, som så vart overfløymd og danna ei bukt, deretter eit estuar, og til sist ein innsjø/lagune.

Opphavleg vart Lake Ellesmere/Te Waihora skapt som ei følgje av danninga av Kaitorete Barrier. Kaitorete Barrier vert ofte med urette kalla ei landtunge, ein tange er definert som breiast mot straumen og smalnar av mot enden medstraums. Kaitorete Barrier er smalast i den sørlege enden (mot straumen) og vidast i nord (medstraums). Kaitorete har også landfeste i båe endar (sjølv om det er ganske spinkelt i sør), og kan derfor klassifiserast som ein barriære.

Danninga av Kaitorete Barrier byrja mot slutten av den største utbreiinga av siste istid. For 20 000 år sidan voks dalbreane i Canterbury, og breelvene vaska med seg store mengder sand, grus og silt til kysten. Havnivået i Canterbury var 130 meter lågare enn det er i dag på grunn av istida, og kysten låg så langt som 50 km aust for dagens strandlinje, det vil seia at slettene Canterbury plains var dobbelt så vide som no. Den påfølgjande snøgge hevinga av havnivået fløymde så over det som no er kontinentalsokkelen, og kystlinja vart raskt flytta vestover. For 10 000 år sidan låg kysten i Canterburyområdet der Lake Ellesmere/Te Waihora ligg no. Kysten var då — som no — danna av ustabil sand og grus frå viftene til dei større elvene i området, som til dømes Rakaia og Waimakariri. Havbukta Canterbury Bight var utsett for kraftige bølgjer frå sør. Kombinasjonen av svakt motstandsdyktige massar av sand og grus og sterk påverknad av bølgjer førte til snøgg erosjon av kysten og sterk netto nordleg transport av sand- og grusmassar mot strendene.

Dette fullfører hendingsrekkja som førte til danninga av Lake Ellesmere/Te Waihora; snøgg heving av havnivået med overfløyming av dei delane av slettene som låg nærast havet, rask erosjon av kysten i sør, som endra plasseringa til kystlinja, og som verka til — i tillegg til den direkte tilførsla av sediment frå elvene — ei massiv tilførsle av sjøborne sediment og ein sterk netto bølgjetransport nordover som flytta sedimenta mot Banks Peninsula og skaffa til vege materiala som danna Kaitorete Barrier, som no stengjer inne innsjøen[3].

Dersom utviklinga får halda fram på naturleg måte, vil Lake Ellesmere/Te Waihora på nytt verta omdanna til eit saltvass-estuar i løpet av dei neste få hundreåra.

Kulturverdi[endre | endre wikiteksten]

Lake Ellesmere/Te Waihora har vore ein akta mahinga kai (viktig tradisjonell stad for mat og andre naturessursar) for māorifolket frå gamalt av, og er enno sentralt i livet til mange av māoriane som held til i omådet. Under semja mellom styresmaktene og iwien Ngāi Tahu (Ngāi Tahu Claims Settlement 1998), vart eigarskapen av Lake Ellesmere/Te Waihora gjeve attende til Te Rūnanga O Ngāi Tahu, som då kunne hevda sitt rangatiratanga (eigarskap) over denne viktige staden gjennom direkte kontroll med forvaltinga.

Det tradisjonelle namnet på innsjøen var Te Kete Ika o Rākaihautū som tyder «matfatet til Rākaihautū». Tilfanget av mat i Lake Ellesmere/Te Waihora var ein gong rikeleg og omfatta tuna (ål), pātiki (flyndre) og aua (multe). Lake Ellesmere/Te Waihora var ein vidgjeten mahinga manu wai māori (stad for å jakta sjøfuglar). I dag er mykje av rikdomen til Lake Ellesmere/Te Waihora som mahinga kai vorte borte til fordel for jordbruksland. Sjølv om sjøen stadig er ein mahinga kai, har avkastinga frå han vorte betydeleg mindre på grunn av den periodiske tappinga av han for for å vinna inn att land og beite. I tida før Pākehā kom til landet, vart det passa på at vassnivået var optimalt for fuglelivet her, fordi fuglane var viktig kai (mat) for mange menneske. Innsjøen vart tappa berre når vassoverflata gjekk høgare enn den normale maksimumshøgda. Buntar av Kōrari (New Zealand flax) vart dregne over sanden for å laga den første opningen for vatnet ut i havet. Nøye overvaking av nivået til sjøen fann stad i fleire hundre år, og heldt oppe Lake Ellesmere/Te Waihora si rike forsyning av kai.

I 2007 vart det gjennomført ei vurdering av den kulturelle «helsetilstanden» til Lake Ellesmere/Te Waihora i eit samarbeid mellom Ngai og Det newzealandske instituttet for vass- atmosfæreforsking(National Institute of Water and Atmospheric Research) (NIWA). Førebels funn viste at innsjøen, og særleg grad strandsonene framleis var av betydeleg verdi som mahinga kai, trass i berrsynte manglar ved vasskvaliteten og problem med stadeigen vegetasjon. Som eit resultat av denne granskinga vart det identifisert fleire unike tema og indikatorar som handlar om «helsetilstanden» til innsjøen[4].

Rekreasjon[endre | endre wikiteksten]

Sykkel- og turstien Little river rail-trail nær Lake Ellesmere/Te Waihora

Så vel som å vera av stor kulturell verdi for den innfødde folkegruppa, er Lake Ellesmere/Te Waihora også klassifisert som ein viktig nasjonal rekreasjonsstad. Sjøen vert nytta til ei rekkje vass- og landbaserte aktivitetar. Han er utpeika som nasjonalt viktig for sjøfugljakt, og regionalt vert området nytta til fritidsfiske, camping, sykling og vass-sport. Mange av desse aktivitetane er avhengige av eit sunt naturleg økosystem, særleg med tanke på habitat for fisk og vilt. Det er påvist ein nedgang i talet på menneske som deltek i fisking av aure og andre aktivitetar sidan 1996[4].

Tilstanden til sjøen og framtidig handsaming[endre | endre wikiteksten]

I ein rapport om vasskvalitet frå 2010 kom Lake Ellesmere/Te Waihora ut som den nest mest forureina innsjøen på New Zealand med tanke på næringsinnhald og algevekst. Oppblomstring av algar er vanleg om sommaren, og i 2009 var det eit giftig algeutbrot i sjøen[5]. Vidare viser det seg at vatnet i dei fleste sideelvene til innsjøen ofte inneheld meir fækale koliforme bakteriar enn det retningslinjene tilrår.

Resultata for E. coli-verdiar er også dårlege. 42% av dei undersøkte stadane ved innsjøen tilfredsstilte ikkje dei tilrådde nasjonale krava til vasskvalitet. Ingen av stadane oppfylte krava for vasskvalitet ved skaldyrfangst eller for drikkevatn[4]. Der er likevel ein del diskusjonar om korleis den trofiske statusen til Lake Ellesmere/Te Waihora skal definerast. Sjølv om sjøen har eit så høgt næringsinnhald og verdiar for fytoplankton at han kan klassifiserast som hypertrofisk (svært høgt næringsinnhald), viser ikkje sjøen i seg sjølv mange av karakterdraga til ei slik klassifisering. Han er til dømes ikkje utsett for regelmessig alvorleg surstoffmangel, heller ikkje kjem det ofte til oppblomstring av giftige algar eller fiskedød, ulikt andre innsjøar i området som har den same trofiske statusen. I tillegg er han i stand til å oppretthalda rikelege bestandar av fisk og sjøfugl[4].

Verna strandsone på breiddene til Hart Creek, i nedslagsfeltet til Selwyn River i Canterbury

Lake Ellesmere/Te Waihora er ein låglandssjø som ikkje berre får tilførsler frå det heilt nære området, men òg frå det vidare tilsigsfeltet som strekkjer seg tvers gjennom slettelandet til foten av fjella. Kvaliteten på tilførslene til sjøen reflekterar den intense landbruksverksemda kring han, med den auken av næringsstoff og bakterieinnhald ein finn mange stader. Dette har følgjer for mange tilhøve som må handterast. Etter som Lake Ellesmere/Te Waihora er å sterkt påverka av og avhengig av tilførsler frå grunnvasskjelder har ført til at dei lokale styresmaktene i regionen Environment Canterbury har iverksett eit program for å styrkja elver og bekkar i låglandet. Strandsonevern kring sjøen og elvebreiddene vil vera til stor hjelp for å redusera somme av dei forureinande tilførslene til sjøen, som til dømes sediment og fosfor, men det vil trengjast tiltak i heile tilsigsområdet for å redusera tilførslene av nitrat og gi forbetra kvalitet på ferskvasstilførslene til sjøen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «New Zealand Gazetteer of Official Geographic Names». Land Information New Zealand. 2011-09-23. http://www.linz.govt.nz/docs/placenames/nz-gazetteer/gazetteer-new-zealand-names-20100909.pdf. Henta 2011-10-21. 
  2. Hughey, Kenneth; Taylor, Kenneth (2008). Te Waihora / Lake Ellesmere: State of the Lake and Future Management. Christchurch: EOS Ecology. ss. 150. 
  3. 3,0 3,1 Kirk, R.M; Lauder, G.A (2000). «Significant coastal lagoon systems in the South Island, New Zealand : coastal processes and lagoon mouth closure». Science for conservation (Department of Conservation). 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Kenneth Hughey, Kenneth Taylor (2008) Lake Ellesmere / Te Waihora: State of the Lake and Future Management – EOS Ecology, Christchurch.
  5. Verburg, P.; Hamill, K.; Unwin, M.; Abell, J. (August 2010). Lake water quality in New Zealand 2010: Status and trends. Hamilton: National Institute of Water & Atmospheric Research Ltd. 

Litteratur og nettressursar[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]